Kommentar

Slik skal han bli meir enn ein mygg i augo på Solberg

Ingen bør bli overraska dersom Miljøpartiet Dei Grøne sit i regjering med Høgre etter neste stortingsval. Likevel kan partiet bety mykje hovudbry for Erna Solberg fram til dess.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Onsdag ettermiddag trekte MDGs sentralstyre støtta til Jonas Gahr Støre som statsministerkandidat ved neste stortingsval. Det var nok ingen på Youngstorget som kjende at grunnen akkurat skaka under beina.

I 2021 var Ap-leiaren miljøpartiets føretrekte statsminister, men framfor stortingsvalet i 2025 ser tolmodet og sympatiane i sosialdemokratisk retning ut til å vere fordufta. MDG vil i 2025 «forhandle med de partiene som gir størst gjennomslag for solidarisk, grønn politikk». Framover skal alle partiets prioriteringar handle om grønt næringsliv og grøn solidaritet. Det er lite som tyder på at partiet vil ende i samarbeid med Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Som partileiar Arild Hermstad sa til NRK etter onsdagens vedtak: «Støre-regjeringen har ikke levert. De deler ut nye oljelisenser og bygger ned natur i fullt tempo».

Ikkje reellt blokkuavhengige

I motsetnad til kva ein skulle tru, var det ikkje nødvendigvis gode nyheiter for Erna Solberg heller.

I seg sjølv er det ikkje oppsiktsvekkande at MDG fram mot neste stortingsval ønsker å stå meir fritt. MDG har lenge tvihalde på ein heimesnikra definisjon av seg sjølv som «blokkuavhengig». Ikkje så mange har trudd dei på denne såkalla uavhengige sentrumsposisjonen, då partiet i stor grad har hamna i raudgrøne samarbeid i kommunane og byane dei har kome til makt.

Denne gongen er mykje annleis enn sist. MDG er etter fjorårets kommuneval i forpliktande relasjonar med Høgre opptil fleire stader rundt om kring i landet. Det viktigaste utstillingsvindauget for denne samarbeidsvarianten finn vi i Trondheim. Det var også interessant å merke seg at MDG i Oslo – etter åtte år med Aps Raymond Johansen som sjef – sa seg villige til å samarbeide med Høgre også der.

I Oslo lukka Høgre døra nokså kontant og umiddelbart. Der ligg Solbergs problem med MDG.

Ikkje lenger eit avhopparparti

Der MDG tidlegare var eit parti av avhopparar – fortrinnsvis frå parti på venstresida – ser partiet no ut til å bli eit parti på stadig sterkare, eigne bein. Vi er i ferd med å få ein generasjon MDG-arar som har partiet som si einaste partitilknyting. Det får også konsekvensar for korleis partiet tenker om samarbeid. Det seier også noko om kor reell «trugselen» om å samarbeide begge vegar er.

MDG på vippen er ikkje utenkeleg i 2025. Partiet kan krone den neste statsministeren.

For ein del Høgre-folk – særleg blant den generasjonen som har vore med sidan 90-talet og som Erna Solberg er ein del av – ser MDG berre ut til å vere ein liten mygg som av og til hamnar i augekroken hennar i partileiardebattane.

Kvifor kan MDGs nyorientering i det politiske landskapet i så fall bety hovudbry for Erna Solberg? Jo, fordi det speler rett inn i den interne debatten i Høgre om kva parti det liberalkonservative partiet skal vere. Det grøne minipartiet er alt anna enn populære overalt i Høgres kjernelandskap. Fleire stader er urbane, syklande og veganske MDG-arar sjølve prototypen på politisk motstandar.

Ein av dei tinga som er i spel der, er kva slags vener Høgre skal ha. Høgre stod støtt i si rolle som borgarleg samlingsparti frå 2013 til 2021. Den alliansen ser no ganske annleis. Det er attåtil før vi puttar småparti som MDG og INP inn i likninga. Det er vanskeleg – om ikkje heilt umogleg – å sjå for seg eit regjeringssamarbeid der både MDG og Frp er med. Høgre må velje.

Høgre og Frp er ikkje dømt til å samarbeide

Det er altfor enkel analyse å tenke at Høgre då automatisk vil velje Frp.

Statsvitaren, høgskulelektoren og den tidlegare SV-politikaren Ketil Raknes skreiv i sitt bidrag til Klimautvalet 2050 i fjor haust at «Høgre vil bli grøne før Ap». Hans analyse er at det er i ferd med å skje eit skifte i syn på oljepolitikk i Høgre. Det skiftet vil skje raskare der, enn i Arbeidarpartiet, fordi sistnemnte har for sterke band til oljeinteresser i LO.

Eit veksande Venstre er også med å skape press om eit grønare Høgre. Det kan gje vatn på mølla til dei i Høgre som ønsker å vurdere MDG på nytt.

I dag er Høgre delt i synet på MDG. For ein del av partiet – særleg blant den generasjonen som har vore med sidan 90-talet og som Erna Solberg er ein del av – ser MDG berre ut til å vere ein liten mygg som av og til hamnar i augekroken hennar i partileiardebattane. Ho har i store delar av sitt politiske liv ikkje trengt å forholde seg til dei grøne idealistane i det vesle partiet.

Meir enn eit mirakel

I Trondheim er sjølvsagt partiet og Høgre-ordførar Kent Ranum fornøgde med å ha fått makt etter tjue år med Arbeidarpartiets Rita Ottervik. MDG var brikka som gjorde det mogleg. No snakkar Høgre-folk i byen til og med entusiastisk om korleis det kan bidra positivt til byutviklinga i trøndarhovudstaden.

Internt i Høgre er det mange med same erfaring som i Trondheim: MDG er eit parti som kan bidra til å sikre makt, og samstundes gje Høgre ein grønare profil. Arild Hermstad gjer seg også lekker for Høgre ved å fortelle om si satsing på grønt næringsliv.

Erna Solberg klarte kunststykket å samle den sprikande borgarlege stauren i 2013 og delvis i 2017. At ho klarar å gjere det same dersom MDG blir ein reell del av den borgarlege miksen, vil vere meir enn eit mirakel.

Derfor kan ho og partiet måtte velje. Det kan bli vanskeleg.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar