Kommentar

Normalen kjem ikkje tilbake

Volodymyr Zelenskyj talte, stortingsrepresentantane klappa og Jonas Gahr Støre nøler. Med god grunn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ein historisk augneblink å sjå og høyre den ukrainske presidenten tale til Stortinget, inne i sjølve stortingssalen, frå ein skjerm på veggen. Etter å ha gjort det same i nasjonalforsamling etter nasjonalforsamling i den frie, vestlege verda — var turen komme til Stortinget.

Fleire har spekulert i kvifor Norge var så langt nede på lista, etter Danmark og Sverige. Kanskje er det berre eit uttrykk for vår plass i verda, eller så er det kanskje slik fleire har spekulert i: Norge har nølt, og nøler seg framleis fram til korleis ein kan støtte den ukrainske motstandskampen på mest tenleg vis.

Stortingsrepresentar som gret

Stemninga i stortingssalen var intens.

Etter ein uvanleg lang applaus for den spesielt inviterte talaren, byrja fleire stortingsrepresentantar frå ulike parti å gråte. Det skjedde då den ukrainske presidenten fortalde om håpet; at det ein gong i framtida, i eit fritt Ukraina og Kyiv, kan bli arrangert barnetog etter modell frå den norske 17. mai-feiringa.

Støre gjer lurt i å tenke seg om, men for framtida til demokrati og rettsstaten i den framtidige verdsordenen er det ingen tvil om at ukrainarane bør få alle dei våpena dei treng

—  Emil André Erstad, kommentator

I ein liten augneblink der i stortingssalen, var det mange som fekk biletet på netthinna av alle dei ukrainske borna som aldri kan bli del av eit slikt tog. Fordi dei vart råka av russiske kuler, bomber og missil. Dei som aldri får oppleve at Ukraina igjen vart fritt.

Putin får falsk informasjon

Det er vanskeleg å spå i krig og krise, men per no ser det ut til at russarane er på defensiven. Amerikansk etterretning har i den lekka informasjonen om Ukraina-krigen vore påliteleg og treffande. No seier USA at Vladimir Putin ikkje får sanninga frå dei næraste rådgjevarane.

Ingen fortel Putin omfanget av dei russiske tapa i Ukraina.

Ingen fortel han om kor dårleg det russiske militæret presterer eller kor hardt den russiske økonomien vert forkrøpla av sanksjonane.

Ingen har heller fortald Putin at vernepliktige russarar vart utplasserte i Ukraina.

Det er rett og slett ingen som tør. Dermed fell Putin for eige grep, etter å ha bygd opp ein alternativ røyndom i Russland gjennom fleire tiår.

I følge USAs etterretning, skal Putin vere klar over at han får misvisande og usann informasjon frå militærrådgjevarane i Kreml. Det har ført til spenningar mellom han og dei øvste militære leiarane.

Russarane vert audmjuka

Samstundes er moralen blant dei russiske soldatane i Ukraina på veg mot botn. Utanfor den nest største ukrainske byen Kharkiv, som ligg nært den russiske grensa, kunne det ukrainske militæret i går vinne tilbake fleire nøkkelpunkt — og jage russarane tilbake mot grensa.

Det går mot eit så audmjukande tap at dei potensielle reaksjonane frå Putin, skremmer amerikansk etterretning. «Ein av akilleshælane i eit autokrati, er at du ikkje har folk i dei systema som snakkar sant til makta, eller som manglar høvet til å snakke sant», sa den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken.

Ishockeyspelaren Putin

Den legendariske, canadiske hockeyspelaren og seinare politikaren Ken Dryden skreiv treffande i eit innlegg i Washington Post om Vladimir Putins fascinasjon for ishockey: Det er ein del ting Putin ikkje forstår om hockey, siger og reell kamp.

Det held ikkje å kle seg opp i ishockeyutstyr og spele med profesjonelle spelarar på isen utanfor Kreml. Når desse lar han skåre sju mål — så er det ikkje på ekte. Ingen ekte ishockeyspelarar verken spør om, forventar eller aksepterer slikt.

Ishockey er, i følge Dryden, òg relevant for situasjonen i Ukraina: Profesjonelle, ekte ishockeyspelarar tar initiativ, skyt hardt mot mål for å treffe. Men dei verkeleg gode er dei som tar imot treffa, held fram og vinn til slutt. «Akkurat som i Leningrad. Å utslette den ukrainske byen Mariupol, gjer deg ikkje tøff».

Ukraina treng våpen

Akkurat no er det ukrainarane som vinn kampen, sjølv om Putin får presentert ein alternativ røyndom.

Sannsynlegvis vil Putin bli tvungen til ein fredsavtale på eit eller anna tidspunkt. Jo lenger tid som går, dess meir audmjukande vil ein slik avtale bli for Putin.

Sjølv om det kjem fred, våpenkvile eller krigen tar slutt, så vil Vladimir Putin for resten av hans politiske karriere vere ein farleg mann. Og Norge grensar mot Russland

—  Emil André Erstad, kommentator

Den norske statsministeren, Jonas Gahr Støre, nøler med å sende meir våpen til Ukraina. I stortingssalen sat det fleire representantar som er prinsipielle motstandarar av å sende våpen, frå partia Raudt og SV. Mange av partia, mellom anna Høgre og Erna Solberg, ønskjer å sende meir våpen — så lenge det ikkje går utover den norske forsvarsevna.

Trass i at regjeringa sende 2.000 nye panservernvåpen til Ukraina, nøler Arbeidarpartiet og Støre med å støtte landet meir militært. Trass i at det var president Zelenskyjs viktigaste bøn i stortingssalen onsdag.

Det som kjem etterpå

I eit intervju med Dagens Næringsliv under Nato-toppmøtet i Brussel førre veke, sa Støre «men hva kommer etterpå? Vi kan ikke bare kaste rundt oss med fordømmelser hele tiden. Det trengs noe annet også. Vi er nødt til å lande et sted».

Her er kjernespørsmålet: Korleis blir den nye normalen etter Ukraina-krigen? Kva kjem etterpå?

Den russiske utanriksministeren, Sergei Lavrov, har uttalt at Russland og Kina er i ferd med å skape ein ny verdsorden.

Ukrainas FN-ambassadør meiner det farlegaste verda kan gjere er å gå tilbake til normalen.

Og han har rett: Sjølv om det kjem fred, våpenkvile eller krigen tar slutt, så vil Vladimir Putin for resten av hans politiske karriere vere ein farleg mann. Og Norge grensar mot Russland.

Støre gjer lurt i å tenke seg om, men for framtida til demokrati og rettsstaten i den framtidige verdsordenen, er det ingen tvil om at ukrainarane bør få alle våpna dei treng.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar