Kommentar

Putins veddemål med oss

Ingen i Vesten er einige om kva som er godt nok sluttresultat i Ukraina. Det er Putins beste sjanse – som han satsar alt på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Akkurat no ligg dei ukrainske soldatane i kamp mot dei russiske angriparane langs frontlina i Donetsk Oblast. Kameratar og patriotar fell kvar dag i kampen for landet sitt og fridomen vår. Dei trur dei kjempar for demokratiets framtid i Europa, vår felles framtid. Ofte er ikkje avstanden meir enn fem hundre meter, der dei speidar ut med kikkertsiktet frå geværstillingane. Der kan dei sjå Z-symbolet, fienden, inntrengaren og øydeleggaren.

Kanskje burde dei ukrainske soldatane kikke bak seg, òg.

Putin kan sprette popkornet

For høyrer dei skikkeleg godt etter, vil dei kanskje høyre lyden av summing frå dei europeiske hovudstadane i Nato-alliansen. Lyden av solidaritet som smuldrar opp. Klageropa over høge prisar på drivstoff og straum. Spørsmåla om kor lenge vi kan halde på med å straffe oss sjølv, berre for å hjelpe Ukraina med å ikkje tape ein krig mot Putin.

Blant dei snart 32 medlemsstatane i Nato er det nesten så mange som 32 ulike syn på kva eit akseptabelt utfall på Ukraina-krigen vil vere. Blant dei russiske leiarane er det berre tale om eit utfall: siger.

Spørsmålet er kanskje heller om vi får tredje verdskrigen eller Putins fall først. La oss håpe på det siste.

—  Emil André Erstad, kommentator

Storbritannia satsar alt på at Ukraina vinn krigen mot Russland militært. Frankrike legg opp til at Ukraina ikkje skal tape krigen, men samstundes ikkje audmjuke Russland for mykje. I Baltikum er dei fleste villige til å ofre nesten alt for at Ukraina skal knuse den russiske krigsmaskina, medan Orbán-regimet i Ungarn knapt er villig til å løfte ein finger.

Med andre ord: Vladimir Putin kan eigentleg berre lene seg tilbake, gni seg i hendene og sprette posen med popkorn. Strategien er å vente lenge nok til Vestens Ukraina-solidaritet har smuldra heilt opp.

Der framtida vår vert avgjort

Kva Jonas Gahr Støre og Norge meiner er eit akseptabelt utfall, er vanskeleg å vite. Sannsynlegvis vil Norge stille seg bak eit europeisk kompromiss om ei avtale der russarane får delar av Aust-Ukraina.

Men til kva pris?

Fleire har dei siste vekene tatt til orde for at det ikkje berre er framtida til Ukraina som står på spel, der ute på slagmarkene og i skyttargravene i Donetsk-fylket. Minst like mykje er det dei neste åra for Europa og heile Nato som vert avgjort der kornavlingane er mellombels erstatta med kuler, krut og daude kroppar.

Vil Europa akseptere at Putin slepp unna med det han har gjort i Ukraina? Det som fleire omtalar som forsøk på eit folkemord, med fleire eksempel på grove krigsbrotsverk.

Tre sentrale poeng

Førre veke publiserte den russiske avhopparen og tidlegare toppdiplomaten i FN-byen Genève, Boris Bondarev, ein tekst på Linkedin der han åtvara mot å presse Ukraina til forhandlingsbordet med Russland. Teksten er særs interessant lesing, og kjem mellom anna med tre sentrale poeng:

1) Putins krig mot Ukraina handlar meir om Putin sjølv, enn om Ukraina. Det var den fallande oppslutninga rundt Putin i det russiske folket som førte til angrepet på Ukraina og Krim allereie i 2014, og som i 2022 førte til invasjonen. For å halde makta i Russland er Putin heilt avhengig av at Vesten, Nato og demokratia i verda er den store, stygge ulven som trugar stakkars Moder Russland.

Vi menneske har vanskeleg for å ta innover oss forandring. Krigen i Ukraina er ei slik forandring. Vi håpar framleis på at alt skal gå tilbake til slik det var, men det er kanskje det minst sannsynlege scenarioet.

—  Emil André Erstad, kommentator

2) Å slå Ukraina er ikkje målet i seg sjølv, for Putin. Det er derimot første steg på ein krig mot Vesten, der målet er å svekke Vestens «verdsherredøme».

3) Vestlege leiarar sitt prat om å ikkje provosere og audmjuke Putin, eller eskalere konflikten med Russland, er feil medisin. I staden for å roe konflikten, styrkar det makta til Putin og hans krets.

Putin eller verdskrig

Det siste poenget er særs viktig. Eit av momenta Bondarev nemner i teksten sin, er at vestlege leiarar held fram med å prate med Putin. «Det er umogleg å overtyde Putin ved å prate», skriv den tidlegare toppdiplomaten. I Moskva les dei Vestens haldning om ikkje-provokasjon og framleis opne kanalar til Putin som veikskap.

Dersom Putin blir verande ved makta i Moskva, er det vanskeleg å sjå for seg ei framtid utan militær konfrontasjon mellom Russland og Nato. Enten det, eller så vil Putins krets diktere premissane for ei anna verdsorden enn den dei aller fleste vestlege leiarar ønsker og ser for seg.

Vanskeleg å sjå for seg

Mange er redd for tredje verdskrigen. Det er naturleg. Spørsmålet er kva Kina vil gjere i ei eventuell konflikt mellom Russland og Vesten. For ikkje å snakke om India. Store, folkerike militærmakter som kan skape betydeleg turbulens i ei større konflikt.

Vi menneske har vanskeleg for å ta innover oss forandring. Krigen i Ukraina er ei slik forandring. Vi håpar framleis på at alt skal gå tilbake til slik det var, men det er kanskje det minst sannsynlege scenarioet.

Spørsmålet er kanskje heller om vi får tredje verdskrigen eller Putins fall først. La oss håpe på det siste.






Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar