Kommentar

Kyrkja må droppe valdagen

Jomfruturen til det digitale kyrkjevalet vart ei festreise. No er det på høg tid å sende den tungrodde valdagen til opphogging.

Måndag morgon tok eg på meg refleksvest og gjorde meg klar til å bruke tolv timar i ein garderobe. Inne i sjølve gymsalen sto åtte avlukker på plass til avviklinga av kommune- og fylkestingsvalet. Inne i dusjrommet var enda eit avlukke, litt mindre og i andre fargar, klart til kyrkjeval. Saman med eit knippe andre timesbetalte frivillige tok eg imot nokre få – færre enn førti – kyrkjemedlemmer som ville røyste, frå ni om morgonen til ni om kvelden.

Då førehandsrøystinga stengde førre onsdag, hadde over 91.000 medlemmer av Den norske kyrkja brukt den splitter nye digitale kyrkjeval-løysinga. Det var nesten dobbelt så mange som kyrkja sjølv hadde rekna med, og dei førebelse tala viser at kvar tredje kyrkjeveljar røysta digitalt.

Før valet i år vona kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum at den digitale førehandsrøystinga ville auke oppslutninga om valet totalt sett. Det vart, mildt sagt, ikkje resultatet. Slik det ser ut no vil valoppslutninga ende på rundt ni prosent. Det er ein monaleg nedgang frå drygt tolv prosent i førre val. Langt frå noko «rekordval», som også vi her i avisa flørta med tanken på.

Oppslutninga aukar ikkje

Sidan den gjeldande valordninga vart innført har kyrkja jobba knallhardt for å oppmuntre ei sjenerøst sagt middels interessert medlemsmasse til å bry seg om kven som styrer ho.

Det hjelper om frontane er harde og det finst ei tydeleg kampsak der noko reelt står på spel, slik det var i bispedømmerådsvalet i 2015 då slaget om likekjønna vigsel stod. Det er knapt mogleg å sjå føre seg kva slags kampsaker som skulle gje høg nok temperatur til ein ny kyrkjevalkamp av same kaliber. Eit slikt konfliktnivå ønskjer heller ikkje kyrkja sjølv skal vere normalen.

Sjølvsagt bør så mange som mogleg av kyrkja sine medlemmer ta del i medlemsdemokratiet. Men samanlikninga må vere nettopp dette: Medlemsdemokrati.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

No må tida vere kommen for å innrømme at høgare valdeltaking er eit urealistisk mål, og at ein heller bør sjå på andre høve for å gje kyrkjevalet større legitimitet. Den einaste måten kyrkja ikkje ender opp som val-tapar, er om ho kan endre spelereglane. Første steg må vere å skrape ei valordning som ikkje står i stil med storleiken på valet.

Sjølvsagt bør så mange som mogleg av kyrkja sine medlemmer kjenne til og ønskje å ta del i medlemsdemokratiet. Men samanlikninga må vere nettopp dette: Medlemsdemokratiet. Ikkje offentlege val. Mange av oss er medlemmer i idrettslag. Få av oss går på årsmøtet i idrettslaget. Enda færre av oss har noko forhold til kven som representerer oss på Idrettstinget.

I dei fleste organisasjonar er det rikeleg med folk som ikkje deltek i medlemsdemokratiet. Det må også vere greitt å vere medlem av Den norske kyrkja og slett ikkje vere oppteken av kven som styrer ho eller korleis dei gjer det.

Digital omlegging

Etter Vårt Land si utrekning vil Open folkekyrkje ikkje ha reint fleirtal mellom dei leke medlemmene i Kyrkjemøtet, men dei er framleis klart størst. Open folkekyrkje har ikkje programfesta noko standpunkt om valtidspunkt, eller at ein framleis vil knyte kyrkjevalet i tid og stad til det offentlege valet.

Suksessen til den digitale førehandsrøystinga demonstrerer svært tydeleg at dette er ei berekraftig og brukbar løysing for framtida. No har Gard Sandaker-Nielsen og hans folk høve til å invitere dei konservative grupperingane, som ønskjer å leggje valet til kyrkja sine eigne lokale og knytt til gudstenesta, med på eit kompromiss: Kva med ein månad med digital røysting, og to-tre sundagar der ein også kan røyste i kyrkja sine lokale? Ideelt sett bør også denne røystinga skje digitalt, med sikra datautstyr og gode medhjelparar tilgjengeleg, slik at ein i størst mogleg grad kutter ned på ressursbruken i tilknyting til valet.

Ei slik løysing vil vareta omsynet til at flest mogleg skal få høve til å røysta enklast mogleg i kyrkjevalet, men utan det prinsipielt uheldige og rådyre samrøret mellom kyrkjevalet og det offentlege valet. Veljarane har også vist tydeleg i år at dei er villige til å ta i bruk denne ordninga.

Kva med ein månad med digital røysting, og to-tre sundagar der ein kan røyste i kyrkja sine lokale?

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Kostbart val

Som Dagen melde i august, bruker Den norske kyrkja 70 millionar kroner i 2023 på kyrkjevalet. Det vil seie at ein i år har brukt rundt 260 kroner for kvar enkelt veljar som brukte røysteretten. Fornuftig ressursbruk? Neppe. Rundt halvparten av desse kronene går til å leige vallokale, kjøpe inn utstyr og lønne tilsette og valfunksjonærar. Ved å gå til ei heildigital eller primært digital løysing for valavviklinga, er det grunn til å tru at ein kan spare inn store delar av denne summen.

Uavhengig av kostnadane: Å ha 15.000 valfunksjonærar i sving i 2.700 vallokale er ein vanvettig rigg. I staden for å skrape med føtene i grusen og skjemmast over oppslutninga bør Kyrkjemøtet satse på ein ny definisjon av suksess: Alle kyrkjemedlemmer kjenner til høvet for å delta i medlemsdemokratiet, og dei som ønskjer det, deltek.

Valforskar Bernt Aardal har sagt til Vårt Land at kyrkjevalet freistar å låne legitimitet av det offentlege valet ved å leggje seg tett inntil. Han har rett i det, men samlokaliseringa med det offentlege valet legg også urealistiske ambisjonar for kva ein kan og bør forvente av kyrkjevalet, og bidreg slik til å svekkje legitimiteten.

Kyrkjerådsleiaren fekk ikkje oppfylt vona si om auka valoppslutning med den digitale førehandsrøystinga. Men den kan likevel bane veg for ei omlegging som vil gje større legitimitet – ikkje gjennom auka valoppslutning, men gjennom ei nødvendig forventningsjustering.

For ordens skuld: Sigrid Rege Gårdsvoll jobba i Kyrkjerådet sitt sekretariat frå 2020 til 2022.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar