Kommentar

Tene Gud – eller folket?

Det kan på sikt bli eit demokratisk problem at ei stadig mindre kristen innbyggjarmasse i overveldande grad vert representerte av kristne politikarar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nesten ni av ti representantar i den ferske Kongressen oppgjer at dei er kristne — medan berre drygt 60 prosent av vaksne amerikanarar gjer det same. Det viser ferske tal samla inn av det politiske magasinet Roll Call.

Sidan 2007 har delen kristne i befolkninga gått frå 78 prosent til 63 prosent. Nesten ein av tre amerikanarar seier no at dei ikkje er tilknytt nokon religion, men berre eitt einaste medlem av Kongressen, Arizona-senator Kyrsten Sinema, høyrer til denne gruppa. I tillegg finn vi eitt kongressmedlem som kallar seg humanist.

Det gjer menneske utan religiøs tilhøyr til den mest underrepresenterte gruppa i amerikansk politisk liv. Sjølv om vi i liten grad har tilsvarande tal å stø oss på for norske forhold er det grunn til å anta at situasjonen er svært annleis i Noreg.

Upopulær ateisme

Den store og aukande gruppa amerikanarar som ikkje identifiserer seg med eit trussamfunn eller ikkje har ei tru er ikkje jamt fordelt politisk. Ateistar spesielt er i større grad liberalt anlagde, det same gjeld stort sett dei som oppgjer å vere agnostikarar. Men dei er få: Berre 4 prosent oppgjer å vere ateistar og 5 prosent agnostikarar. Denne gruppa, som har ei medviten haldning til spørsmål om tru og religion, er også meir tilbøyelege til å vere aktive i politikk og samfunnsliv — men er altså ikkje på langt nær politisk representerte i forhold til storleiken på gruppa.

Ei studie gjort i 2018 viser at amerikanarar generelt har eit langt dårlegare inntrykk av ateistar enn av menneske med ulike religiøse tilhøyr. Respondentane vart bedne om å vurdere ulike grupper på ein skala frå 1 — «svært negativ» til 5 — «svært positiv». Medan kristne får ein score på drygt 4 og buddhistar, hinduar, jødar og muslimar alle ligg midt på tre-talet, vurderer amerikanarar generelt ateistar til fattige 3 på skalaen. (Ateistar vurderer jamnt alle grupper, også med-ateistar, til 3,5.)

Det vert opplevd krevjande å forsvare eit ikkje-religiøst livssyn som toppolitikar

Fordel å vere kristen

Så langt ser dette ut til å stadfeste det som lenge har vore ei sanning i amerikansk offentlegheit: Skal du få tillit frå veljarane, er (kristen) tru ei føresetnad. Formelt er det i USA eit skarpt skilje mellom kyrkje og stat, men i praksis kan det virke annleis: Landet har knapt hatt ein president som ikkje, i alle fall nominelt, vedkjenner seg ei kristen tru og eit kyrkjeleg tilhøyr. Det vert opplevd krevjande å forsvare eit ikkje-religiøst livssyn som toppolitikar.

Mange veljarar ser likevel ut til å oppleve at dette har fungert godt: Rundt halvparten av amerikanarar meiner det er svært eller ganske viktig at presidenten har ei sterk religiøs overtyding, sjølv om den er ei anna enn respondenten si.

«Nothing in particular»

Den største delen av gruppa utan eit religiøst tilhøyr — i dei nyaste målingane utgjer dei om lag 20 prosent av innbyggjartalet, dobbelt så mange som ateistar og agnostikarar til saman — er dei forskaren Phillip Schwadel kallar NIP, etter svaralternativet «nothing in particular» på spørsmål om kva religion ein har. Schwadel skildrar NIP som generelt relativt uinteresserte i politikk, og det er lite sannsynleg at ein NIP er politisk aktiv.

Her ligg ein annan del av grunnen til at denne gruppa er underrepresentert i amerikansk politisk liv: Dei er ikkje berre ikkje-truande, dei er mindre engasjerte ut over eige daglegliv og lokalmiljø. Dei er ikkje politisk representert fordi dei vel å late vere.

Kristent engasjement

På motsett side kan vi også her ane nokre av konturane av kvifor kristne framleis er så overrepresenterte i Kongressen: For mange aktive kristne er engasjement i ein lokal kyrkjelyd første steg i eit større samfunnsengasjement, og mange ser det som ei kristenplikt å ta samfunnsansvar.

Måten det amerikanske politiske systemet er lagt opp gjer at stega frå eit lokalt engasjement til eit nasjonalt politisk verv ikkje treng å vere så lang, særleg ikkje om du har eit nettverk i ryggen. Til dømes ein kyrkjelyd eller eit heilt kyrkjesamfunn.

For mange kristne er engasjement i ein lokal kyrkjelyd første steg, og mange ser det som ei kristenplikt å ta samfunnsansvar

Manglande mangfald

Det livssynsmangfaldet som finst i den nye Kongressen er det stort sett demokratane som står for: 99 prosent av dei republikanske folkevalde i nasjonalforsamlinga oppgjer at dei er kristne, og med unnatak av to er alle kongressmedlemmene som representerer andre tru og livssyn demokratar.

Det er alvorleg at ikkje-truande amerikanarar i så stor grad manglar representasjon på øvste politiske nivå. Det kan på sikt bli eit demokratisk problem at ei stadig mindre kristen innbyggjarmasse i overveldande grad vert representerte av kristne politikarar.

I takt med at amerikanarane vert mindre kristne, og generelt mindre religiøse, må partia i større grad ta det aukande livssynsmangfaldet på alvor. I praksis vil det seie at begge parti må jobbe aktivt for å rekruttere og promotere kandidatar av ulik bakgrunn. Det vil vere sunt, både for amerikansk politikk og kristenheit.


Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar