Kul kyrkje med konservativ teologi

KARISMATIKK: Hillsong har eit konservativt syn på homofili. Krasjar det med imaget deira?

TRENDSENSITIVE: «Hillsong er trendsensitive og klarar stadig kunststykket å underhalde nye generasjonar med eit moderne og ærleg uttrykk» skriv David Sviland.
Publisert Sist oppdatert

Eg har alltid hatt sansen for Hillsong. «Velkommen hjem» står det gjerne på storskjermen når du kjem inn på søndagsgudstenesta, tonen laus og ledig og musikken sit som eit skot. Sjå for deg å vere live på Senkveld med Coldplay som husband, så er du der.

Men dei siste åra har denne rørsla vore i hardt vêr. Her i Norge har leiarkonfliktar og påstandar om fryktkultur prega overskriftene. Internasjonalt har ein utru pastor og ei eldre overgrepssak kasta mørke skuggar over megakyrkja. Den nyleg slepte dokumentaren «Hillsong — Gud går viralt», syner dette og skisserer elles ei kyrkje med ein overflatisk kultur som dyrkar utsjånad, pengar og kjendisar.

Likevel har vi høyrt lite frå dei som går i kyrkja fram til no. Eit sjeldan unntak er Rebecca Instebø som i kjølvatnet av dokumentaren skreiv ein kronikk om korleis det var å vere med på det ho omtalar som «Hillsong-kjøret». Instebø var aktiv i Hillsong i sju år og var mellom anna lovsongsleiar. I kronikken fortel ho om eit miljø med lite rom for å stille spørsmål, og kor det å bygge kyrkje blei viktigare enn å ta vare på ho som sleit med psykisk helse.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP