Nyheter

– Tuklar du med oljå, har du tapt

«OLJÅ»: Landsmøtedelegatar i det eine partiet etter det andre har denne våren gått på talarstolen og krevd ein sluttdato for olje- og gassnæringa. Berre ikkje dei frå Rogaland. Kva er det rogalendingane har forstått som dei ikkje klarar å forklare til partifellene sine?

Frå leilegheita si i Stavanger ser Sindre Hals rett over byfjorden på Rosenberg Verft. Der ligg produksjonsskipet Jotun inne for ei omfattande oppgradering, nesten 22 år etter at det blei ferdigstilt same stad. Etter oppgraderingane skal Jotun produsere i 20 år til på oljefeltet Balder, som skal driftast til 2045. Oppgraderinga sysselset opp mot 1500 personar på verftet. Sindre har sjølv jobba på Jotun på Balderfeltet, han er mekanikar i oljeservicenæringa.

– Utsikta er fin. Stavanger er jo ein industriby, det er fint å sjå at det er liv på Rosenberg, at det er arbeidsplassar. Når du veks opp i Stavanger ser du dei verdiane som oljå skapar. Nesten alle du kjenner jobbar i oljå.

Oljebremsene på

Denne helga er det i KrF kampen om oljenæringa skal stå. – Vi er opptekne av å vere klimaradikale på ein ansvarleg måte, sa komitéleiar Erik Lunde då han la fram programkomiteens framlegg til nytt partiprogram sist haust. Lunde og komiteen hans går ikkje like langt som dei unge politikarane i KrFU, som vil sette ein sluttdato for petroleumsnæringa i 2035. Men bremsene blir sett på. Det blir slutt på leitelisensar i nye område, og lista over område som skal vernast frå petroleumsaktivitet, er lang. Tida for å leite etter ny olje er forbi, meinte programkomiteen. Det er ikkje alle i KrF som er einige med Lunde i at dette er spesielt ansvarleg.

Fylkesårsmøtet i Rogaland Kristelig Folkeparti sier ja til ny regjering. Rogaland KrFUs fylkesstyre Marie Ljones Brekke

– Dragkampen står mellom om vi meiner at vi er ferdig med den fasen kor vi driv med leiteverksemd på norsk sokkel, eller om vi meiner at vi er i eit tid kor olje og gass kjem til å bli viktig nettopp i den omstillingsperioden vi har framfor oss i veldig mange år.

Det seier Stavanger-politikar Marie Ljones Brekke. Ho er delegat på KrF sitt landsmøte denne helga, og når Vårt Land snakkar med ho, har ho enno ikkje heilt bestemt seg for korleis ho vil røyste i sakene om oljepolitikk. Men å berre seie at vi skal slutte å leite etter olje no, synest ho blir litt for enkelt.

– Noko skal vi leve av, og noko skal betale for dei andre postane i partiprogrammet. Det nyttar ikkje å avslutte den mest inntektsgjevande næringa i Noreg heilt utan å ha ein plan om eit reelt alternativ, meiner ho.

– Tuklar du med oljå, har du tapt

Valforskar ved Universitet i Stavanger Svein Erik Tuastad forstår veldig godt kvifor politikarane i Rogaland har eit anna syn på petroleumsnæringa enn politikarane i Oslo.

– I Rogaland kan du vere så idealistisk du berre vil, men er du politikar, så kan du ikkje sjå oljearbeidarane i auga og seie at du drit i dei. Du kan gjere det i Oslo, men ikkje her. Tuklar du med oljå, så taper du veljarar, meiner han.

Svein Erik Tuastad

Det er ikkje fordi fylket ikkje er i stand til å omstille seg, ifølgje Tuastad. I 2014 fall oljeprisen dramatisk, etter ei lengre periode med stabilt høge prisar. Over dei neste åra gjekk titusenvis av arbeidsplassar tapt. Stavanger Aftenblad køyrde saker med bilete frå fråflytta amerikanske industribyar, med overskrifta Stavanger kan bli det nye Detroit. Men når alt kom til alt, gjekk det mykje betre enn frykta, meiner Tuastad.

– Det vi såg var at det faktisk var veldig mange som fekk nye jobbar. I åra etterpå var det ei forbausande grad av omstilling, seier han.

Men det å berre seie at det nok kjem til å gå bra, er ikkje nok til å ta bort frykta, understrekar Tuastad. Uansett kor gode ein er på omstilling, så er det ein risiko i endring.

– Du kan på den eine sida seie at oljealderen før eller seinare må ta slutt, og det er ganske sannsynleg at omstillinga kjem til å gå bra. Men på den andre sida er det ei påkjenning og ein viss risiko i det. Du må også hugse at oljejobbane er veldig godt betalt. Dei nye jobbane kjem ikkje til å vere like godt betalt.

Oslo i utakt

Det er ikkje mange politikarar i Stavanger som snakkar om å sette ein sluttdato for olje- og gassnæringa. Det er det gode grunnar til, meiner stortingskandidat for Raudt i Rogaland Mímir Kristjánsson.

Mimir Kristjánsson. Foto: Tone Helen Oskarsen

– Når eg ser ut av vindauget, ser eg tre hus der det bur folk som jobbar i oljå. Så om eg skulle møtt dei på veg til barnehagen og måtte forklare dei kvifor eg vil legge ned jobben deira innan den og den datoen, så ville det blitt veldig konkret. At det er sånn, betyr jo ikkje nødvendigvis at eg har noko meir rett eller meir feil enn folk i Oslo, men det betyr at eg har ein annan innfallsvinkel.

Men premissen om at rogalendingane er så veldig forskjellige frå folk i resten av landet, går han ikkje med på.

– Først og fremst så er Oslo mykje meir i utakt med resten av landet i oljepolitikken enn det Stavanger er. Det er eit stort fleirtal i Noreg som vil leite etter meir olje. Til og med blant dei unge. Ideen om at den norske befolkninga er så oljekritisk får spreie seg fordi Oslo er så dominerande i den politiske debatten. Dei er enda meir for olje på Stord enn i Stavanger, meiner Kristjánsson.

Folk er positive

Tal frå Klimabarometeret, ei årleg undersøking gjort av byrået Kantar, viser at han har heilt rett. 54 prosent av dei spurte er einige i at Noreg bør fortsette å leite etter olje og gass i same grad som i dag, medan berre 38 prosent er ueinige. Andelen som er positive til oljeleiting er litt høgare i Rogaland enn landsgjennomsnittet, men det er ikkje ein enorm skilnad. Den same undersøkinga viser at berre tre av ti i Noreg er negative til olje som energikjelde. I Rogaland er talet 26 prosent. Men det store fleirtalet, både i Rogaland og resten av Noreg, er positive til olja.

På sitt landsmøte i vinter vedtok Raudt å gå i motsett retning av mange av dei andre partia. Partiet hadde tidlegare sett ein sluttdato for oljenæringa, men i det nye programmet er denne borte. Kristjánsson vil ikkje ta på seg så mykje av æra for denne endringa, men seier det er noko han har jobba aktivt for.

– Kunne du lukkast med ditt prosjekt om å bli den første Rogalendingen som representerer Raudt på Stortinget dersom programmet ikkje hadde blitt endra?

– Alt er mogleg, sjølvsagt, men det hadde gjort det mykje vanskelegare. I mine auge er ikkje sluttdatostandpunktet problematisk fordi det er anti-olje, men fordi det er symbolpolitikk, svarar han.

– Det som provoserer folk her er ikkje at folk er mot olja. Det at nokon er kritisk trur eg er greitt nok. Men det folk er provosert av er at folk ikkje skjøner, eller ikkje bryr seg om kor viktig olja er. Det er ei kjensle av å ikkje bli sett.

---

Arbeidsplassar i oljenæringa

  • I følgje ein rapport utarbeida av konsulentselskapet Menon for Norsk olje og gass i år, var 205.000 personar sysselsett i eller i tilknytning til petroleumsnæringa i 2019
  • 74.200 av desse bur i Rogaland, og over 30.000 i Stavanger

---

Lykkeland

TV-serien Lykkeland fortel historia om kva som skjedde då olja kom til Stavanger. Produsent for serien, Synnøver Hørsdal, fortel at ideen med serien var å fortelje noko veldig spesifikt og lokalt for eigentleg å seie noko om Noreg som nasjon og om utviklinga i heile den vestlege verda.

Stavanger  20171003.
Per Kjerstad og Pia Tjelta under innspilling av "Lykkeland", NRKs sttolje-eventyret i Stavanger. 
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Går det an å seie at olja er ein del av folkesjela til Stavanger?

– Olja er ein del av folkesjela til Noreg, understrekar ho.

– Mi meining er at folk i Noreg trur dei er mindre påverka av oljen enn det dei faktisk er. I Stavanger kjenner dei det på kroppen heile tida. Men heile Noreg er bygd på olja. Det kan godt hende vi skal stoppe oljeproduksjonen, men det er veldig naivt å tru at det ikkje er noko som vil merkast i heile landet, seier Hørsdal.

Ho forklarer at ho med Lykkeland ville vise noko om samfunnet vårt gjennom å vise kor store endringar som har skjedd dei siste femti åra.

– Vi seier noko om ein stad der det gjekk superfort. Det gjekk fort i Noreg, men det gjekk ekstremt fort i Stavanger.

– Betyr det også at den dagen oljealderen er over, så kjem ein til å oppleve nedgangen raskare i Stavanger enn i resten av landet?

– Ja, det vil eg definitivt seie. Noreg vil trenge nye bein å stå på. Stavanger vil trenge det enda fortare.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Joanna Martina Bauer

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter