Kulturkrigaren som vil bli president
Florida-guvernøren vil gjerne bli president. Han har valt kulturkrigen som metode, og hamrar no laus på Disney.
NUMMER TO ETTER TRUMP: I takt med kor kontroversiell Ron DeSantis har vore gjennom dei siste åra har han blitt meir og meir kjent for potensielle veljarar. På dei siste nasjonale målingane er DeSantis ein meir eller mindre god nummer to etter Donald Trump, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
Daniel A. Varela / AP / NTB
Ron DeSantis er ein mann med eit mål. Heilt sidan han vart guvernør i Florida i 2019, har han arbeidd målretta for å skape seg eit namn i nasjonalpolitikken. Etter at han tok over guvernørkontoret har han fram til i år først og fremst profilert seg som ein markant kritikar av koronahandteringa til Joe Biden og demokratane. Han har motsett seg det meste av restriksjonar, spesielt munnbindpåbod, og under hans leiing var Florida mellom dei delstatane som opna opp att samfunnet aller tidlegast – mot offentlege helseråd.
«Don’t say gay»
Men det er i kulturkrigen at DeSantis verkeleg har markert seg dei siste par åra. Mest bråk er det blitt om lova som på folkemunne har fått tilnamnet «Don’t say gay», ei lov som er meint å sikre rettar foreldre har kring kva undervisning borna deira får på skulen. Lova gjer det ulovleg å undervise born frå førskule til 3. klasse om seksuell orientering og kjønnsidentitet, mens undervising på høgare klassetrinn skal vere «passande for alderen til eleven» – utan at dette omgrepet vert nærmare definert i lovteksta. Lova opnar også for at foreldre som meiner borna deira er utsette for upassande undervisning kan gå til sak mot skulen.
Bestill abonnement her
KJØP