Kommentar

Den dagen vi står utan politiske skandaler, er vi ikkje lenger eit demokrati

Draumen om den skandalefrie politikken er ein utopi eller eit autoritært mareritt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjå for deg følgjande scenario: Ein tilfeldig russisk student finn graverande informasjon om Putins regjering og legg det ut på Twitter/X. Umiddelbart blir studentens avsløring toppsak i alle store aviser og TV-kanalar. Det heile endar med ein av statsrådane må gå av.

Vanskeleg å førestille seg? Fordi det aldri ville ha skjedd. Studenten ville meir sannsynleg ha hamna i ei mørk fengselscelle eller berre «forsvinne».

Blodprøven som viser at alt er bra

Det som skjedde i norsk politikk mot slutten av førre veke – at studenten Kristoffer Rytterager oppdaga og alarmerte på sosiale media om Sandra Borchs juks i si masteroppgåve – er nokså unikt. Det er ikkje mange samfunn i verda der mannen i gata er i stand til å felle statsrådar. Studenten mot statsråden er ei norsk David mot Goliat-forteljing. At den med minst makt skal vinne fram, krev ein så høg offentleg tillit som berre Norge og eit knippe andre samfunn kan vise til.

Sjølvsagt er det pinleg og øydeleggande for Sandra Borch. Men ikkje for det norske demokratiet.

Sannsynlegvis er derfor skandalane med å å styrke tilliten heller enn å sveikke den.

Skandalane er ikkje eit sjukdomsteikn. Dei er blodprøven som viser at alt står bra til med samfunnet vårt.

Kvifor? Fordi i sunne samfunn ser vi feilbarlege menneske som feilar igjen og igjen. Sjølv om menneska er rasjonelle frå naturens side, betyr det ikkje at vi alltid opptrer rasjonelt. I verkelegheita er det som skjer alle stader til alle tider, men der det ikkje blir avslørt eller får konsekvensar, er stader kor feil blir dekka over. Det kan vere korrupsjon, skeive maktforhold eller manglande openheit.

Menneskelege politikarar gjer feil

«Så lenge det er slark i samfunnet, så er det håp», formulerte den tidlegare SV-nestleiaren Bård Vegar Solhjell ein gong frå Stortingets talarstol. Det var nok det beste innlegget som vart halde i kampen mot EUs datalagringsdirektiv i 2011. Den gongen handla debatten om direktivet ville innebere ei masseovervaking. Ville det vere rom for å gjere feil viss styresmaktene skulle overvake all e-postane og SMS-ane dine? Solhjell argumenterte for at det måtte vere rom for slark og feil – fordi det er menneskeleg.

Også fordi slark er teikn på fridom: «Den potetgullposen du ikkje skulle ete, forbikøyringa du ikkje skulle teke, innleveringa du juksa på – eller meir direkte knytt til datalagringsdirektivet – e-posten du ikkje skulle ha sendt, staden du ikkje skulle ha vore ei natt. Fridomen til ikkje å gjere det – eller kanskje til og med å gjere det av og til – er av uvurderleg verdi for det enkelte menneske. Men det er òg av uvurderleg verdi for samfunnet at vi menneske har eit stort frirom, ein integritet, som vi kan utfalde oss i. Det må ikkje berre vere rom for det perfekte livet. Det må òg vere rom for slarket i samfunnet.»

Betyr det at politikarar som er ansvarlege for skandalar må få bli sittande?

Nei, det betyr berre at skandalar vil skje så lenge det er menneske som sit i statsrådsstolane og alle dei andre stolane. I alle fall så lenge dei stolane er plassert innanfor grensene til eit demokratisk samfunn.

Skandalar må få konsekvensar

Hadde vi ikkje sett skandalar om politikarane våre, burde det ha gjort oss bekymra. Eit av dei fremste kjenneteikna på eit autoritært samfunn er at politiske skandalar sjeldan blir nemnt. Endå mindre får dei konsekvensar.

Medan vi ventar på Ingvild Kjerkols avskjedstale til norsk politikk kan vi merke oss dette:

Skandalane er ikkje eit problem for samfunnet vårt, så lenge dei får konsekvensar.

For oss som samfunn er det først og fremst ein styrke at resultata av menneskeleg slark kjem fram i lyset.

Skandalane er kanskje eit problem for menneske som Sandra Borch, Ola Borten Moe, Ingvild Kjerkol og Erna Solberg. Kanskje er dei eit større problem for dei politiske karrierane deira. Eller for Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet.

Menneskeleg slark

Vi skal ikkje undervurdere den politikarforakten som gror i jord ramma av skandalar. Det er sjølvsagt ikkje uproblematisk at skandalane treff oss, gong på gong. Samstundes ser tilliten i det norske samfunnet ut til å vere meir slitesterk. Vi må ikkje krisemaksimere ved å sei at den forsvinn på grunn av politikarar som juksar med reiserekningar, pendlarbustader eller eksamensoppgåver. Det skal meir til enn nokre skandalar for at samfunnslimet i oppløysing.

La oss ikkje bli forvirra til å tru at politikarane sine problem med omdømet sitt, er våre felles problem.

For oss som samfunn er det først og fremst ein styrke at resultata av menneskeleg slark kjem fram i lyset.

Sannsynlegvis er derfor skandalane med å styrke tilliten heller enn å sveikke den.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar