Kommentar

Motorvegmotstandar fekk kjærast frå Sandefjord. Du vil ikkje tru kva som hende!

KLIMA: Eg har aldri vore nokon sterk tilhengar av å byggje meir motorvegar på Austlandet. Heilt til eg fekk meg ein kjærast frå Vestfold.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette er ikkje ein kommentar til forsvar for å byggje meir veg, og det er definitivt ikkje eit innlegg i den betente debatten om den såkalla Vestkorridoren på E18 ut av Oslo.

Eg har bakgrunn frå miljørørsla, kor eg jobba i mange år. Det same har forresten kjærasten min, så det er ikkje henne det står på, heller. Og det er ikkje som om eg ikkje kjenner til alle argumenta mot ny vegbygging.

Men likevel, når eg sit der, i ein bil på veg ut av byen for å besøkje svigerfamilien si hytte i Vestfold, på ein glovarm fredag ettermiddag, og vi ikkje har flytta oss ein centimeter dei siste fem minutta – då er det ikkje fritt for at eg sender miljøpolitikarane i hovudstadsområdet eit par mindre varme tankar.

Rundt halvtimen seinare, medan vi framleis står i stampe i Bærum ein stad, kjem utbrotet:

– No må desse politikarane sjå til å få bygd ute meir motorvegar, så det går an å komme seg fram i dette landet!

Ein klimaaktivist si vedkjenning

Eg bur i Oslo, eg har ein kontorbasert jobb, på ein arbeidsplass som er lite sårbar for konjunkturendringar. Eg treng ikkje bruke bil verken i jobben, eller for å komme meg til den.

Skulle Noreg få ei regjering som gjennomførte sterke klimatiltak, så er eg ein av dei siste som ville merke nokon negative konsekvensar av det.

Og eg er ikkje åleine om det. Veldig mange journalistar, kommentatorar og redaktørar har det som meg. Det same gjeld mange av toppane i politikk og byråkrati. Dei store miljøorganisasjonane har alle saman base i Oslo, og dei fleste av dei tilsette bur og jobbar i hovudstaden, dei og.

Eg har ikkje lenger tru på klimaløysingar som blir skapt berre av folk som ikkje sjølv opplever nokon av dei negative konsekvensane av dei.

—  Hans Andreas Starheim

Alle har vi til felles at vi kan leve ganske godt med sjølv den mest radikale klimapolitikken.

Ikkje misforstå – Noreg og verda treng ein langt meir radikal klimapolitikk. Det er ikkje berre ei personleg meining frå mi side – det er den klokkeklare marsjordren frå FN sitt klimapanel, og frå så å seie alt som kan krype og gå av klimaekspertar verda over.

Men samstundes har eg følgt klimapolitikken, på den eine eller andre måten, i rundt tjue år no, og i løpet av den perioden har dei norske klimagassutsleppa gått ned med berre i underkant av ti prosent.

Det er mogleg eg har hatt litt tungt for det, men det har endeleg byrja å demre for meg at måten vi som er opptekne av klima har jobba på, kanskje ikkje har vore så veldig effektiv.

Oljå

Vis meg kor du er, og eg skal seie kor du står

I boka «Parterapi» utforskar Magnus Marsdal den djupe polariseringa innan debatten om klima og oljeindustri i Noreg. Marsdal er leiar for den venstreorienterte tankesmia Manifest, og er sjølv godt plassert på venstresida i politikken. Men han treng ikkje gå over den politiske midtstreken for å finne konfliktstoff.

Fagrørsla som organiserer oljearbeidarar på vestlandet og fagarbeidarar i leverandørindustrien, høyrer heime på same side av det politiske landskapet som store delar av den el-syklande, klimabrølande miljørørsla på Grünerløkka i Oslo.

Men klimaskiljelinene handlar ikkje så mykje om kor du står ideologisk. Langt meir handlar det om kor du står, reint geografisk.

Marsdal viser til ei meiningsmåling Ipsos gjorde tidlegare i år. Dei spurte eit representativt utval av befolkninga om dei meinte at den norske oljebransjen bidreg positiv eller negativt når det gjeld å motverke global oppvarming.

I Oslo svarte 70 prosent at oljebransjen sitt bidrag er negativt. På Vestlandet svarte 77 prosent at oljebransjen tvert imot hadde ei positiv rolle i kampen for å stoppe klimaendringane.

Og ser ein på kva jobb folk står i, ser ein eit tilsvarande skilje. Er du i offentleg sektor er det 62 prosent sannsynleg at du meiner oljenæringa gjer meir vondt enn godt for klimaet. Jobbar du i privat sektor er 70 prosent sjanse for at du meiner det motsette.

Ut av bobla

Viss du tenkjer at desse tala er oppsiktsvekkjande, så lever du mest sannsynleg i same boble som meg. Eller som Stavanger-politikar Mímir Kristjánsson sa til meg då eg snakka med han i valkampen:

– Når eg ser ut av vindauget, ser eg tre hus der det bur folk som jobbar i oljå. Så om eg skulle møtt dei på veg til barnehagen og måtte forklare dei kvifor eg vil leggje ned jobben deira innan den og den datoen, så ville det blitt veldig konkret.

Det hjelper ikkje at politikarane byr over kvarandre med å love 50.000, 100.000 eller 200.000 nye, grøne arbeidsplassar.

Det hjelper ikkje å ha rett om ein ikkje får rett.

—  Hans Andreas Starheim

Den arbeidsplassen du har er uendeleg mykje meir verd enn den hypotetiske arbeidsplassen, som du ikkje ein gong veit du er kvalifisert til, som politikarane lovar skal komme etter oljå. Det hjelper like lite som det hjelper å fortelje meg om planlagde dobbelspor og neste generasjon sjølvkøyrande kollektivløysingar medan eg framleis står dønn i stampe på E18 mot Sandefjord.

Eg har ikkje lenger tru på klimaløysingar som blir skapt berre av folk som ikkje sjølv opplever nokon av dei negative konsekvensane av dei.

Det er godt mogleg at det er rett å stoppe motorvegutbyggingar og å fase ut olja, men det hjelper ikkje å ha rett om ein ikkje får rett. Og skal ein rett, så må ein også få med seg folket. Heile folket, ikkje berre sånne som meg.

Skal vi leggje ned oljenæringa, så må vi faktisk byrje med ei reel satsing på å gje dei arbeidarane og dei lokalsamfunna som er avhengige av den, eit godt alternativ. Skal vi byggje vindkraft, så må vi la lokalsamfunna få lov å vere med å bestemme korleis det skal byggjast. Skal vi gjere det dyrare og vanskelegare å køyre bil, så må vi byrje med å byggje ut jernbane og kollektivtilbod.

Eg har stor sympati med dei som er frykteleg utolmodige i klimapolitikken, men å vere utolmodig er ikkje den einaste eigenskapen som trengst. Eg trur at vi som er utolmodige på klimaets vegner også må lære oss å vere lydhøyre. Og vi må lære oss å vere mindre arrogante.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar