Det forferdelege etterlivet
Eg trur verda hadde blitt betre for oss alle om vi kunne bli samde om ein ting: Ingen veit kva som skjer etter døden.
TENN BÅL: - No er det haust og mørkt om kveldane. Mitt beste tips er å invitere vennene dine ut i mørket, tenne eit bål og snakke om kva som skjer etter døden, skriv David Sviland.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Aslaug Olette Klausen etterlyser ein ny måte å snakke om helvete på. Det vil eg freiste å gjere no. Kva med å byrje med å erkjenne at du ikkje veit kva som skjer etter døden. Kanskje trur du på ein himmel, atterføding eller total tilinkjesgjering. Det er heilt greitt. For meg må du tru på kva du vil og så hardt du klarar. Men pass på. Vegen frå tru til skråsikker visse er kort for både religiøse og ikkje-religiøse. Og det er ved dette skiljet problema byrjar.
Ein torsdag ettermiddag tidlegare i haust var eg til stades på eit arrangement i Stavanger kor iranarar samla seg for å fortelje om sine erfaringar frå det undertrykkjande presteregimet i heimlandet. Ei kvinne fortalde korleis trusselen om helvete vart brukt systematisk til å styre handlingane og liva til iranske kvinner. Å vise håret, føtene, eller vere åleine med ein annan mann og mange andre småting er døme på handlingar ein bør unngå for å vere på den sikre sida. Det gjekk til hovudet på ein, fortalde kvinna. «Men det er ikkje sant at ein kjem til helvete for desse tinga» avslutta ho med tårer i auga og applaus frå dei frammøtte.
Kva som skjer i etterlivet
Bestill abonnement her
KJØP