Kommentar

Derfor har Giske rett

Trond Giske tar eit oppgjer med den tidlegare versjonen av seg sjølv, men ikkje på den måten Jonas Gahr Støre og mange av Giskes fiendar i Ap kanskje hadde håpa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Trond Giskes nye bok Verdt å slåss for er overraskande leseverdig og velskriven. Provoserande leseverdig og velskriven, vil nok mange Ap-folk tenke. Sannsynlegvis heilt inn på Statsministerens kontor.

Drivet i Giskes forteljing om Arbeidarpartiets fall får nesten sidene til å bla seg om av seg sjølv.

Boka – som bygger på den mykje omtalte masteroppgåva Trond Giske har arbeidd med dei siste åra – inneheld ei av dei beste analysane på kvifor ørna i norsk politikk har blitt ein stadig mindre fugl. Hovedtesen handlar om korleis ei grunnleggande motsetning blant veljarane har kløyvd Arbeidarpartiets oppslutning i to.

Nærveljarar og globalveljarar

Motsetninga står mellom det forfattaren David Goodhart kallar somewheres og anywheres. Omgrepa har dei siste åra blitt brukt til å forklare populismens vekst i mange europeiske land. Giske kallar dei høvesvis nærveljarar og globalveljarar. Nærveljarane er tradisjonsbundne, ofte med mindre utdanning og meir oppteken av sine nære omgjevnader. Globalveljarane ser heile verda som sin heim og er mykje meir liberale og opne i si forståing av verda.

Det som står fram er derfor analysen gjort av den angrande godheitstyrannen som no har blitt meir realistisk innstilt til eigne veljarar.

Det er lett å kritisere desse teoriane for å vere for generaliserande. Berre tenk på sauebonden i distriktet som er for norsk EU-medlemskap eller den velutdanna urbanisten som er motstandar av sjølvbestemt abort. Desse brota med arketypane finst. Trass innvendingane har analysen mykje for seg.

Spesielt i spørsmålet om kva verdiar som er viktige for desse veljarane og kvifor er det eit problem for Arbeidarpartiet?

Politikk er meir kjensler enn fornuft

Sosialpsykologien Jonathan Haidt peikar på at verdiar og haldningar først og fremst er styrt av kjensler, og at forholdet mellom fornuft og kjensler er som forholdet mellom ein elefant og elefantens ryttar. Ryttaren er vår bevisste tenking, og elefanten er resten av vår mentale kapasitet, cirka 99 prosent. I særs liten grad kan elefantryttaren påverke kor elefanten går, for det er elefanten som stort sett bestemmer.

Giske oppsummerer dette til at politikk i veldig stor grad er kjensler. Veljarar bestemmer parti mykje meir basert på kjensler enn fornuft. Då hjelper det ikkje at Jonas Gahr Støre er veldig flink til å argumentere. Ingen kan banke fornuft inn i hovudet på ein Ap-veljar som er på veg bort. Det endar i så fall med mindre, ikkje meir, sympati for det gamle moderskipet i partifloraen.

Venstresida har meir å spele på enn i dag

Det er tydeleg at Giske lar seg fascinere av Jonathan Haidts tankeøvingar. Til dømes meiner sosialpsykologien at det er fem oktavar politiske parti kan spele på i møte med veljarane. Kort og veldig komprimert fortald er desse omsorg, rettferd, lojalitet, autoritet og det heilage. Giske omfamnar denne forteljinga.

Venstresida og Arbeidarpartiets problem er at dei stort sett berre treff to av oktavane, medan høgresida har fått nærast monopol til å spele på alle fem. Til dømes som i lojalitet, forstått som patriotisme eller auroritet forstått som ei tøff haldning mot kriminalitet.

Kvifor er det eit problem? Fordi globalveljarane stort sett er opptekne av omsorg og rettferd, medan nærveljarane i større grad lar seg fenge av alle fem oktavane i kombinasjon.

Venstresida må også tøffe seg

Giske argumenterer overtydande i boka for at Arbeidarpartiets hovudproblem knyt seg til det store fallet i oppslutning blant nærveljarane. Slik kan Giskes melodi likne litt den Raudts Mímir Kristjansson har spela i lengre tid, om at venstresida ikkje må overlate tøff politikk til høgresida.

Som Giske skriv: «Historisk stod arbeiderbevegelsen for fellesskap og gruppetilhørighet. Vi tok eierskap til det nasjonale og patriotiske. Vi løftet betydningen av god familiepolitikk og trygge rammer rundt oppvekst og skolegang. Vi kjempet frem rett til selvbestemt abort samtidig som vi beholdt et vern av fostre i slutten av svangerskapet. Vi respekterte folks religiøse ståsted og var Norges største ‘kristelige’ folkeparti. Vi drev ikke med unødvendige markeringer eller marginale symbolkamper som skremte velgerne bort».

Det er her boka er på sitt beste, i Giskes sjølvransakande oppgjer med den politikaren han var før. Han skriv ærleg om korleis han før hadde eit mykje hardare og meir uforsonleg syn på desse nærveljarane han no skriv så varmt om.

Den angrande godheitstyrannen

Det er også her Giske får mest kritikk, for alt han ikkje skriv om. Fleire bokmeldarar har kritisert den falne Ap-kjempen for å utelate sitt eige perspektiv på metoo-sakene som har handla om han. Det er påfallande at boka ikkje nemner den delen av Giskes politiske karriere, ettersom det etter kvart har blitt den mest kjende delen. Samstundes får vi tru Giske på at han vil fortelje meir om desse rundane i seinare bokutgjevingar, slik han faktisk skriv i boka.

Sannsynlegvis ville Giskes analyse blitt endå sterkare om han også tok med si eiga metoo-historie

Fleire stader kjem det likevel fram ei dårleg skjult bitterheit overfor sittande partileiar Jonas Gahr Støre. Det var mannen som langt på veg sette ein strek for Giskes politiske karriere. På overtid meinte fleire i partiet. Giske skildrar det knapt, men ein stad i boka vert prosessen mot han omtalt som ein «niagarafoss» av skit.

Det som står fram er derfor analysen gjort av den angrande godheitstyrannen som no har blitt meir realistisk innstilt til eigne veljarar. Den er fascinerande.

Ville styrka seg med å skrive meir om metoo

Kanskje er det klissete, kanskje er det klamt, kanskje er det ein måte å skrive seg inn i den politiske diskusjonen igjen etter mange år ute i kulden etter metoo. Uansett kva motivasjonen er for å skrive denne boka, er det ikkje mogleg å lese den utan å tenke at analysen treff langt betre enn den havarirapporten Arbeidarpartiet sjølv har utarbeida etter det katastrofale valresultatet i september.

Sannsynlegvis ville Giskes analyse blitt endå sterkare om han også tok med si eiga metoo-historie. Både fordi han lett vil kunne bli kritisert for å sjølv ha bidratt til Aps drastiske fall på meiningsmålingane gjennom sin kamp for comeback. Det er påfallande korleis Ap har falt mykje meir blant kvinnelege veljarar i åra etter metoo, enn blant menn. Partiet har på sitt beste vore Norges fremste kvinneparti. Her manglar Giske ei truverdig forklaring, sjølv om hans påstand er at partiets fall starta lenge før 2017, og det har han nok rett i.

Det interessante med Giskes metoo-saker er at dei også speler rett inn i den konflikten som føregår om korleis vi skal forstå politikk. Det er lett å tenke at mange nærveljarar vil sjå metoo som symbolpolitikk og litt unaudsynt distraksjon, medan mange globalveljarar vil tenke at kampen mot trakassering av kvinner i politikken er ein viktig verdikamp.

Uavhengig av alt dette bør alle sosialdemokratar med kjærleik til partiet lese Giske, med eller utan hendene for nasen.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar