Kommentar

Viktig melding til uroa politikarar. Vis oss kva du held på med

Har politikarane lært noko som helst av skandalane den siste tida? Tidlegare erfaringer gir grunn til å tvile.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Om det hadde vore mogleg å satse pengar på eit fall i politikertillit, kunne eit tjent ein god slant for tida.

«3600 aksjehandlar gjennomført da kona var statsminister

«Huitfelt beklager etter at ektemannen handlet aksjer på Oslo Børs».

«Trettebergstuen: Jeg har gjort alvorlige feil knyttet til min habilitet

Arbeidarpartiet og Høgre har stått til knes i ei myr av skandalar denne sommaren, og dei er på ingen måte over.

Ryddinga er i gang

Skandalane har sendt det offentlege Norge inn i det vi kan kalle ei ryddetid. Presset er stort for innstrammingar, og Støre skjerpa inn regelverket for aksjekjøp i forvaltninga. Historia gir grunn til å tvile på om oppryddinga vil vare så lenge.

Det finst tre hovudverktøy for å verne samfunnet mot korrupsjon og økonomisk brotsverk i forvaltninga.

  • Straffelova.
  • Etiske retningslinjer, som «Håndbok for politisk ledelse».
  • Openheit. I hovudsak Offentleglova, som sikrar openheit om kva maktpersonar gjer.

Korrupsjon oppstår gjerne i treffpunktene mellom næringsliv, privatøkonomi og/eller politiske avgjerder. Dei fleste av desse treffpunktene skjer i kommunane, ifølgje Transperancy International og KS si handbok mot korrupsjon.

Legitim kontakt?

Sjå for deg følgjande tilfelle.

På ein skitur treff du tilfeldigvis på ein gammal studiekompis. Etter mange år som konsulent, har han heim for å bli kommunedirektør på staden der de begge vaks opp. Før fritida blir spist opp av møtepapir, bestemmer han seg for å slå to fluger i ein smekk. Ein lokal entreprenør har invitert til fagseminar med høg grad av sosialt innhald i skibakken. Eit godt høve til å bli litt kjent med faget og vere sosial samtidig. Spesielt med tanke på at kommunen i haust skal vedta kven som skal byggje den nye brannstasjonen. Entreprenøren er blant dei håpefulle som har lagt inn tilbod.

Er dette legitim kontakt i lokalmiljøet? Eller er det utilbørleg påverknad, som straffelova definerer som korrupsjon?

“Mykje arbeid”

For å skilje mellom legitim og korrupt kontakt, er det eit verktøy som er heilt sentral: Openheit. Kontakt med forvaltninga skal journalførast. Det sikrar alle moglegheit til å sjekke kva som blir skrive mellom entreprenøren og kommuneadministrasjon. Det gir deg også rett til å sjå kommunen i korta i ein lokal skulesak.

Dessverre er openheit også tidkrevjande.

Både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre har forsøkt å svekkje Offentleglova. For fem år sidan, då Solberg var statsminister, sende kommunaldepartementet ut på høyring eit forslag om å unnta elektroniske kalenderoppføringar frå Offentleglova. Med andre ord, departementet ville gjere det mogleg å halde hemmeleg kven som møtte til dømes ein statsråd eller ein kommunedirektør i forkant av eit møte.

I høyringsnotatet vert det argumentert med at det i ein elektronisk kalender også vil liggje private oppføringar, samt vedlegg og anna som av andre grunnar ikkje er offentlege.

Å skilje dette vil «krevja mykje arbeid å få avklara og gjennomført. Dette kan vera særleg krevjande for mindre organ med færre personalressursar», heiter det i høyringsnotatet.

Etter massiv motstand var forslaget om å fjerne kalenderoppføringar lagt bort.

Vil skjule at eit dokument eksisterer

Men i vår tok regjeringa initiativ til ein ny runde. Dette var før habilitetsregelverk og hemmelege aksjehandlar vart ord som sende dolkestikk inn i politikartilliten.

Departementet ville avgrense innsyn i «journaloppføringar som gjeld organintern dokument».

Organinterne dokument er gjerne brevveksling mellom departementet før ei vedtak er fatta, og er i dag unnateke innsyn.

Den tørre teksten i forslaget gir i praksis høve til å skjule informasjon om at slike dokument i det heile tatt eksisterer. Til dømes om eit departement har åtvara eit anna departement om manglande regelverk knytt til aksjehandel for statsrådar.

I førre veke vart forslaget droppa, etter månadar med bråk om aksjehandlar og brot på habilitetsregelverket. Og etter krass kritikk frå presseorganisasjonar.

Tidlegare skandale fører til rydding

Som nemnt tidlegare, kan det framstå som vi er inne i ei «ryddetid». Tilliten til politikarane er svekt. For å byggje opp at tilliten, må vi sørgje for at etikken er på plass og openheiten er sikra. Det er ikkje først gong.

«Det er nå avdekket forhold som kan føre til at innbyggernes tillit til både folkevalde og tenestemenn svekkes.»

Sitatet er ikkje frå august 2023. Det er frå 1991, då ei serie med skandalar i Kommune-Noreg førte til ein gjennomgang av gjennom regelverket for kommunalt tilsette.

«Allmennhetens tillit til kommunene har blitt utfordret den senere tiden, særlig gjennom oppslag i media om uheldig rolleblanding i kommunale virksomheter og selskaper»

Denne setninga vart skriven i 2006, då dåverande kommunalminister Åslaug Haga etablerte Forum for etikk i kommunesektoren.

Tilliten er ikkje lenger grenselaus

Til Morgonbladet sa den kjente korrupsjonsjegaren Eva Joly, før Sindre Finnes sine aksjekjøp vart kjende, at vi i Norge har ein grenselaus tillit til styresmaktene som legg vegen open for korrupsjon, nepotisme og maktmisbruk.

Tilliten er ikkje lenger grenselaus. Det vel og bra at Offentleglova ikkje vert svekt og at etikkreglement blir skjerpa. Men ein gong vil skandalane komme på avstand.

Det er då politikarane må vise at openheit ikkje er brysamt, men faktisk eit verktøy for å byggje opp at ein skakkøyrt tillit. Kort sagt: Ikkje skjul kva de held på med.

Det er då vi veit om våre folkevalde har lært noko som helst etter ein skandalesesong som på ingen måte er over.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar