Kommentar

Vi er kanskje trygge no, men i framtida vil nordmenn trenge Europa

Den steile motstanden mot norsk EU-medlemskap er eigentleg eit tryggleikspolitisk eksperiment for Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Det er altfor tidlig med en omkamp om norsk EU-medlemskap», skreiv min sjef Bjørn Kristoffer Bore i denne avisa for nokre veker sidan. Utan tanke på konsekvensane og stemninga på kontoret, vil eg sei meg sterkt usamd med sjefredaktøren.

Det er allereie i ferd med å bli for seint. Snart vil Norge trenge Europa meir enn dei vil trenge oss. Vi sit fast i ei etterkrigstenking og ein Nato-tryggleik som passa godt i 1950, men som for alvor gjekk ut på dato med krigen i Ukraina.

Treng berre eitt argument for norsk EU-medlemskap

La oss først zoome ut: Det er storkrig i Europa for første gong sidan 1945. I USA har ein tidlegare president med eit nesten ikkje-eksisterande demokratisk sinnelag varsla at han stiller på nytt i neste val. Det autoritære kinesiske kommunistpartiet er i ferd med å legge store delar av verda under si maktsfære. Det blir færre demokrati, mindre fridom og meir diktatur i verda.

Det er ingen dristig påstand å hevde at vi lever i ei meir utrygg verd enn på lenge.

Gløym alle argumenta for norsk EU-medlemskap du har høyrt til no. Felles europeiske verdiar, solidaritet, medbestemmelse, å få sitte rundt bordet i Brussel når lovar og reglar blir vedtekne og alt det der.

Forskjellen mellom Norge og Moldova er at andre land ønsker seg inn i EU, medan det i Norge framleis herskar ei ignorant haldning om at vi ikkje treng unionen.

—  Emil André Erstad, kommentator

Vi treng eigentleg berre å tenke på dette eine argumentet: Tryggleik.

Midt i det stormfulle farvatnet av autoritære leiarar står EU att som eit liberalt fyrtårn som vaktar fridom og demokrati. Dei har mellom anna stogga den autoritære utviklinga i både Polen og Ungarn fleire gonger, og stilt seg fremst i kampen for eit fritt Ukraina. Fleire av dei viktigaste medlemslanda i EU også er medlemer av Nato, men EU har på eige initiativ stilt opp for den ukrainske fridomskampen i stort monn.

Derfor ønsker andre land seg inn i EU

Det er sjølvsagt eit problem at kvar gong EU-leiarane sit rundt bordet i Brussel for å diskutere krig og fred, sitt Norge på gangen. I Europa er vi i selskap med land som Ukraina, Moldova, Bosnia og Hercegovina og Serbia.

Forskjellen mellom Norge og Moldova er at andre land ønsker seg inn i EU, medan det i Norge framleis herskar ei naiv haldning om at vi ikkje treng unionen. Den dagen vi treng EU meir enn dei treng oss, kjem raskare enn vi trur. Sjå berre på kronekursen.

Kvifor ønsker dei andre seg inn? Mykje handlar om at dei har forstått at det er tryggare.

Å ville stå utanfor EU bygger på nasjonalisme, sjølvråderett og patriotisme i fredstid, men den dagen krigen trugar er nei-standpunktet rett fram farleg for oss som land. Vi har ei grense til Russland og Kina har store interesser i Arktis. Alle fryktar vi kva som kan skje på til dømes Svalbard.

Vi har jo Nato, seier EU-motstandarane. Så kva skal vi med EU? EU er jo ingen forsvarsallianse.

Ettersom USA er den klart største og mektigaste militærmakta i den transatlantiske alliansen, kviler mykje av vår tryggleik i Nato på kva strategi amerikanarane har. Krigen i Ukraina ville sannsynlegvis vore over med ukrainsk kapitulasjon, viss Donald Trump hadde vore president då russarane invaderte. Amerikansk militærhjelp har vore av ekstremt stor betydning for Ukraina. Han meiner som kjend at europearane må klare seg sjølv militært.

Amerikanarane må tenke på seg sjølv

Det er langt fleire enn Trump i amerikansk politikk – også langt inn i Det demokratiske partiet – som meiner Europa må stå meir på eigne bein militært og tryggleiksmessig. Det har vore ei nerve i amerikansk politikk heilt sidan president Dwight Eisenhower i 1959 klaga over manglande militær eigeninnsats i Europa. I dag er det både haukar og realistar som tar til orde for det same: Haukane som snakkar om å avskrekke Kina i Stillehavet, og realistane som snakkar om å få ned militærkostnadane USA nyttar på europearane.

Krigen i Ukraina har styrka dei sistnemnde si sak, ettersom den har vist at dei væpna styrkane til Russland åleine neppe ville vore i stand til å truge mange europeiske land. Slik sett er det ikkje urimeleg at amerikanarane fokuserer sine militære kapasitetar mot Kina – som mange reknar som ei langt meir potent militærmakt enn Kremls. Det er semje i Washington at dei ikkje vil klare å kjempe mot både kinesarane i Stillehavet og russarane i Europa samstundes. Tvert om er det meir snakk om at ei militær krise i Taiwan-stredet vil tvinge amerikanarane bort frå Europa fortare enn mange ville forventa.

Men då Bore stod ute på dekk på det amerikanske krigsskipet, burde han tenkt at det i framtida ville vere mykje tryggare for Norge om det som låg ankra opp i Oslofjorden var eit norsk EU-medlemskap.

—  Emil André Erstad, kommentator

Derfor er det å lene seg på amerikanarane og berre Nato i tryggleikspolitikken det same som å putte alle egga i ein kurv. Den tryggleikspolitikken passa godt for 60 år sidan, men tida der USA er den einaste stormakta i verda er forbi. Klart amerikanarane må tenke på seg sjølv også.

Utanom etter terroråtaka på USA 11. september 2001, har ingen land nokon gong testa kjerna Nato-alliansens solidaritet – den berømte artikkel 5 – som seier at eit åtak på på eit eller fleire land skal bli rekna som eit åtak på alle. Sannsynlegvis vil vi heller aldri ønske å teste den solidariteten i praksis.

Skulle det likevel skje, er det sikkert at ein økonomisk allianse av EUs kaliber i botn, ville gjort det langt meir sannsynleg at vi ville fått hjelp. Heile ideen bak EU er jo at alliansen skapar band som er ubrytelege. Djupare europeisk integrasjon er tryggare.

Norge mest utrygt i Norden

Fram til Finland og Sverige søkte om Nato-medlemskap, var Norge likestilt med sine to naboland. Dei var medlemer av EU, medan vi var medlem av Nato. Begge hadde derfor ein fot innanfor i eit større fellesskap av allierte land. No som Finland også er medlem av Nato, og Sverige snart blir det, står Norge framleis med ein fot utanfor fellesskapet av allierte land. EØS er meir utanfor enn EU. Sagt på ein annan måte:

Vi blir no det mest utrygge landet i Norden.

Feeden i sosiale medier var denne veka full av folk som hylla ankomsten av det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslo. Ein av dei som til og med fekk vitje skipet var EU-kritikaren og Vårt Lands sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore. Mantraet var at det amerikanske nærværet gjer oss tryggare. Akkurat no er det kanskje sant.

Men då Bore stod ute på dekk på det amerikanske krigsskipet, burde han tenkt at det i framtida ville vere mykje tryggare for Norge om det som låg ankra opp i Oslofjorden var eit norsk EU-medlemskap.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar