Kommentar

Det er mørkt no. Er det håp?

Midt i krigens djupe mørke spør eg ein rabbinar og ein biskop i Jerusalem: Finst det håp om fred?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I meir enn 20 år skreiv eg for Vårt Land om den palestinsk-israelske konflikten. Dei snart sju åra sidan eg slutta i avisa, har arbeidet ført meg til andre delar av Midtausten enn Vestbreidda, Jerusalem og Gaza. Det har vore ein lette.

Men det mest dødelege og bestialske angrepet på jødar sidan Holocaust, ein gisselaksjon på nivå med Boko Haram i Nigeria og israelske rakettar og bomber som har drepe og lemlesta tusenvis i Gaza, har treft meg med smerte – og spørsmålet: Finst det håp om noko anna enn stadige rundar med terror og krig? Eg gjekk tilbake til folk som har kjempa mot ekstremismens nakketak på alle fredsforsøk.

Religionskrig

Rabbiner Michael Melchior deler uroa for at vald avlar meir vald og hat. Det er, seier han frå Jerusalem, islamistiske krefter som ønskjer «ein stor religionskrig». Ytterleggåande jødar har etter terroren prøvd å ta seg opp på Tempelhøgda, det er «lett å setja verda i brann ved Al Aqsa-moskeen». Dei er blitt stogga. Så kjem kristne, til djup uro hos rabbinaren, med endetidsforteljinga om det store slaget på Harmageddon.

Melchior gjev ikkje opp trua på fred. Han har i årevis drive religiøs dialog som også har inkludert dei mest radikale kreftene – og aktørar mange stader i Midtausten. Han fortel om sterke solidaritetsytringar frå muslimske partnarar etter 7. oktober – om terroren som ei skam, eit brot på islamske verdiar. Melchior spør kva Hamas trudde dei kunne oppnå? Dei har, seier han, samla Israel som heldt på å riva sitt eige land frå kvarandre.

Håpsteikn ser han i den sterke fordømminga av terroren, frå den leiande islamistiske, arabiske politikaren i nasjonalforsamlinga Knesset. Mansour Abbas vil hindra at krigen spreier seg til jødar og arabarar i Israel. Fredsrørsla rundt Melchior kjempar for at ytterleggåande jødar ikkje skal hemna seg på arabarar i Israel.

«Hamas øydela mykje den 7. oktober. Men Hamas klarte ikkje å knusa min og mine jødiske og muslimske kollegaers intense vilje til fred. Eg ser håp i at alle eg har snakka med, har sterke ønskje for det som må koma dagen etter. Fred er i interessa både til Israel og palestinarane.»

Melchior ser ingen veg vidare i å fordela skuld, heller ikkje i å gå tilbake til situasjonen før krigen

Dagen etter krigen

Israel har, seier Melchior, rett til å forsvara seg: «Men lsrael har ikkje ein strategi for å koma seg ut igjen av Gaza. På eitt tidspunkt vil Israel bli avkrevd svar på kva som skal skje dagen etter krigen.»

Han er klar: «Det må bli ei fredeleg løysing for 2,2 millionar i Gaza og for folk på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem. For Israel må det bli ei løysing som gjer det trygt for foreldre å leggja barna, dei må få sova utan frykt for pogromar – trygt ikkje berre i månader eller eit par år.»

Saman høyrer vi Hamas-inspirerte rop om å «frigjera landet frå Jordan-elva til Middelhavet». Han høyrer det same slagordet frå ytterleggåande i Israel og vil at ingen av desse kreftene må få vinna fram.

Melchior ser ingen veg vidare i å fordela skuld, heller ikkje i å gå tilbake til situasjonen før krigen. Melchior vil ha ein rettferdig fred. «Men palestinarane fortener ei ny leiing. Også i Israel blir det debatt om kven som skal leia oss etter krigen.»

Han minner Hamas om at Israel etter krigen skal byggja alt opp att, «fordi vi ikkje skal dra nokon annan stad». Men Melchior minner sine eigne om at palestinarane heller ikkje kjem til å dra nokon annan stad.

«Alle dei som dei siste åra har hatt ein utopisk draum om at vi skulle enda opp med éin stat for oss alle, til dei er å seia: Den utopien som eg aldri har trudd på, døydde 7. oktober.»

I møte med dei som meiner Israel tvert imot skal okkupera heile Vestbreidda og Gaza og de facto innlemma områda i Israel, gjentek Melchior åtvaringa: «Dette vil øydeleggja både demokratiet og den jødiske sjela i Israel.»

Somme, jamvel i den noverande regjeringa, vil deportera palestinarane i Gaza til Egypt. «Det vil ikkje skje.,» seier Melchior kontant.

«Då er vi,» seier rabbinaren, «tilbake til den løysinga vi burde fått til for lenge sidan: To statar – ein palestinsk stat ved sida av Israel.»

For Melchior handlar dette også global fred: Palestinarane får ei fredsløysing som riv dei laus frå Iran som både støttar Russlands krig mot Ukraina og krig mot Israel.

Son og barnebarn i krigen

Melchior har eit nært forhold til Gaza. I 2005 røysta han som folkevald i Knesset for å fjerna soldatar og busetjarar – inkludert familien til si eiga kusine – frå Gaza.

18 år seinare har Melchior ein son og tre barnebarn som soldatar ved fronten. Eg spør kva Melchior tenkjer om at nokon av dei kan bli drepne. Han svarar: «Eg gruar meg heile tida. Eg orkar ikkje tenkja tanken ut.»

Sonen deltok i dei intense kampane mot Hamas under terroren mot kibbutzane og musikkfestivalen: «Sonen min såg det verste. Vi ber tre gonger om dagen om at dei og alle andre må koma trygge heim, utan skade på kroppen – og heller ikkje på sjela.»

Melchior legg til: «Hjarta mitt blør også for barna i Gaza. Vi ber også for dei sivile i Gaza. Eg snakkar med venene mine der. Husa deira og kontora der dei har arbeidd for fred, er bomba.»

Han gret over blodbadet, men tårene har tørka inn

Gret tørre tårer

I Jerusalem blir også den pensjonerte lutherske biskopen Munib Younan opprørt i møte med kristne som kjem med bibelske endetidsforteljingar for å forstå krigen. Han minner Vestens kristne om at Gaza kan bli tømt for kristne etter krigen – og at kristne palestinarar prøver å utvandra: Dei orkar ikkje krig kvart andre år.

Biskopen fortel om skuldkjensle når han et seg mett medan barn i Gaza verken har mat eller vatn. Han gret over blodbadet, men tårene har tørka inn. På kort sikt ser Younan ikkje håp om fred og rettferd. Han ber oss om å be – og held han fast i det han ser som einaste utvegen:

«No er det Kairos, ein sanningsaugneblink, for ein fred med to statar.»

Eg loggar av samtalen og tenkjer: Vi må alle be og håpa at ekstremismen, hatet og valden ikkje vinn.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar