Kommentar

Når kyrkja krev for mykje

FRIVILLIGHEIT: Alle pastorar vil ha trufaste, frivillige medarbeidarar. Men krav om eksklusivitet er ikkje vegen å gå for å få med mange av oss på laget. Tvert imot.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sondre Neteland måtte slutta i smågruppa si i Salt Trondheim fordi han gjekk fast til gudsteneste i Salem, kunne me lesa i Vårt Land førre veke. Salt-pastor Ariel Lund forklarer at «Når folk aktivt velger å gå i en annen menighet er det naturlig å snakke om å også finne en smågruppe tilknyttet den menigheten»

I ettertid har Øystein Gjerme, grunnleggar og hovudpastor i Salt, sagt at dette må vera ei misforståing og at Neteland er velkommen tilbake i smågruppa. Men Neteland held fast i at han faktisk blei kasta ut. Han tykkjer det er vanskeleg å kjenne seg velkommen igjen, trass i at Gjerme beklagar.

Eg kan forstå at pastorar ønsker seg trufaste kyrkjegjengarar og medarbeidarar. Men eg vil likevel argumentera for at det å oppmoda til å halda seg ein plass, ikkje er så lurt. Det skjønner truleg også Salt, all den tid Gjerme seier at det heile må vera ei misforståing.

Lund fortel at i enkelte tilfelle må dei ha ein «samtale med personen om hvilken kirke personen ønsker å tilhøre». Å kalle inn til samtale om kva kyrkje ein eigentleg går i, heng dårleg saman med Lunds påstand om at dei i Salt «holder høyt at hver person er ekspert på sitt eget liv og sjef i eget liv».

David Sviland

Ikkje overraska

Eg blei ikkje så overraska då eg høyrde om denne saka. Ho minner meg mykje på haldningar blant pastorar i det lågkyrkjelege landskapet i Sandnes-Stavanger-regionen som eg var ein del av i tenåra. Her finst det fleire kyrkjer, bedehus og karismatiske kyrkjelydar med levande ungdomsmiljø enn eg sjølv har oversikt over. Då eg var aktiv i dette miljøet, var det kultur for å besøke kvarandre. Slik utvikla det seg eit stort nettverk som eg og mange andre naut godt av. Dei teologiske horisontane mine utvida seg, trua vart styrka og nyansert, eg fekk ei kjensle av å vera del av eit stort, kristent fellesskap, og eg blei kjent med mange fine folk.

Eg hugsar dette som utelukkande positivt. Men det var ikkje like populært hjå pastorar og ungdomsleiarar. Dei brukte å sitera refrenget til den då tretten år gamle popartisten Amy Diamond når dei skulle setta fingeren på oss: «What’s in it for me, I really gotta know». Det var ikkje uvanleg at dei harselerte med at vi var «menighetsshoppere» som kjøpte og kasta kyrkjelyd på impuls.

Eg kan forstå at pastorane vart frustrerte av sånne som meg

—  David Sviland

Velkommen kjente eg meg ikkje

Kanskje hadde pastorane eit glimt i auge når dei sa desse tinga. Men eg opplevde at det låg eit alvor på botn. Særleg ein episode hugsar eg godt. Eg var på besøk i ei populær pinsekyrkje med tidsriktig uttrykk saman med fleire av vennene mine. Etter gudstenesta stod vi og prata i foajeen då pastoren kom bort for å snakke med oss. Han helste på meg og spurde om eg gjekk i ei kyrkje. Ja, sa eg, og fortalde kva kyrkje eg gjekk i. Då svarte han at eg skulle halda meg der. Om han sa det i kollegial omsorg for den andre kyrkja, veit eg ikkje. Velkommen kjente eg meg i alle fall ikkje.

Det problematiske ved dette er at dei tidvis lukkast med å gruppera ungdom og skapa skiljelinjer mellom oss basert på kva kyrkje vi gjekk i. Vi snakka ikkje alltid fint om kvarandre, og det kjendest som at kyrkjene og vi som gjekk der var med i ein popularitetskonkurranse. Fleire av vennene mine brukte stadig meir tid i kyrkja si, og mindre tid på vennene som stod utanfor kyrkja.

Eg kan forstå at pastorane vart frustrerte av sånne som meg. Jobben deira er å bygga kyrkje, og får å få til det treng dei trufaste og frivillige medarbeidarar. Men krav om eksklusivitet er ikkje vegen å gå for å få meg med på laget. Krav er ein motsetnad som ikkje høyrer heime i frivilligheita. Lysta til å bidra må koma frå innsida.

Eg har vore heldig og ikkje tatt skade av proteksjonistiske andaktar eller kommentarar frå pastorar om kor eg høyrer til. Sånn er det ikkje for alle

—  David Sviland

Du veit best sjølv

Eg har vore heldig og ikkje tatt skade av proteksjonistiske andaktar eller kommentarar frå pastorar om kor eg høyrer til. Sånn er det ikkje for alle. Mitt inntrykk er at det finst ein heil del folk som ikkje orkar å seia ifrå om at kyrkja krev meir enn dei er komfortable med. Mange er naturligvis redde for å miste venner og nettverk om dei gjer det. Det er nok grunnen til at vi sjeldan ser folk som vågar å gje så tydeleg beskjed som Neteland har gjort.

Eg vil oppmode alle prestar, pastorar og ungdomsleiarar til å gå i seg sjølv og tenke over om dei kan ha sett folk i ein vanskeleg situasjon ved å krevja at ein tar eit val på kor dei skal gå, eller koma med kommentarar som kan indikere det.

Så vil eg oppmoda alle til å ikkje høyre altfor mykje på pastoren sin. Du veit best sjølv. Ingen kan krevja at du må slutta å gå den eine plassen, fordi du er aktiv ein annan plass. Viss pastoren likevel gjer det, ville eg halde meg unna.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar