Kommentar

Den håpefulle kampen – om andreplassen

Det er langt opp til toppen og lite tid att, men kampen om å vere nestemann på lista når Donald Trump erklærer siger har om ikkje anna blitt skarpare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når amerikansk media omtaler kandidatane i nominasjonskampen til landets høgaste politiske verv, nyttar dei gjerne omgrepet presidential hopefuls. Dei såkalla håpefulle valfartar rundt i landet, særleg i delstatane som er tidleg ute med sine caucus- og primærval, for å forsøkje å byggje opp eit solid fundament av veljarar.

Mais-staten Iowa er først ute, berre to veker ut i 2024, deretter går det slag i slag fram til juni. Då har veljarar i alle landets delstatar og territorier fått seie sitt inn mot partilandsmøtene i juli og august, før sjølve valkampen – demokrat mot republikanar – går gjennom resten av hausten.

Det er førebels lite spenning knytt til nominasjonsvala på demokratisk side. Det er som det brukar å vere når den sitjande presidenten stiller til attval. Trass dårlege målingar og utbreidd skepsis rundt Joe Biden sin høge alder har presidenten ingen seriøse utfordrarar i Det demokratiske partiet.

Håpefulle fell frå

I Det republikanske partiet er har ansamlinga av håpefulle blitt litt mindre dei siste vekene. Tidlegare visepresident Mike Pence, South Carolina-senator Tim Scott og North Dakota-guvernør Doug Burgum har alle kasta inn handduken. Med få unntak er det no berre dei mest seriøse – eller mest hardnakka – utfordrarane som står att.

Mange, meg inkludert, var skråsikre etter mellomvalet for eit drygt år sidan: Tida var inne for Ron DeSantis. Han skulle vekse, Trump skulle avta. Valresultata i Florida tala for seg: Guvernør DeSantis får jobben gjort. Folket elska han, det gav resultat, og slik skulle han også få med seg resten av Det republikanske partiet.

Vi tok feil.

Republikanarar i andre deler av landet fann ikkje like mykje sjarm i Florida-guvernøren med cowboyboots som heimstaten gjorde. DeSantis si ferd oppover meiningsmålingskurvene vart relativt kortvarig.

Sjølv om han framleis er mellom dei best posisjonerte av dei håpefulle, er det allereie nesten trekvart år sidan han jamleg var innan rekkevidde av Donald Trump på snittet av dei nasjonale målingane. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis han kan byggje seg tilbake til gamle høgder.

Gode resultat i dei tidlege nominasjonsvala kan kaste om på heile tabellen

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Framveksande utfordrar

Det er Nikki Haley, som du kunne lese om i gårsdagens Vårt Land, som er på stigande kurs desse dagane. På målingane i dei tidlege delstatane New Hampshire og South Carolina – sistnemnde heimstaten, der ho også har vore guvernør – leier ho klart over dei andre Trump-utfordrarane, og i den viktige førstestaten Iowa ligg ho på tredjeplass, berre eit par prosentpoeng bak DeSantis. Innan rekkevidde.

På dei nasjonale målingane ligg Haley framleis eit stykke bak DeSantis, men eit overraskande godt resultat i nokre av dei tidlege nominasjonsvala kan kaste om på heile tabellen, og difor ligg ho betre an enn målingane tyder på.

Haley trekk først og fremst til seg meir moderate og høgt utdanna republikanske veljarar. Det er ikkje utan grunn at ho er favoritten til mange konservative med fast spalteplass i dei prestisjetunge media: Ho er langt på veg den mest klassiske republikanske kandidaten i feltet som no kjempar om gunst frå veljarane: Konservativ i sosiale spørsmål, men med langt meir merksemd på økonomi og utanrikspolitikk.

Balansekunst

Haley har dei siste åra arbeidd hardt for å posisjonere seg i Det republikanske partiet i sin nye drakt. Ho var Donald Trump sin ambassadør til FN dei første to åra av presidentperioden hans, og har sidan profilert seg som ei passe kritisk røyst til den tidlegare presidenten. Ho har ikkje vore like hard i klypa som medkandidat Chris Christie, men heller ikkje like mild som Mike Pence og andre, som stryk Trump etter håret.

No ser det ut til at balansekunsten kan betale seg. Førre veka fekk ho den formelle støtteerklæringa frå organisasjonen Americans for Prosperity. Med den følgjer eit stort nettverk av politiske aktivistar og frivillige, og tilgang på enorme middel å drive valkamp for. Haley var i tett konkurranse med DeSantis om denne støtteerklæringa, og at den gjekk til Haley kan ha vore enno ein spiker i kista til DeSantis sin valkamp.

Spørsmålet no er om det er meir å byggje på for Nikki Haley, og om ho kan ta til å plukke av dei meir overtydde Trump-tilhengjarane.

Nikki Haley har dei siste åra arbeidd hardt for å posisjonere seg i det nye republikanske partiet.

Elefanten utanfor rommet

Dei som stør Donald Trump er nemleg ikkje så lette å nå for Haley og dei andre håpefulle. Den tidlegare presidenten stiller ikkje opp i dei TV-sende debattane, og arrangerer samstundes valkampmøte som blir strøyma på nett.

Vi må tilbake til august for å finne ei einaste meiningsmåling der Donald Trump har mindre enn 50 prosent oppslutning mellom republikanske veljarar.

Trump er rett og slett så populær mellom dei republikanske veljarane at han kan gå fullstendig utanom partiet sitt opplegg utan å bli straffa for det. Han tek framleis opp det aller meste av oksygenet i det republikanske rommet, utan å vere der. Debattane – og valkampen – blir i beste fall ein kamp mot skuggar. Og, slik det ser ut no, ein kamp om andreplassen.

Ting kan framleis snu. Det er seks veker til caucusvalet i Iowa, og det er ein grunn til at så mange av kandidatane legg inn så mykje innsats nettopp her: Det aller meste kan hende. Kanskje.




Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar