Kommentar

Derfor går Hamas så brutalt til verks

Terrororganisasjonen Hamas tvingar dei likegyldige og moderate til å ta stilling i Midtausten. Dessverre kjem mange til å velje ekstremistane si side.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Laurdag vakna skremde israelarar til larmen av luftvernsirener. Rakettane trefte over store delar av det sørlege og sentrale Israel, så langt nord som storbyen Tel Aviv. Sjølv vakna eg av flyalarmane og drønna som følgde der.

Saman med sambuaren og borna mine hadde den siste veka vore på ferie i Israel. Trass den aukande eskaleringa i valdsbruken på Vestbredden, rekna vi det som trygt å reise til Tel Aviv.

Det finst eit anna Midtausten

Vi fekk ei fin veke blant det beste det moderne Israel kan by på.

Noko av det som slo imot oss i Tel Aviv var kor mangfaldig det ser ut i den vibrerande metropolen med dei lange, kvite sandstrendene. Vi budde i den gamle arabiske delen av Jaffa, og der var vi i konstant tvil om vi skulle sei toda (hebraisk) eller shokran (arabisk) som takkefrase på butikkar og restaurantar.

Det er nemleg ikkje alle stader i Midtausten israelarar og palestinarar lever som fiendar, sjølv om det kan verke slik på nyheitene. Mange stader inne i Israel lever dei side om side, som kollegaer, naboar, studiekameratar og vener. I byar som Tel Aviv forsvinn skiljelinjene frå kartet.

Det var slike gråsoner Hamas ønskte å sprenge vekk med sine granatar og rakettar i morgongryet.


Grufulle scener sør i Israel

Israelarane er vane med rakettåtak frå Gazastripa. Det er nesten sånn at mange har slutta å bry seg med det, som om rakettar og flyalarm er noko kvardagsleg.

Utover formiddagen laurdag kunne ein merke ei langt meir spent og uggen stemning i gatene i Tel Aviv. For ikkje berre kom det 5000 rakettar dalande frå himmelen. I tillegg hadde Hamas-krigarar tatt seg inn fleire stader i sørlege Israel og dreiv regelrette massakrar på sivile israelarar. Grufulle bilete og videoar frå sosiale medier vart sendt på nasjonal TV.

Det er nemleg ikkje alle stader i Midtausten israelarar og palestinarar lever som fiendar, sjølv om det kan verke slik på nyheitene

Fleire israelarar vart også tekne som gissel tilbake til Gaza. Frykta breidde om seg.

Hamas sitt åtak var terror

Der det fredag kveld – sjølv etter fredagsbøn og starten på shabatten – var yrande liv, var det no heilt stilt. Ikkje eingong butikkane og restaurantane ville lenger halde ope. Den einaste staden det var rush, var i rekkene av soldatar som reiste mot fronten.

Då eg spurde fleire av restauranteigarane kvifor dei heldt stengd, svara dei at det var «på grunn av situasjonen». Den situasjonen var det statsminister Benjamin Netanyahu tidlegare på dagen kalla krig. Han sa òg at fienden no må betale ein høg pris.

Alle som ønsker å sjå konflikten mellom palestinarar og israelarar i eit objektivt perspektiv bør ikkje vere i tvil: Hamas sitt brutale åtak på Israel var rein terror.

Det kan ikkje og bør ikkje samanliknast med militære operasjonar Israel gjennomfører på Vestbredden. Israel har ein heilt annan og høgare standard for korleis dei behandlar sine fiendar, enn det Hamas viste verda laurdag.

Åtaket vil få katastrofale følgjer

På mange måtar var det som om terrororganisasjonen endeleg avslørte sitt sanne ansikt. Dei sivile lika i israelske gater talde eit tydeleg språk.

Ingen bør heller vere i tvil om at Hamas sitt verste terroråtak hittil, vil få katastrofale følgjer.

Terrorens metode er splitt og hersk. Det finst ingen gråtonar i ekstremistens auge. Han ser ingen nyansar. Den gode er berre god og den vonde er berre vond.

Hamas veit sannsynlegvis godt kva dei gjer. Dei forstod at dei neppe kom til «å få slutt på verdas siste okkupasjon», slik ein av leiarane formulerte målet med aksjonen. Dei forstod nok også at dei ikkje kom til å vinne over den overlegne militærmakta til Israel. Derfor er det vanskeleg å omtale åtaket som noko anna enn rein terror.

Terrorens metode er splitt og hersk. Det fins ingen gråtoner i ekstremistens auge

Israel kan invadere Gaza-stripa

I reknestykket til Hamas har dei nok allereie forstått konsekvensane.

Så kan ein spørje seg kvifor Hamas vil sage av den greina dei sit på?

Kanskje fordi dei er strategiske nok til å tenkje at brutalitet avlar brutalitet. Med sitt brutale åtak på Israel vil dei kanskje provosere fram eit motåtak som vil gje dei større sympati internasjonalt.

I ein større kontekst er det spesielt viktig for Hamas å skaffe seg støtte frå aktørar som Saudi-Arabia og andre stormakter i regionen som i det siste har knytt stadig tettare band med Netanyahus Israel. Det er rekna at dei to landa snarleg vil opne ambassadar med kvarandre, noko som viser ei diplomatisk oppmjuking. Ein krig mellom Hamas og Israel kan tvinge prinsar og andre autoritære leiarar i Midtausten til å velje side endå tydelegare. Saudi-Arabia kan ikkje ha ambassade i Tel Aviv, medan israelske bakkestyrkar går inn på Gazastripa.

Å spolere den varsla fredsavtala mellom Israel og Saudi-Arabia kan gje Hamas applaus frå sine voktarar i Teheran.

Det er ikkje berre internt mellom palestinarane at Hamas ønsker å viske ut skiljelinjene. Det same oppnådde dei effektivt ved at dei mange liberale israelarane som i månadsvis har protestert mot Netanyahus stadig meir autoritære regime, no stilte seg lydig opp i rekkene av militære reservistar. Ein meir effektiv strategi for å samle Israel bak Netanyahu kunne ingen komme opp med.

Krig er ekstremistens paradegrein

For ekstremistar som Hamas er det lettare å kjempe mot ein samla fiende, enn ein fiende full av ulikskap.

Ein ny krig der frontane vert tydelegare, skiljelinjene skarpare og freden stadig fjernare er det ingen andre enn ytterkreftene som tener på

Dermed gir Hamas meir spelerom til dei ekstreme og ytterleggåande kreftene i israelsk politikk som seier at ein ikkje kan stole på palestinarane. Dei kreftene som manar fram fiendebilete av den blodtørstige og farlege palestinaren.

Ein konsekvens kan bli at den ekstreme høgresida i israelsk politikk, som har tatt til orde for å invadere Gazastripa og kaste Hamas-styret, kan få gjennomslag. I så fall vil den israelske hæren i løpet av kort tid ta kontroll over området som har vore styrt av Hamas sidan 2005.

Ein ny krig der frontane vert tydelegare, skiljelinjene skarpare og freden stadig fjernare er det ingen andre enn ytterkreftene som tener på.

Krigen er ekstremistens paradegrein.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar