Medan eg skriv dette sit eg på flyet ut av Tel Aviv. Framleis er vi i israelsk luftrom og få kilometer lenger sør treff rakettane som haglskurar. Under meg ligg livredde born i kjellarar og klamrar seg til ei mor, medan far er på veg til krigen. Slik er det på begge sider, og det har vore det så lenge folk her kan hugse.
Det som skjedde denne helga var annleis. Dei vondskapsfulle ugjerningane til Hamas manglar sidestykke i moderne historie. Det einaste som liknar er menneskeslaktinga under kalifatet til Den islamske staten (IS) i Syria og Irak. Omfanget i Hamas-terroren var større enn dei aller fleste åtak dei siste tiåra.
Haldningar langt unna humanismen
For ein del er det openbert vanskeleg å akseptere at Israel er ramma av eit palestinsk åtak. Rollene som skurk og offer er jo allereie fordelt, kvifor må vi komplisere ting? Samfunnsdebattanten Simen Bondevik skreiv på sosiale medier at «det gir en merkelig vond bismak å se samtlige politikere og verdensledere ta avstand fra Hamas’ angrep på sivile».
Det er uttrykk for ei menneskefiendtleg haldning som ligg langt frå humanismen. Bondevik bør trekke det sitatet.
Mange går langt i å unnskylde og forstå Hamas sine grunnar til å drepe israelske sivile som dyr på ein slaktarbenk. Det er på grunn av okkupasjonen, seier dei. Det er på grunn av sionismen. Det er på grunn av Benjamin Netanyahu.
Vondskap skjer aldri i eit vakuum, men det er framleis vondskap. Hamas gjekk til åtak på kvinner, born, eldre og fredselskande ungdommar.
Anstrengt forhold til vestlege forståsegpåarar
Det er som om Israel ikkje kan bli ramma av urett utan at vi samstundes skal måtte slå fast kor grusom den israelske staten er. Det er ikkje rart israelarar har eit anstrengt forhold til vestlege forståsegpåarar.
Sjølvsagt må vi lære av historia for å hindre at morgondagen blir like full av blod. Men: I humanismens namn må desse bortforklaringane ta slutt.
Vondskap skjer aldri i eit vakuum, men det er framleis vondskap. Hamas gjekk til åtak på kvinner, born, eldre og fredselskande ungdommar.
Ingen menneske er tvungne til vondskap. Ingen må slepe døde kvinner gjennom gatene og juble som rovdyr. Ingen må sende tusenvis av rakettar mot sivile. Hamas kunne gjort hundre andre ting for å markere misnøye mot Israel. Dei kunne til dømes bygd eit bomberom eller to til befolkninga på Gaza som dei held kontroll over.
Det er menneskefiendtleg å ikkje anerkjenne vondskapen Hamas gjennomførte utan å seie «men»
Dei løysingsorienterte palestinarane tapar
Vi aksepterer ikkje denne forma for overforståande unnskyldningar når det er snakk om annan terror. «Men dei hadde jo eit poeng»-gjengen må ta dette innover seg. Truverdet til humanismen deira er i spel. Det er menneskefiendtleg å ikkje anerkjenne vondskapen Hamas gjennomførte utan å seie «men».
Dei fleste av oss kjenner eit anna Palestina, der mødrer og fedrer gjer eit ærleg forsøk på å skape eit betre samfunn for borna sine. Det finst mange palestinarar som berre ønsker fred og rettferd. Dei har millionar av allierte på israelsk side. Hamas ser ikkje ut til å ønske nokon av delane. Dei ønsker kamp mot den jødiske staten, fordi dei ikkje eingong anerkjenner statens rett til å eksistere. Kvar gong vi seier at Hamas har eit poeng, er det dei moderate og løysingsorienterte palestinarane som tapar.
Elefanten i rommet
Det er ein elefant i rommet – på Gazastripa – som mange palestinavener heime i Norge ikkje tør å adressere, men som dei burde:
Terroråtaket til Hamas laurdag morgon botnar også i ein djup antisemittisme blant den strenge delen av sunniislam som Hamas representerer. Det finst framleis stadar i verda der det å drepe ein jøde har status. Mange av desse stadane er i Midtausten.
Det er til dømes få regionar i verda der det er like lett å skaffe seg eit eksemplar av Hitlers Mein Kampf.
Scenene frå Malmø, der bilar køyrde gjennom gatene og jubla for drapa på sivile israelarar, er eksempel på kor menneskefiendtleg ein del av reaksjonane er.
[ – Det oppstår ikke i et vakuum ]
Ingen unnskyldning
Historia har lært oss at menneska kan synke ned i det djupaste mørket og gjennomføre dei mest uhyrlege ting.
Det fins ingen god nok unnskyldning for den uhyrlege vondskapen vi var vitne til laurdag morgon i Israel.
Det har heller ikkje mangla på fordømming frå Norge, FN eller andre aktørar når det gjeld israelsk politikk. Vi har stilt oss i kø for å fordømme. Det skulle berre mangle at vi også no fordømmer Hamas.
For ein del kan det verke som om dei har lært seg eit refreng om Midtausten dei berre vil og må synge uansett kva som skjer. Dei tviheld i så fall på ei ideologisk oppfatning av ei konflikt i forandring. Så grov terror som dette har nemleg Hamas aldri gjennomført.
Samstundes fungerer den manglande forhandlingsviljen til israelske leiarar ikkje som ei tilstrekkeleg forklaring på den meiningslause valden til Hamas. Terrororganisasjonen ønsker å spreie frykt. Terroristane skil ikkje mellom soldatar og uskuldige.
Menneskeskjebnar på begge sider
Til alle oss som også gret for det palestinske folket: Det er ingenting som tyder på at fredsviljen blir større av at palestinske terroristar massakrerer kvinner og born i gatene. Å samanlikne slik terrorisme med israelske militæraksjonar blir usakleg og kunnskapslaust. Israels militære prøver i det minste å treffe militære mål. Dei sleper ikkje lik gjennom gatene eller tar gissel. Den israelske staten driv ikkje terror etter slike definisjonar.
Kvinna i setet ved sidan av meg på flyet gret. Ho er på veg til Berlin, medan borna hennar er att i Israel. Fleire av dei skal i krigen. Resten av ansikta på flyet er triste med raude auge. Kanskje tenker dei på familiemedlemer som er sakna. Kanskje tenker dei på kor dårlege leiarar dei har.
Vi her heime kan jo tenke oss om ein gong eller to når vi ser nyheitene. Det er greitt å minne kvarandre på at det ikkje er ein fotballkamp vi ser på. Det er menneskeskjebnar og liv på begge sider.