Kommentar

MDG-suksessen som aldri kom

Miljøpartiet dei grøne er framleis blant dei minste partia norsk politikk. Denne helga klør partiet seg i hovudet over kvifor suksessen lar vente på seg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I det nye kontorbygget på Stortinget, i det som heiter Prinsens gate 26, kan ein ta heisen opp i 5. etasje. Der deler to parti den smale kontorfløya. Går ein til høgre, sit MDGs vesle gruppe på 3 representantar med eit lite rådgjevarapparat. Går ein til venstre, sit KrFs gruppe, som er like liten. Spøkefullt vert det sagt at dei to partia er i kvar sin ende av partilivet: Det eine er på veg ut av norsk politikk, det andre er på veg inn.

Men kor lenge skal Miljøpartiet Dei Grøne eigentleg vere på veg inn i norsk politikk? Kor lenge kan MDG vere eit ungt, framadstormande og håpefullt parti, før ein ikkje er det lenger? Vegen frå friskt pust til flopp kan vere kort.

Nært, men fjernt sperregrensa

MDG kapra eitt mandat til Stortinget i 2013, då Rasmus Hansson fekk stortingsplass. I 2017 trudde mange at partiet ville gjere det betre og kanskje bryte sperregrensa, men klarte igjen berre å oppnå eitt mandat. Då var det noverande partileiar Une Aina Bastholm som fekk plassen.

I 2021-valkampen låg alt til rette for det etterlengta gjennombrotet for partiet. I valkampen var klimasaka sterkare på dagsorden enn nokon valkamp tidlegare, takka vere den illevarslande klimarapporten FNs klimapanel publiserte i starten av august. Alle månadane i halvåret før valet låg MDG over sperregrensa på snittet av meiningsmålingane.

Krigen i Ukraina har også gitt eit oppsving for dei kreftene i det norske samfunnet som vil produsere meir olje og gass, fordi etterspurnaden frå Europa er større enn på lenge.

—  Emil André Erstad, kommentator

Likevel enda partiet opp med bitre 3,94 prosent av stemmesetlane i valurnene. Så nært, men likevel så fjernt, frå dei avgjerande 4 prosentane. Av partigruppene på Stortinget, var det berre KrFs 3,8 prosent MDG klarte å slå. Sjølv om MDG aldri har hatt ei større gruppe på Stortinget enn no, var det likevel mange i partiet som vart skuffa.

Store lokalt, men små nasjonalt

I helga er partiet samla til det første fysiske landsmøtet sidan 2019. Den gongen såg mykje annleis ut. I lokalvalet få månader etter det landsmøtet, oppnådde MDG eit solid valresultat med høvesvis 6,8 prosent i kommunestyrevalet, og 7,6 prosent i fylkestingsvalet. Det gav 310 kommunestyrerepresentantar og 36 politikarar i dei ulike fylkestinga.

Partiet er derfor store lokalt, men framleis for smått og usynleg nasjonalt.

No er håp snudd til sjølvgransking. I partiet har det vore grundige sjelegranskingar av kva som gjekk gale i august og dei første vekene i september i fjor. Var det for mange parti som tok eigarskap til klimasaka? Hadde partiet ein for dårleg plan med sjølve valkampinnspurten? Var det eigentleg så lurt å stille eit ultimatum på norsk oljeproduksjon, for at partiet skulle ta del i eit regjeringsprosjekt?

Førstedivisjon mot eliteserien

Sjølv tenkjer sentrale MDG-folk at dei mangla erfaring. Der dei andre partia har drive stortingsvalkamp i tiår etter tiår, som ein eliteserie for politiske parti, vart MDG meir som eit førstedivisjonslag som mangla ein plan i kampens siste ti minutt.

Ein skulle jo tru at eit parti med klimasaka som sak nummer éin, ville ha gode kår no. I Norge kjenner vi effektane av klimaendringane på kroppen, med høge straumprisar og ei verre tørke enn på fleire tiår. I Europa har diskusjonen om russisk olje og gass fått høgare fart på det grøne skiftet. I fleire av desse debattane burde MDG ha all moglegheit til å gripe inn med sine løysingar.

Kanskje finn partiet suksessoppskrifta under landsmøtet denne helga. Det er på overtid.

—  Emil André Erstad, kommentator

Krigen i Ukraina har også gitt eit oppsving for dei kreftene i det norske samfunnet som vil produsere meir olje og gass, fordi etterspurnaden frå Europa er større enn på lenge. Det har gitt MDG moglegheit til å nyansere sin politikk, og å finne ein balanse mellom å vere tydelege og samarbeidsvillige. Partileiar Bastholm uttalte mellom anna til Politisk Kvarter på fredag, at partiet støttar at Norge skal vere ein stabil leverandør av gass til Europa.

Ut av hengemyra

Det er litt andre tonar enn dei MDG og Bastholm fronta i fjorårets valkamp.

Framleis ligg partiet støtt under sperregrensa, i tett selskap med KrF. Med unntak av januar, har snittet av målingane plassert partiet godt under 4 prosent.

I helga vil partiet bruke mykje tid på å diskutere kva som skal løfte dei ut av hengemyra. Ein breiare, meir kompromissvilleg profil kan vere del av løysinga — som i spørsmålet om norsk gasseksport etter Ukraina-krigen.

Suksessoppskrift på landsmøtet?

Partiet vil òg diskutere kva syn det skal ha på kjernekraft, norsk EU-medlemskap og framtidige samarbeidskonstellasjonar. Det er stor semje i partiet om at løysinga ligg i å breie ut politikken. Nokre vil kanskje sei at det vil gå på kostnad av å vere eit tydeleg og konsekvent miljø- og klimaparti, men partiet treng også å vise fram verdibodskapen sin på fleire område enn berre i klima- og miljøpolitikken. Veljarane sitt klimaengasjement heng til dømes tett saman med eit sterkt sosialt engasjement.

Her ligg det rom for MDG.

Kanskje finn partiet suksessoppskrifta under landsmøtet denne helga. Det er på overtid.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar