Kommentar

Ingen besøkte Mossa av plikt

MINNEORD: Det siste me gjorde, var å syngja ‘Den fyrste song’ medan me heldt kvarandre godt i hendene. Bertha Elisabeth (Mossa) Sivertsen hadde ei sterk tru på Gud, og takka for det gode livet ho hadde. No takkar me henne for alt ho gav oss.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

26. februar i år hadde Vårt Land ein fyldig laurdagsreportasje om Mossa Sivertsen på Mosterhamn i Sunnhordland. Eit episenter for kjærleik, var tittelen.

Journalisten og fotografen var hjå Mossa ein heil dag og skildra på ein god måte den varme, kloke og oppvakte eldre kvinna. I ein alder av 97 år budde ho i heimen sin med fem barn, barnebarn og oldebarn busette i ein sirkel rundt seg.

Alle ville til Mossa

Vårt Land var vitne til at det stadig kom folk innom på besøk. Alle ville til Mossa – anten for ein prat eller berre stikka innom med ein pose bakst til kvelds. Det var eit levande hus der det var godt å vera.

Me besøkte henne fordi me kjende oss rikare og sterkare etter ei stund på kjøkkenet hennar eller i sofakroken

Fredag 7. oktober døydde Mossa i heimen sin. Ho hadde runda 98 år i mai. I sommar og haust hadde ho nokre korte sjukehusopphald, men ho kom seg heim kvar gong og døydde fredeleg utan noko sjukeleie.

Midtpunktet i den store slekta er borte. Sorga er blanda med stor takksemd. Eg vart kjend med Mossa gjennom sonen Kenneth og vart ein av mange ho tok under vengene sine.

Mossa Sivertsen. Bømlo.

Kjende oss rikare og sterkare

Ho hadde ei særskild evne som gjorde at me som kom nær henne, kjende oss verdsette og utvalde. Ho kom tett innpå deg og ville gjerne halda handa di under samtalen. Det var som ein streng dirra mellom henne og den ho snakka med. Historier frå kvardagslivet vart lyft opp når dei kom frå hennar munn.

Ingen besøkte Mossa av plikt. Me besøkte henne fordi me kjende oss rikare og sterkare etter ei stund på kjøkkenet hennar eller i sofakroken. Dette erfarte også Vårt Land sine utsende – dei kjende på den same krafta.

Siste besøket

Turen til Mosterhamn og Mossa har vore eit høgdepunkt for meg dei siste somrane. Det siste besøket var i midten av august i år. Me fekk gode timar saman. Det siste me gjorde, var å syngja Den fyrste song medan me heldt kvarandre godt i hendene.

Mossa hadde ei sterk tru på Gud, og kvar kveld då ho la seg, takka ho for det gode livet ho hadde. No takkar me henne for alt ho gav oss. Me vil sakna varmen, omsorga og kjærleiken hennar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar