Eg veit ikkje om Vårt Lands sjefredaktør Bjørn Bore ser seg råd til å engasjera ein ekstern fagperson til å skriva ei ny historiebok til 80-års jubileet i august i 2025. Det er gode grunnar til å skriva om avisas rolle i dei tre tiåra som er gått sidan Per Voksø skreiv «I strid siden freden» til 50-års jubileet. Men det er også viktige hol i boka til Voksø.
Vårt Lands første utgåve 31. august i fredsåret kom akkurat i tide til å dekkja landssviksaka mot Vidkun Quisling. Hyllinga som Vårt Land 11. september 1945 gav av dødsdommen mot Quisling, er sitert av Voksø: «Han må betale rettferdigheten den høyeste pris. Billigere slipper han ikke, og best er det så. Oppgjøret blir mer hurtig og greit for alle parter. Folket vårt blir ferdig med landsforræderen Quisling.»
[ «Hjerteskjærende historier om mennesker som i år etter år forsøkte å bli heterofile» ]
Ei grundigare drøfting av dødsstraff fann Vårt Lands ansvarlege redaktør ingen grunn til. Sjølv kom Bjarne Høye frå etterretningstenesta og informasjonstenesta til eksil-regjeringa i London. Som redaktør i den ferske avisa, danna for å prega samfunnet med kristne verdiar, var han klar for «en mental storrengjøring – både hos forbryterne selv og hos folket som helhet». Quisling vart, etter stadfesting i høgsterett, skoten 24. oktober 1945.
Oppsiktsvekkjande
Vårt Lands historieforfattar Per Voksø fann ingen grunn til å sitera starten av leiarartikkelen om dødsdommen: «Det var for såvidt ingen spenning omkring rettens resultat, som var enstemmig, bortsett fra et par betydningsløse punkter.»
Quisling var tiltalt for med forsett å ha medverka til drap på norske jødar. Men fleirtalet i lagmannsretten frifann han her. Quisling, som i retten framstilte seg som uskuldig og uvitande, vart i staden dømt for aktlaus medverknad, ein svært vesentleg skilnad. Vårt Land nemnde faktisk ikkje drapa på norske jødar med eit einaste ord og plasserte altså frifinninga av Quisling i spørsmålet om forsett blant «betydningsløse punkter».
Usemja om antisemittismen var tydeleg. Vårt Land tok i andre samanhengar til orde for at berre ytterleggåande fiendskap mot jødar skulle kallast antisemittisme.
— Johannes Morken, gjestekommentator
Det er, mildt sagt, oppsiktsvekkjande tankelaust. Lagnaden til dei deporterte og avliva jødane var langt unna radaren – diverre også i historieboka 50 år etter.
Voksø hasta i «I strid siden freden» vidare til striden om avisa skulle ha kinoannonsar. At annonsane vart fjerna, vart viktig for kulturprofilen Vårt Land fekk. Men viktige spørsmål hamna i skuggen – som ei drøfting av Vårt Lands posisjon i debatten om antisemittismen som overlevde Holocaust.
Hatet som overlevd
I boka «Historie og moral» (2020) har historikar Kjetil Braut Simonsen studert fleire aviser i dei første etterkrigsåra, inkludert Vårt Land. Vårt Land gjekk i rette med dei som hevda at kyrkja ikkje tok avstand frå antisemittisk tankegods. 17. januar 1947 brukte Vårt Land Israelsmisjonens arbeid som prov på kyrkjeleg motstand mot jødehatet.
I dag veit vi at det argumentet har to sider. Ja, Israelsmisjonen hadde gjort mykje godt. Men først nyleg har misjonen sjølv teke tydeleg avstand frå det klassiske jødehatet som to sentrale leiarar stod for på 1930-talet, omtalt her tidlegare i år.
[ Erling Rimehaug: Israels kompliserte fødsel ]
Antisemittismen i misjonens sentrale rekkjer tok heller ikkje slutt med Holocaust. Christian Ihlen, formann fram til 1948, stod for klassiske antisemittiske stereotypiar også etter krigen, som i Aftenposten i april 1947. Jødehatet skuldast, meinte Ihlen, ein gruppekonflikt mellom to partar. Jødane var med andre ord medansvarlege for hatet mot dei.
Ihlen vart kritisert for å «overtre grensene for hva som kunne sies i offentligheten», som Braut Simonsen skriv. I ein fotnote fortel han om fleire som gjekk i rette med Ihlen. Vårt Land er ikkje på lista.
Terror i Jerusalem
Braut Simonsen har også henta fram debatten etter at grev Folke Bernadotte vart drepen i Jerusalem 17. september 1948. Folke Bernadotte hadde fått heltestatus etter å ha leia aksjonane til Raudekrossen for å berga fangar i tyske konsentrasjonsleirar. Bak drapet stod ein jødisk terrororganisasjon, Stern-ligaen. Drapet vart møtt med sterke norske reaksjonar.
[ KrF står helt alene i vern av liv-forslag ]
Vårt Land skreiv at Stern-ligaen stod bak og kommenterte drapet dagen etter, under overskrifta «Jerusalem - Jerusalem». Eg siterer: «Jerusalem er byen som en gang Vår Herre og Mester gråt over. Jesus gråt over dens gjenstridighet (…) Hvor mange nye tårer skal renne som følge av denne udåd? Og hvilken ny skyld har du brakt over ditt hode, du ulykksalige by, som nå igjen er blitt splidens og krigens bolig? (…)»
Vårt Land vart sterkt kritisert for å meina at det kvilte ei særskilt forbanning over Jerusalem, ein by avisa skildra: «Du er blitt kalt ‘en gullskål full av skorpioner’, og du sanner ditt rykte.» Avisa bad Jerusalems sønner og døtre samla seg ved Klagemuren «for at de kan gråte over seg selv og sitt Israel». Det indikerte at jødane kollektivt burde føla skuld for drapet, kommenterer Braut Simonsen.
Gamaltestamentleg retorikk
Vårt Lands (og Aftenpostens) leiar om drapet utløyste i 1948 debatt om kva som kunne og ikkje kunne seiast om jødane. Aller hardast ut gjekk Ragnar Kvam i Dagbladet. Men lat meg sitera VG som kritiserte Vårt Land for å bruka gamaltestamentleg retorikk og slik antyda at jødane som gruppe var ansvarleg for ugjerninga.
Vårt Land har i dei snart 50 åra eg har kjent avisa både som abonnent og tilsett stått stødig mot antisemittisme. Men rolla avisa tok dei første etterkrigsåra, bør undersøkjast nærare, for neste historieverk.
— Johannes Morken, gjestekommentator
«Synsmåtene i Vårt Land er i slekt det mystiske resonnementet at en særlig byrde av synd og skyld hviler på jødene som utvalgt og vanartet folk. Fra denne tankegangen stammer en stor del av jødenes lidelser gjennom to tusen år», skreiv VG.
Vårt Land svarte at det ikkje kviler noko meir «mystisk skyld over jødene enn over hvilket som helst annet folk i en liknende situasjon. Men heller ikke mindre.» Inga regjeringa kan unndra seg ansvar for politiske terrororganisasjonar som finst i deira midte – og Jerusalems søner og døtre burde altså gråta, meinte Vårt Land.
Det som forma avisa
Usemja om antisemittismen var tydeleg. Vårt Land tok i andre samanhengar til orde for at berre ytterleggåande fiendskap mot jødar skulle kallast antisemittisme. Avisa søkte, ifølgje Braut Simonsen, å tona ned kristent medansvar for jødehatet.
[ Kaja Melsom er ateist. Likevel synes hun kristendommens «arvesynd» er en sympatisk idé. ]
Vårt Land har i dei snart 50 åra eg har kjent avisa både som abonnent og tilsett stått stødig mot antisemittisme. Men rolla avisa tok dei første etterkrigsåra, bør undersøkjast nærare, for neste historieverk. Det var meir enn vedtaket om å droppa kinoannonsane som forma avisa.