Kommentar

Storminga som splittar USA

— Viss folket vi skal leie får høyre frå oss at valet er stole, kan vi ikkje forvente at dei trur noko anna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fråsegna kjem frå den republikanske kongressmedlemmen Adam Kinzinger. Han er ein av berre to republikanarar som deltek i komiteen som granskar storminga av kongressbygningen, Capitol, 6. januar i fjor. På fredag vart Kinzinger og Liz Cheney, den andre republikanaren i komiteen, formelt gjeve reprimande under eit møte i partiet sin nasjonalkomité.

Gjennom å delta i granskinga, heiter det i kritikkvedtaket, driv Kinzinger og Cheney forfølging av ordinære borgarar som deltek i «legitim politisk diskurs».

Det er vanskeleg å sjå korleis granskingskomiteen skal kunne komme fram til noko som kan ha politisk legitimitet. Det er endå vanskelegare å sjå føre seg korleis ein som samfunn kan komme vidare frå desse hendingane når ein ikkje ein gong er samd om kva som skjedde.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Sjølv om vedtaket allereie har møtt kritikk i meir moderate deler av det republikanske partiet, er ikkje dette første gong korkje Kinzinger eller Cheney er i hardt vêr i etterkant av 6. januar. Cheney var del av Republikanarane sitt leiarskap i Kongressen, men vart fråteken verva sine etter at ho stemte for riksrett mot Donald Trump i samband med hendingane 6. januar.

Kongressen under angrep

– Då eg kom til staden, høyrtes det ut som eit slag var i gang.

Sitatet er redigert, for politimannen Mike Fanone bruker ord som ikkje eignar seg på trykk når han snakkar om det som skjedde. Han er framleis tungt prega av det han var vitne til i kongressbygningen 6. januar.

I dokumentaren «Kongressen under angrep» (NRK TV) fortel han og fleire andre om sine opplevingar den kaotiske ettermiddagen i Washington DC då demonstrantar tok seg inn i kongressbygningen. Begge kammer i nasjonalforsamlinga var i møte for å godkjenne dei innleverte valmannsrøystene til presidentvalet frå delstatane, og demonstrantane ønska å stoppe denne prosessen. «Stop the steal,» var eitt av slagorda folkemengda taktfast ropte på veg inn i og gjennom bygningen. Totalt var om lag 10.000 demonstrantar til stades utanfor bygningen, og kongresspolitiet har estimert at om lag 1200 personar tok seg inn.

Mykje av skilnaden i haldning handlar om kva for informasjonstilfang den enkelte har. Demokratar og republikanarar får nyhendene sine frå ulike kjelder. Dei mest sette media mellom republikanarar står i meiningsstoffet sitt langt ut på høgresida.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Dokumentaren er nær og rå. Det gjer sterkt inntrykk å sjå politifolka som desperat forsøkjer å halde fast på gjerdet rundt bygninga medan ei mengde aggressive demonstrantar riv og ristar i det, før politiet til slutt må gje opp og spring tilbake mot neste skanse, med demonstrantane i hælane. Ved ei av rutene inn til bygningen er det håndgemeng i fleire timar. Inne i sjølve bygninga bølgjer stemninga mellom særs spent og heilt avslappa. Politifolka er i så kraftig mindretal at dei stort sett vel å la inntrengarane gjere som dei vil. Det er ikkje mykje som minner om «legitim politisk diskurs».

Ville ting

«Når du verkeleg meiner at eit tyrannisk styre er i ferd med å ta over landet, kjem ville ting til å skje», seier ein av dei som var til stades.

Gjennom dokumentaren får vi eit særs interessant innblikk i kven opprørarane er. Medlemmen av den høgreekstreme grupperinga Proud Boys, aktivisten og filmskaparen som skildrar opplevinga av å vere inne i kongressbygningen som «vakker» og nærmast sakral, den velkledde bruktbilseljaren som fortel at han personleg har prata med folk som «fekk stemma si stolen, det er ikkje ei myte,» og som spør, tilforlateleg nok: – Har ein ikkje då plikt til å seie frå?

Felles for dei alle er at dei ikkje kan svare særleg godt på kvifor dei var der og kva ein eigentleg tenkte å oppnå. Men dei ser alle ut til å tru, fullt og fast, på at det er juks og feil i valgjennomføringa, at valet måtte ugyldiggjerast, og når Kongressen valde å ikkje gjere det, var det landssvik.

Ulikt verdsbilete

6. januar var ei skjelsettande hending, men det er ikkje rosetog og samhald som har prega responsen. Den politiske splittinga som definerer moderne amerikansk offentlegheit gjer seg også gjeldande her. Eit overveldande fleirtal av demokratar meiner at opprørarane på Capitol utgjorde eit trugsmål mot demokratiet, men under halvparten av republikanarar meiner det same.

Målingar viser at frå mars til september 2021 var det klar nedgang i kor mange som gav uttrykk for at det var viktig å finne opprørarane og stille dei for retten. Nedgangen var utelukkande mellom republikanarar. Orda demokratar og republikanarar nyttar om storminga skil seg også kraftig: Eit fleirtal av demokratar meiner det var eit valdeleg opprør, nærmare halvparten av republikanarar meiner det var ein lovleg protest.

Mykje av skilnaden i haldning handlar om kva for informasjonstilfang den enkelte har. Demokratar og republikanarar får nyhendene sine frå ulike kjelder. Dei mest sette media mellom republikanarar står i meiningsstoffet sitt langt ut på høgresida. Populære programleiarar som Tucker Carlson på FOX News går gjerne i rette med politikarar som går mot oppfatningane til Trump og hans støttespelarar, og forsterkar slik sirkelverknaden mellom grasrot og folkevalde. Senator Ted Cruz frå Texas fekk merke det då han kalla angrepet 6. januar for «valdeleg terror» og måtte krype til korset på Carlson sitt program.

«Det medvitne minnetapet mellom folk i partiet mitt er nok det som har skuffa meg mest», seier kongressmedlemmen Adam Kinzinger i «Kongressen under angrep», og held fram: «Det er mange menneske eg skammar meg over. Dette er smarte folk som veit betre. Dei kjenner sanninga.»

Det er vanskeleg å sjå korleis granskingskomiteen skal kunne komme fram til noko som kan ha politisk legitimitet. Det er endå vanskelegare å sjå føre seg korleis ein som samfunn kan komme vidare frå desse hendingane når ein ikkje ein gong er samd om kva som skjedde.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar