Kommentar

Moes tabbe burde ikkje ha vore lov

Jonas Gahr Støre har endå ikkje bytta ut ein einaste statsråd frivillig. Likevel er Ola Borten Moe no den fjerde som må gå frå Støres regjering. Saka gir vatn på mølla til dei som meiner Støre manglar kontroll.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Regelverket for statsrådar er eigentleg klinkande klart, viss vi skal sei det litt folkeleg: Dei skal ikkje kjøpe enkeltaksjar, med mindre det er heilt spesielle grunnar til det.

Likevel har minister for høgare utdanning, Ola Borten Moe, gjort det. Fredag kveld fekk han eit nitrist sorti frå norsk politikk.

Statsrådane må lese eigne reglar

Då tidlegare kulturminister Anette Trettebergstuen måtte gå av som statsråd i juni, vifta statsminister Jonas Gahr Støre med eit lite hefte med tittelen «Håndbok for politisk ledelse». Der står eigarskap til aksjar oppført som eit av fem konkrete døme på tilfelle som kan gje grunn til å vurdere habilitet.

Det står òg at politisk leiing generelt skal vise ei betydeleg grad av aktsemd ved sine disposisjonar i aksjemarknaden.

At det ikkje var ei tydelegare og betre handtering frå SMK og Støre mellom tysdag og E24 si publisering fredag, er oppsiktsvekkande

Korleis kunne Borten Moe ikkje ha lese desse linjene?

Fleire rettar no skytset mot regjeringssjef og statsminister Jonas Gahr Støre.

Ola Borten Moe er no den fjerde i rekka som må gå av på grunn av feil, skandalar eller tabbar. Tidlegare har Hadia Tajik (Ap), Odd Roger Enoksen (Sp) og Anette Trettebergstuen (Ap) måtte tole same skjebne. Stillinga står altså 2–2 mellom partia.

Støres manglande kontroll

Jonas Gahr Støre har dermed ikkje bytta ut ein einaste minister frivillig.

Burde ikkje statsministeren og SMK ha tatt meir kontroll og følgd opp statsrådane sine betre for å hindre så elementære tabbar? Og når tabbane først skjer, kvifor er ikkje då statsministeren og hans stab meir offensivt på bana for å styre saka?

Nokre svar fekk vi i den lange pressekonferansen der Borten Moe gav eit oppsiktsvekkjande ærleg innblikk i regjeringas indre liv: Han orienterte SMK på tysdag, men fekk vite at statsminister Støre var på ferie. Ikkje før fredag hadde dei to snakka saman. Då var det tydeleg at Støre gav signal om at Borten Moe ikkje kunne halde fram, sjølv om ministeren gjerne ville det sjølv.

At det ikkje var ei tydelegare og betre handtering frå SMK og Støre mellom tysdag og E24 si publisering fredag, er oppsiktsvekkjande.

Bør ikkje vere lov med aksjehandel

Til statsministerens forsvar bør ein forvente at statsrådane kan lese sine eigne habilitetsreglar. At Ola Borten Moe ikkje berre kjøpte aksjar, men heller ikkje innrapporterte det til SMK er vanskeleg å forstå.

Saka bør få konsekvensar for habilitetsregelverket i regjeringa. For norske journalistar er det til dømes i dei aller fleste redaksjonar tilfelle ikkje lov å kjøpe enkeltaksjar. Eit slikt forbod burde det ikkje vere vanskeleg å innføre også for statsrådane i regjeringa. Dagens tilråding er ikkje nok, då berre moglegheita for at slik handel finn stad, er med på å sveikke tilliten til politikarane.

Kamp mellom fløyar i Senterpartiet har ikkje alltid vore noko dans på roser eller søndagsskule

Ola Borten Moe kom med fleire ærlege fråspark på pressekonferansen fredag kved, men eit av dei bygga oppunder tanken om eit forbod mot aksjehandel for statsrådar. Det var då han sa at det ikkje skal vere mogleg å vere statsråd i noko departement, og samstundes handle med enkeltaksjar.

Det har han rett i.

Mogleg fløykamp i Senterpartiet

Sjølv om Borten Moes politiske fall er ille for hans eiga politiske karriere, er saka om mogleg endå verre for Senterpartiets posisjon og makt inne i regjeringa. Fleire har peika på at Odd Roger Enoksen og Ola Borten Moe var blant dei to sterkaste statsrådane til partiet i regjering. Enoksen var kjend for å koordinere og styre Senterpartiets standpunkt i regjering og på regjeringskonferansane, medan Borten Moe vart rekna som den andre sterke Sp-stemma.

Det kan hende partiet no vil trenge den erfarne og sterke Senterparti-politikaren Marit Arnstad inn i regjering.

No som begge desse er borte, er det Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet som må ta konsekvensane. Fleire av Borten Moes gamle fiendar i partiet pustar kanskje letta ut, men det kan samstundes bryggje opp til fløykamp. Vedum får eit kommande nestleiarval i fanget, rett før ein allereie krevjande valkamp er i gong.

Kamp mellom fløyer i Senterpartiet har ikkje alltid vore noko dans på roser eller søndagsskule.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar