Kommentar

Det amerikanske gubbeveldet

Joe Biden er den eldste amerikanske presidenten nokosinne. Dersom Donald Trump overtek kontoret i 2024, vil han også ta over den tittelen. Kvifor har det blitt slik?

Joe Biden fylte 78 år like etter valdagen i 2020, eit par månader før han skulle ta fatt på det som må vere ein av dei mest krevjande jobbane i verda. I åra som er gått etterpå, har vi kunna sjå at alderen i stadig større grad pregar den amerikanske presidenten. Han snublar i ord, rotar med stadnamn og datoar og kan også stå fram fysisk redusert. For mange av hans politiske kritikarar har det blitt gjengs å omtale han som «dement» og stille spørsmål ved om han er mentalt i stand til å utføre jobben.

Svært mange eldre er friske og raske og har slett ikkje behov for eller lyst til å setje seg i gyngestolen og ta fri når dei passerer ordinær pensjonsalder. Biden sine forsnakkingar er heller ikkje av ny dato – dei har følgt han mykje av karrieren, det same har taleproblema, som nok heng tett saman med stamminga han har streva med heile livet. Samtidig vil nok dei fleste vil vere samde om at det kanskje ikkje kan forenast med såpass høg alder å vere regjeringsleiar for ei supermakt, med dei krav det stiller til både fysisk og mental arbeidskapasitet.

Desse politikarane er ekstreme utslag av eit langt vaksnare politisk liv enn det vi som nordmenn er vande med

Oldingstyre

Sjølv om Donald Trump og Biden begge er historisk gamle i presidentsamanheng, er dei likevel ikkje drastisk mykje eldre enn fleire andre topp-politikarar i USA. California-senator Dianne Feinstein døydde i slutten av september, 90 år gammal. Ho hadde over langt tid vore tydeleg prega av alderen og vist symptom på demens. Mitch McConnell, leiar for det republikanske partiet i Senatet, er 81 år og har den siste tida hatt fleire episodar i møte med media som har ført til spekulasjonar om kognitiv svekking. Nancy Pelosi, som var speaker i Representanthuset fram til etter 2020-valet, er 83 år gammal. Ho offentleggjorde i september at ho har til hensikt å stille til attval til Representanthuset i 2024.

80-åringane tviheld på dei øvste maktposisjonane i amerikansk politikk, i den grad at det ikkje er urimeleg å omtale landet som eit delvis gerontokrati – eit gubbevelde, på godt norsk. Desse politikarane er ekstreme utslag av eit langt vaksnare politisk liv enn det vi som nordmenn er vande med: Snittalderen i Representanthuset og Senatet er høvesvis snautt 58 og 61 år, mens norske stortingsrepresentantar har snittalderen 46 år. Snittalderen for regjeringsleiarar i OECD-land ligg på rundt 54 år i dag – meir enn to tiår yngre enn den sittande presidenten og den som mest truleg blir utfordraren hans i 2024.

Det er mange moglege grunnar til at det er vorte slik.

Favoriserer eldre kandidatar

Ein av dei viktigaste er at etterkrigsgenerasjonen i USA er større enn i han vart i mange andre land, og at denne generasjonen har vore langt meir politisk aktiv og hatt høgare valdeltaking enn både generasjonen før og etter. Den såkalla «silent generation», fødd i åra 1928–1945, fekk sin aller første president i Joe Biden. Tre av dei fire presidentane før han – Bill Clinton, George W. Bush og Donald Trump – vart alle født sommaren 1946.

Ein annan viktig grunn til at amerikanske politikarar generelt er eldre, er sjølve valsystemet. I Noreg kan du ende på Stortinget ved å sikre deg eit hundretals røyster på eit fylkesparti sitt nominasjonsmøte. Fordi partiet styrer prosessen og partimedlemmene vel lista, kan ein ta heilskaplege omsyn til balanse i kjønn og bakgrunn – og dette sikrar ikkje minst ung representasjon.

Dette omsynet er mykje vanskelegare å vareta i eit system der kvart kongressmedlem representerer ein valkrins, og kven som er dei respektive partia sin kandidat i krinsen vert avgjort i nominasjonsval som er opne for alle partimedlemmer, på same måte som i presidentvalet. Det gjer også at det er langt vanskelegare å kvitte seg med kandidatar når partiet måtte meine at dei er for gamle, eller at andre omsyn tilseier at deira tid burde vere ute – for det er veljarane som avgjer. Det er også ein generell trend at politikarar vald frå einmannskrinsar er eldre. Både i Canada og Storbritannia er politikarane i snitt fleire år eldre enn i dei fleste europeiske landa som vel sine lovgjevarar etter andre system, dog yngre enn i USA.

Donald Trump er snautt fire år yngre enn Joe Biden, og verker i framtoning mindre aldersprega enn motstandaren

Pengegaloppen

Fordi partistrukturen slik sett er svak, er det også mindre hjelp å få frå partistrukturen når ein først er blitt partiet sin kandidat. I 2021 samla den gjennomsnittlege førstegongskandidaten til Representanthuset inn 278.000 dollar, rundt 3 millionar norske kroner, frå juni til september. Dersom du skal samla inn slike summar, innanfor dei beløpsgrensene som finst for enkeltgåver, og styre eit maskineri som kan bruke dei på fornuftig vis, krev det at du kjenner folk i valkrinsen din, og at du kan engasjere mange av dei til å arbeide frivillig for deg.

Slik kjennskap og slikt nettverk har du sjølvsagt meir av jo lenger du har vore del av eit lokalsamfunn. Det gjev også ein tydeleg fordel for kandidatar som tek attval og er kjende ansikt for veljarane. Desse mønstra ser vi att i val i Senatet, der heile delstaten er valkrinsen og der det er langt meir kostbart å drive valkamp, og du er endå meir avhengig av eit nettverk bygd opp over tid. Ein viktig grunn til at Joe Biden utkrystalliserte seg som demokratane sin presidentkandidat i 2020 handla nettopp om nettverk, kjennskap og at dei store økonomiske gjevarane samla seg om han.

Donald Trump er snautt fire år yngre enn Joe Biden, og verker i framtoning mindre aldersprega enn motstandaren. Dersom han skulle vinne valet i 2024, vil han bli USA sin eldste president nokosinne med om lag eit halvt års margin. Det er å håpe at ingen vil slå den rekorden att.


Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar