Kommentar

Flodhesten i Makta heiter Trond Giske

Dersom Trond Giske ikkje skal kome tilbake på Stortinget, må det skje eit mirakel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I nest siste episode av NRK-serien Makta sit Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch i ein stor sal, inne i Frimurerlogen i Trondheim, klare for ein siste TV-duell framfor stortingsvalet i 1981. Utanfor lokalet har fleire observert noko dei påstår er ein flodhest. Nesten heile episoden går med til ei amper ordveksling mellom Gro og Kåre om denne observasjonen. Finst han? Er han farleg? Er folk blitt galne som påstår dei har sett ein flodhest?

Finst flodhestar?

Gro prøver å ta dei som har sett flodhesten på alvor, medan Kåre fnys og meiner det heile er vås. Førstnemnde går analytisk til verks med ønske om å forstå, medan den andre avviser flodhesten kontant: Flodhestar finst ikkje i Norge, punktum.

I ein møtesal på Prinsen Hotell i Trondheim førre helg, kunne vi sjå noko som minna om observasjonane av flodhesten. Partiets lokallagsleiar vart vraka sjølv om ho ikkje var på val.

Det var gjort fleire observasjonar av eit politisk dyr ved namn Trond Giske i kulissene. Finst han? Kva vil han? Kor vil han? Kva øydeleggingar har han gjort? Eller er denne flodhesten partiets store håp?

Som i Makta-episoden er det diametralt ulike oppfatningar mellom oppegåande folk i korleis dei skal tolke observasjonane. Nesten ingen er likegyldige.

Messias eller skitstøvel

Mange av dei som har hatt nærkontakt med Trond Giskes maktbruk er overtydde om hans evne og vilje til å øydelegge partiet. Det var dei som førre helg skulda han for kupp, løgn og manipulasjon.

Mange andre – som dei mange og etter kvart mektige støttespelarane i Nidaros sosialdemokratisk forum – ser ut til å oppfatte han som ein slags politisk Messias.

Det store spørsmålet er derfor: Vil han kome tilbake?

I TV-episoden er det ei uggen stemning inne i Frimurarlogen, der Gro og Kåre blir sittande og vente på grunn av tekniske problem. Ute bles det opp til storm, og vi sjåarar kan høyre vinden som ular. Kvar gong nokon opnar ytterdøra, ser vi regnet bøtte ned noko voldsomt. I dette listige kammerspelet ligg frykta for flodhestens øydeleggande kraft som ei klam hand over karakterane.

På eit tidspunkt blir Gro og Kåre samde om at observasjonane av flodhesten må vere feil. Ingen i Arbeidarpartiet må gjere den tabben.

Slik mange i Ap fryktar konsekvensane av at Trond Giske skal kome tilbake i rikspolitikken. Dei klarar ikkje få auge på kompromiss gode nok til å akseptere returen. Derfor blir kampen og retorikken mot Giske så uforsonleg. Dei meiner han har utøvd makt på ein så uakseptabel måte at det bryt alle politikkens tyngdelover. Her ser vi tydeleg førestillinga om flodhesten som øydelegg.

Kor ille blir det om den kjem inn i varmen, der dei andre sit? Til dømes i Aps stortingsgruppe.

Stoltenberg rei flodhesten

Rykta om Trond Giskes kontroversielle maktgrep gjekk lenge før metoo-sakene såg dagens lys. Vi hugsar alle debatten i etterkant av at Jens Stoltenberg ikkje ville klemme Trond Giske i 2006. Stoltenberg kjende Giske på godt og vondt, og visste kva maktspel han var i stand til å utøve. Derfor var Stoltenberg opptatt av å halde partikollegaen på innsida av regjeringa i alle åra han sjølv var statsminister. Han ville ikkje ha Giske i fri dressur.

Stoltenberg rei flodhesten eller hadde den i band.

Alle som har vore i nærleiken av ein flodhest veit at den er eit mektig dyr. Den kan kome opp i ei vekt på heile fire tonn, som gjer den nesten umogleg å hamle opp med i ein duell mann mot mann. Ein flodhest er noko av det farlegaste du kan møte på. Aller verst er dei kanskje å møte på i studioet til Dagsnytt 18.

Derfor er det ikkje rart at karakteren til Gro Harlem Brundtland blir skremt då ho går på toalettet i den 11. episoden, og plutseleg høyrer buldring og snøfting frå eit rom lenger nede i korridoren. Ho ser ikkje heilt klart kva det er som lagar lyden, men får seg ein støkk.

Er det grunn til å tru at Jonas Gahr Støre vil få same reaksjon ved synet av Trond Giske i korridorane på Stortinget etter valet i 2025?

Alt tyder i alle fall på at Støre må førebu seg på slike treff, på vekeleg basis, om han vil halde fram som Ap-leiar.

Flodhesten som mektig dyr

Slik flodhesten er eit utrydningstruga dyr, har Trond Giske gjort seg til fanebærar for dei tapte sakene til eit falmande sosialdemokrati. Den velskrivne boka Verdt å slåss for er eit nostalgisk og populistisk prosjekt som appellerer til mange tidlegare Ap-veljarar som ønsker seg tilbake til ei anna tid. Trond Giske pustar liv i førestillinga om at Arbeidarpartiet skal ha 30–40 prosent oppslutning. Kloke sosialdemokratar har prøvd å avklare forventingane om at den tid er forbi, men Giske lar dagdraumen leve.

Han gjer seg til eit talerør for trengande, folk på trygd og med dårleg råd. Det er ein kløktig politisk strategi. Han knyt det elegant til sosialdemokratiets røter og ideologi. Det er nok også mange av desse menneska som har gjort det mogleg for Trond Giske å bygge Norges mektigaste partilag i Nidaros, som ser ut til å sikre han nominasjon til Stortinget seinare i år.

På Dagsrevyen mandag kveld vart Giske spurt om det blir mindre bråk framover. Til det svara han: «Nei, eg trur omstilling og fornying er krevjande. (...). Vi kjem til å gå gjennom nokre tøffe rundar, men vi kjem til å kome styrka ut av det». Det er forsiktig sagt om kva stormar som ular utanfor veggane til Aps stortingsgruppe.

Etter valet i 2025 er Trond Giske med all sannsynlegheit tilbake på Stortinget.

På eit tidspunkt blir Gro og Kåre samde om at observasjonane av flodhesten må vere feil.

Ingen i Arbeidarpartiet må gjere den tabben.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar