Barna må få smake på det beste
BARNEKULTUR: Denne helga blir Noregs største kulturfestival for barn arrangert i Oslo. Miniøya si satsing på dei minste blant oss, bør inspirere mange.
SATSAR: Kulturfestivalen Miniøya har frå starten av satsa på kvalitetsartistar som kan overraske både barn og vaksne. Festivalen bør inspirere mange til å la barna smake på det beste, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Gorm Kallestad / NTB kultur / NTB
Vi er på full fart inn i sommaren. Med pandemiske restriksjonar på trygg avstand, er det sikkert mange som kjem til å besøke ein musikkfestival eller eit stemne dei neste par månadene. I hovudstaden kan du denne helga delta på kulturfestivalen Miniøya, vel å merke dersom du er i følgje med ein «mini». Miniøya har øvre aldersgrense på 16 år og er Noregs største kulturfestival for barn. Vaksne får lov til å bli med barna sine, men må stumpe røyken og sløkke tørsten med andre drikkar enn øl. På det røyk- og alkoholfri arrangementet er det barna som står i sentrum på alle vis.
Det gjer dei utan at det blir kompromissa på kvalitet. Tvert om. Miniøya er blant aktørane her til lands som har satsa tungt på at barn har like stor rett til gode kulturopplevingar som vaksne. Barnefestivalen sprang ut av Øyafestivalen, som sidan oppstarten i 1999 vaks til å bli ein av Noregs største musikkfestivalar, og som allereie frå dei første åra hadde eigne barneaktivitetar og familievenleg program på dagtid laurdag.
Det var dermed folk med nase for kvalitet som starta opp Miniøya, som Linn Catrine Lunder og Claes Olsen. Ved oppstarten i 2009 kunne initiativtakarane fortelje at dei hadde planar om å overraske barn og vaksne med både kjente og mindre kjente kvalitetsartistar. Og slik har det også vore. Musikktilbodet på Miniøya har vore til glede både for foreldre og barn. «Den beste festivalen som er ferdig til klokka seks», skreiv eg i Vårt Land for åtte år sidan.
Bestill abonnement her
KJØP