Tysdag morgon sleppte artisten Bono sine litterære memoarar. Boksleppet gjekk sjølvsagt føre seg på Bonos vis — «worldwide», på mange språk samtidig, inkludert norsk. Eg har bladd og lese i boka mens eg har tenkt tilbake på mi eiga ungdomstid. U2 trefte meg på terskelen til tenåra. I nokre intense og formative år var dei med på forme meg, om ikkje til å bli «den eg er i dag», så iallfall med nokre små drypp ned i støypeskeia.
[ Bono og U2 trodde de måtte velge mellom Jesus og musikken ]
Mykje vatn har runne sidan den gong. Det er mange år sidan U2 var lydsporet i livet mitt. Men når Bono no ser seg tilbake, slår eg gjerne følgje i tilbakeblikket. Eg blei i liten grad innrulla i den såkalla «kristne musikken» som ungdom på 1980- og 1990-talet. Derimot var det av betydning for meg at Bono hadde ei kristen tru.
Særleg ungdommar treng førebilete. Eg trur ikkje eg idylliserte Bono, heller ikkje digga eg han. Men eg likte at han var kristen. Og eg likte låtane.
— Alf Kjetil Walgermo, journalist
Eg var berre vesle gutungen då U2 platedebuterte med Boy i 1980, og det gjekk mange år før rytmane og melodiane fann vegen frå Irland til min eigen tilhaldsstad på Sunnmøre. Då eg blei interessert i bandet på slutten av 1980-talet, var dei allereie blitt store og populære — verken undergrunn eller «the next big thing». Men kjensla av å finne eit band som var i verdsklasse innan rocken, med tekstar som ofte var tufta på bibelsk tankegods, der frontfiguren og fleire andre i bandet var kristne, var avgjort god.
Slik var det den gongen, og kanskje er det litt slik framleis. Særleg ungdommar treng førebilete. Eg trur ikkje eg idylliserte Bono, heller ikkje digga eg han. Men eg likte at han var kristen. Og eg likte låtane.
Skriv om livssynet sitt
I memoarboka Surrender. 40 låter, én historie fortel Bono ein god del om livssynet sitt. Om oppveksten med katolsk far og protestantisk mor. Forholdet til faren Bob var temperamentsfullt. Eg skal ikkje bruke plass på det her. Forholdet til mora Iris var nært, men ho døydde då Bono var 14 år. Det er dramatisk: Iris segna om i gravferda til sin eigen far og døydde nokre dagar seinare.
Det var Iris som hadde hatt handa på rattet i trusopplæringa i Bonos barndomsheim. Difor blei vesle Paul — Bono heiter eigentleg Paul David Hewson — sendt til den protestantiske kyrkja i oppveksten. I ungdommen fekk han impulsar frå meir karismatiske miljø, både gjennom bønemøter på skulen og frå dei han omtalar som «protestantiske gladkristne» i KFUM-miljøet: «Jeg fikk en fornemmelse av det guddommelige, men det var ufullstendig og formløst, så jeg ble fascinert da jeg fant tegn til dette vesenets nærvær. Bibelen opptok meg sterkt. Ordene sto ut fra sidene og fulgte meg hjem».
Eksentrisk er bra i Bonos bok. Han ser på seg sjølv som ein eksentrikar. Han innleier heile boka med å fastslå at han har eit eksentrisk hjarte – som forresten nyleg har hatt behov for ein høgst fysisk hjarteoperasjon.
— Alf Kjetil Walgermo, journalist
Bono opplevde ei vekkingsbølgje i Dublin, som breidde om seg i både katolske og protestantiske samanhengar på denne tida. Over heile Irland var det møter der folk overgav seg til Gud på dramatisk vis, fortel Bono. «De troende sang ekstatisk, til Ånden kom over dem og melodiene endret seg», skriv han. Han fekk seinare vite at det dei opplevde, var «den karismatiske vekkinga».
Sentrert om Jesus
Etter kvart blei både Bono, Edge og Larry Mullen — tre av fire faste bandmedlemmer i U2, den fjerde er Adam Clayton — ein del av det karismatiske Shalom-miljøet. Bono omtalar det som «en slags naiv kristen praksis fra det første århundret, med forventning om få eiendeler, men overflod av mirakler. Medlemmene visste kanskje ikke hvor det neste måltidet skulle komme fra, men de kunne sin Bibel. Det var et strengt og krevende liv som tiltrakk seg noen eksentriske typer».
Eksentrisk er bra i Bonos bok. Han ser på seg sjølv som ein eksentrikar. Han innleier heile boka med å fastslå at han har eit eksentrisk hjarte — som forresten nyleg har hatt behov for ein høgst fysisk hjarteoperasjon.
Dette er ei anna side ved Bonos liv. Her skal vi halde oss til trushistoria.
Bono teiknar eit bilete av si eiga tru som Jesus-sentrert. Han er skeptisk til mykje av den organiserte religionen og til enkeltkyrkjer. Men Jesus er noko anna. Bono har heile vegen hatt Jesus med i livet sitt, som det heiter særleg i lågkyrkjelege miljø: «Jeg var alltid førstemann når det var altergang, ‘kom til Jesus’-øyeblikket. Det er jeg fremdeles. Hadde jeg vært på kafé nå og noen hadde sagt: ‘Reis deg hvis du er klar for å vie ditt liv til Jesus’, hadde jeg vært den første. Jeg tok Jesus med meg overalt hvor jeg gikk og sto, og gjør det fremdeles. Jeg har aldri utelatt Jesus fra selv de mest banale og verdslige gjøremålene i livet».
— Lev kjærleiken
I det nyaste nummeret av magasinet Strek skriv journalist Olav Solvang interessant om korleis trua på Jesus på eit tidspunkt heldt på å løyse opp U2 som band. Slik skulle det heldigvis ikkje gå. U2 held framleis koken, over 40 år sidan debutalbumet.
[ U2: Rockens forkynnende kraftkilde ]
Det gjer også Bonos kristne tru, sjølv om truande innimellom kan vere ein pest og ei plage for artisten. Han likar det ikkje når folk prøver å slå han i hovudet med trua si.
[ Emil André Erstad: Mytane om bistand må sprekke ]
«Jeg holder meg til det Frans av Assisi skal ha sagt til sine disipler», skriv Bono. «Gå ut i verden og forkynn evangeliet, og bruk ord om nødvendig».
Difor er kjærleiken så sentral for vokalisten i U2, eit emne han har skrive mange låtar om. Som han seier: «Jeg ønsker ikke at sidemannen min skal gjøre intense forsøk på å selge meg sitt svar på de store spørsmålene. Lev kjærligheten, er det rette svaret».
Sjølv Bono lukkast ikkje alltid med det. Men intensjonen bør vere til inspirasjon for oss alle.