Kommentar

Derfor kjem ikkje Støre til å trekke seg

Arbeidarpartiet er ikkje lenger ørna i norsk politikk etter det dårlegaste valet på over 100 år. For dei fleste parti ville det vore ille nok til at partileiaren måtte ta hatten sin og gå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Arbeidarpartiet i 2023 er det likevel ikkje slik.

Allereie då Jonas Gahr Støre gjekk den korte spaserturen frå partikontoret på Youngstorget til partiets valvake på Folkets hus, fekk han spørsmålet: Vil han vere statsministerkandidat for Arbeidarpartiet om to år uansett korleis årets val går? «Det kan du regne med», svara Støre.

Ap-leiarens skjebne i fokus

Sjølv om valnatta først og fremst handla om kva ordførarkontor partiet mista nøkkelen til, var det umogleg å unngå spørsmålet om Støres skjebne som partileiar.

Det hadde allereie ulma i valkampen. Ei veke før valdagen sa fagforeiningssjef og Ap-politikar i Bergen, Richard Storevik, at han håpa statsministeren ville halde seg unna å besøke Bergen. Storevik skulda leiinga i Oslo for å representere alle skandalene som har herja regjeringa gjennom sommaren.

Ein viktigare grunn til at Støre ikkje kjem til å trekke seg, er den om at det per dags dato ikkje finst noko reelt alternativ til Støre som Ap-leiar.

Då litt over halvparten av stemmesetlane var opptalde på valkvelden, kom dei første krava frå Ap-tillitsvalde om at Støre bør gå. Ap-medlem og tillitsvald Remy Penev sa at «det har vært mange oppvaskmøter etter dårlige valg de siste årene, men det har ikke skjedd noen ting på ferden nedover mot 20 prosent. Jeg mener Støre bør gå av».

Ingen truverdig forklaring på å snu trenden

Det kan kome fleire slike utspel dei neste dagane, men dei er utan realisme eller gjennomslag. Fleire tyngre faktorar talar tvert om for at Støre kjem til å halde fram som statsminister og Ap-leiar.

Arbeidarpartiets tap i valet er smertefullt av fleire årsakar. Riktig nok har partiet sikra attval i større byar som Trondheim og Tromsø, men i byar som Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo ser det verre ut. Det betyr at ei rekke lokale Ap-profilar som Rune Bakervik, Kari Nessa Nordtun og Raymond Johansen mest sannsynleg ikkje lenger vil ha sine viktige talarstolar og maktposisjonar etter valet. «Det smertar, vit det», sa Støre i si tale til partiets valvake, før han gratulerte Høgre med valsigeren.

Støre kan likevel lene seg på at han – trass det elendige valresultatet i eit historisk perspektiv – har gjennomført ein sterk valkamp for Ap.

Den lokale makta gir ofte eit viktig frampeik om kven som kan vente seg eit løft inn mot stortingsvalet om to år. Støre sa at hans plan no er at Arbeidarpartiet skal bli størst om to år igjen. Korleis han skal klare det, fekk vi ikkje presentert ei truverdig forklaring på måndag kveld.

Manglar alternativ til Støre

Støre kan likevel lene seg på at han – trass det elendige valresultatet i eit historisk perspektiv – har gjennomført ein sterk valkamp for Ap. Vårt Land målte partiet heilt nede på 14-talet i desember i fjor. Han bidrog gjennom ein lengre valkamp frå vinteren fram til valdagen med å løfte partiet over tjue prosent. Vi har gjennom våren sett ein meir offensiv og poengtert statsminister. Innsatsen i partileiardebattane har overtydd mange om at Støre er partiets leiar.

Ein viktigare grunn til at Støre ikkje kjem til å trekke seg, er den om at det per dags dato ikkje finst noko reelt alternativ til Støre som Ap-leiar. Verken Tonje Brenna eller Jan Christian Vestre er klare til å overta i morgon. For begge er det for tidleg etter at dei kom i regjering i fjor, men spesielt for Brenna er det for tidleg etter bråket om habilitetsfeil ho gjorde før sommaren.

Det er derfor ikkje grunn til å tru at det blir sterk nok kraft i kravet om at Støre skal gå. Han får berre håpe at pilane i norsk økonomi peikar i positiv retning før det er val igjen om to år.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar