Kommentar

Forfattarkamp på liv og død

Forfattarstanden ser trugselen frå kunstig intelligens i kvitauget. Kor lenge blir det til vinnaren av Nobels litteraturpris ikkje er eit menneske?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jon Fosse er den siste i ei lang rekke vinnarar av Nobelprisen i litteratur. Prisen har vore delt ut sidan 1901. Tildelinga i år gjekk føre seg berre ei dryg veke etter at eit titals norske forfattarar fann ut at bøkene deira utan løyve blir brukte til å trene opp språkmodellar nytta av kunstig intelligens. Det amerikanske magasinet The Atlantic kunne allereie i sommar fortelje at det same gjeld fleire tusen andre forfattarar. Når dei nye språkmodellane skal utvikle seg frå det gjengse normalprosanivået dei har vore på til no, trengst det litterær kvalitet i innlæringa. Då er det ikkje nok å skumme tekst som ligg ope tilgjengeleg på internett, med bloggpostar og statusoppdateringar frå kreti og pleti. Når dei mest avanserte språkmodellane lærer, lærer dei av dei beste forfattarane.

Det synest iallfall å vere tanken bak den frekke inkorporeringa av 183.000 bøker i den inntil nyleg hemmelege språkdatabasen Books3. Blant anna er bøker av nettopp Fosse, Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjorth, Åsne Seierstad og Per Petterson blitt sjanghaia inn i databasen. Dei norske innslaga var så mange at forfattarforeiningane sette i gang undersøkingar på kor mange av medlemmane deira som var ramma.

Alvorleg situasjon for alle skrivande

Blant Forfattarforeininga sine 750 medlemmar, var det 32 namn i databasen. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) sendte ut førespurnad til medlemmane om å sjekke databasen, som er gjort tilgjengeleg av The Atlantic, for sine eigne namn. Målet er å kartlegge det dei omtaler som den ulovlege bruken av åndsverk.

Truleg er det mange norske forfattarar som dei seinaste dagane har sjekka den omtalte databasen. Somme har nok sukka av lette over å ikkje finne sitt eige namn, mens andre – i løynd – moglegvis har irritert seg ein smule over ikkje å hamne på lista over forfattarar som skriv så godt at dei er verdt å utnytte til å utvikle språkmodellar.

Spøken skal vi raskt legge bak oss. Det alvorlege ved situasjonen er påtrengande for alle som jobbar med det skrivne ord, inkludert journalistar og forfattarar. På den andre sida av Atlanterhavet er søksmåla allereie i gang. Ikkje minst har Authors Guild America, som representerer 14.000 amerikanske forfattarar, nyleg gått til søksmål mot OpenAI, selskapet bak ChatGPT. Authors Guild understrekar den sterke kampviljen dei går inn i den rettslege bataljen med: «Vi tek ikkje lett på dette søksmålet. Vi er her for å kjempe.»

Det alvorlege ved situasjonen er påtrengande for alle som jobbar med det skrivne ord

«Langvarig utnytting»

Med seg på søksmålet har Authors Guild 17 namngjevne forfattarar, blant andre John Grisham og Jonathan Franzen. Sistnemnte uttrykker at den ikkje-reglementerte bruken av bøker til å trene opp språkmodellar føyer seg inn i den langvarige utnyttinga av innhaldsskaparar frå teknologiselskapa i Silicon Valley. Forfattarar skal ha retten til å bestemme om verka deira skal brukast til å trene opp kunstig intelligens, meiner Franzen. Og viss dei seier ja, må dei bli kompenserte for det.

Sjela vil dei alltid ha intakt, men forfattarane treng pengar også. Når språkmodellane som blir nytta i kunstig intelligens-tenester er blitt så gode at det er vanskeleg å merke forskjell på ein tekst skriven av ein forfattar og ein tekst skriven av ein robot, blir det vanskelegare for forfattarane å livnære seg av yrket sitt. Enn så lenge kjennest scenarioet framleis som i ein grøssar av Stephen King, ein av dei amerikanske forfattarane som er utnytta i Books3-materialet. Men dersom utviklinga går i like stort tempo som ho har gjort dei seinaste åra, kan det vere grunn til å frykte det som inntil nyleg var utenkeleg å sjå for seg, at kunstig intelligente språkmodellar et seg inn på marknaden til forfattarane. Kor lenge blir det til den neste vinnaren av Nobels litteraturpris ikkje er eit menneske?

Kor lenge blir det lett å avsløre kva slags tekstar som ikkje stammar frå eit menneske?

Tek problematikken på alvor

Det er under fire månader sidan vi her i avisa intervjua den finske litteraturvitaren Juha Raipola, som truleg står bak den første romanen som i sin heilskap er skriven av ChatGPT, Demonic Fragments: Horror from the AI Mind. Mitt inntrykk av denne var at det må lenge til ChatGPT kan skape litteratur av framståande kvalitet, sjølv om mange idear og passasjer er interessante. Men når språkmodellene no ligg i intensiv opplæring på all verdas fremste litteratur – kor lenge blir det lett å avsløre kva slags tekstar som ikkje stammar frå eit menneske?

Det er iallfall openbert at forfattarforeiningane både i Noreg og internasjonalt tek problematikken på alvor. Forfattarane kjempar ein kamp som fort kan bli på liv og død. Dei stirer allereie trugselen frå kunstig intelligens i kvitauget.

Det kan også synast som at politikarane er i ferd med å komme tettare på ballen. Kunnskapsdepartementet har nyleg sett av éin milliard kroner til forsking på kunstig intelligens og digital teknologi dei neste fem åra. Korleis kunstig intelligens vil påverke kunst- og kulturfeltet framover er på den politiske agendaen.

Så får vi aller først lese bøkene til Jon Fosse og prise oss lukkelege for at vinnaren av Nobels litteraturpris også denne gongen var eit menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar