Kommentar

Nektar ikkje Biden nattverd

Ein fersk uttale frå katolske biskopar i USA synleggjer den djupe splittinga i synet på både nattverd og konsekvensar av abortsyn. President og katolikk Joe Biden blir derfor ikkje utestengd frå nattverd, slik fleire biskopar har truga med.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Samanslutninga av amerikanske katolske biskopar har for første gong utforma retningslinjer for å klarleggje kyrkja sitt syn på nattverd. Det får ingen merkbare konsekvensar for president Joe Biden, som fleire gonger har blitt trua med nattverdsnekt. Tvert om synleggjer det både splittinga og avmakta som den katolske kyrkja i USA står i politisk.

Sjølv om ein biskop her og der skulle nekte Biden nattverd, vil det korkje endre meiningsmålingar eller politikken.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Presidenten og pavemakta

USA sin første katolske president, John F. Kennedy, måtte fleire gonger svare på spørsmål kring si kyrkjelege tilknyting i valkampen i 1960. Han forsvarte seg mot skremmebilete, og tidvis reine konspirasjonsteoriar, om korleis tilhøvet ville vere mellom ein katolsk amerikansk president og pavemakta. Skepsisen var så stor at det var nær ved å koste han sigeren. Ein av tinga som avgjorde valet til hans fordel var den massive støtta han fekk frå sine eigne: Mellom 75 og 85 prosent av amerikanske katolikkar, som då utgjorde om lag ein firedel av befolkninga, røysta på Kennedy.

I motsetnad til Kennedy i 1960, møtte Joe Biden i 2020 lite fordommar for sitt kyrkjemedlemskap, og tilsvarande lite ekstraordinær begeistring blant trusfellar. Som i dei fleste andre presidentval, stemte halvparten av amerikanske katolikkar demokratisk og den andre halvparten republikansk i 2020.

Det den første og andre katolske presidenten derimot har til felles, er at dei har møtte kritikk frå deler av si eiga kyrkje. For mange katolikkar som stemmer republikansk, er haldninga til abort avgjerande.

Berre nokre veker før valet i 1960 uttalte biskopane i Puerto Rico at det ikkje var tillate for katolikkar å røysta på kandidatar som var i konflikt med kyrkja si haldning til abort og prevensjon. Denne fråsegna skapte stor merksemd og gav målbare utslag på oppslutninga til Kennedy.

Nattverdsnekt

Fleire kjende namn i amerikansk politikk er katolikkar, blant dei er demokraten Nancy Pelosi og republikanaren John Boehner, høvesvis noverande og tidlegare speaker i Representantane sitt hus. Dei siste åra har amerikanske katolske biskopar ei rekkje gonger diskutert om ein bør nekte katolske politikarar som stør sjølvvald abort å ta imot nattverd.

Det har alltid vore stor skepsis mot slikt standpunkt. Sidan 2004, då eit forslag om nattverdsnekt for liberale politikarar vart nedstemt, har the United States Conference of Catholic Bishops (USCCB) halde fast på at det er opp til den enkelte biskop om han ønskjer å nekte ein politikar nattverd på grunnlag av politiske standpunkt.

Det same året vart katolikken og demokraten John Kerry truga med nattverdsnekt fleire stader. «Wafer Watch», oblatspeiding, kalla pressekorpset søndagane dei sat i kyrkjebenkane for å dokumentere det dersom ein prest ville nekte presidentkandidaten nattverd. Kerry sin stab gjorde grundige førehandssjekkar for å hindre pinlege augneblikk og spaltemeter med dekning.

I 2020-valkampen vart Joe Biden nekta nattverd i ei kyrkje i South Carolina, og den nesten fråverande mediedekninga er eit tydeleg teikn på at tidene har endra seg.

Nye retningslinjer

Det har i haust knytt seg spenning til eit dokument med retningslinjer som dei amerikanske katolske biskopane under dissens vedtok å utarbeide for å klargjere kyrkja sitt syn på nattverd og nattverdspraksis.

Dokumentet vart vedteke nær samrøystes på møtet i november. Det er langt frå det den konservative fløya kunne hatt von om i forkant, men speglar den politiske røynda den katolske kyrkja i USA lever i.

56 prosent av amerikanske katolikkar stør sjølvvald abort. Like mange oppgjer til Pew Research at dei ser på abort som moralsk gale. Det er eit syn dei deler med presidenten sin, som har sagt at han personleg er abortmotstandar men meiner at sjølvvald abort skal og må vere lovleg.

Stoppar før nattverdsnekt

Abort er knapt nemnt i dokumentet frå USCCB, og retningslinjene uttrykkjer ikkje at nokon skal eller bør bli nekta nattverd på bakgrunn av politiske standpunkt.

Ein påpeiker det ansvaret lekfolk «som utøver nokon form for offentleg autoritet» har for å «gje lekamleg form til kyrkja si lære i sitt arbeid». Det slår også fast at det – framleis – er opp til den enkelte biskop å bestemme korleis ein i sitt bispedøme skal halde seg til tilfelle som «involverer offentlege handlingar som skil seg frå det synlege fellesskapet i Kyrkja og moralsk lov».

Dette vil ikkje sette strek for diskusjonen om nattverdsnekt for Biden eller andre liberale katolske politikarar, til det er tolkingane i etterkant for sprikjande. Liberale krefter peiker på at politikk ikkje er nemnt eksplisitt, mens konservative biskopar framhevar fleksibiliteten i dokumentet.

Konservative biskopar kan framleis velje å truge med, og gjennomføre, nattverdsnekt – men det vil ikkje spele nokon rolle for Biden. I motsetnad til John Kerrys «Wafer Watch» i 2004 er det i beste fall laber merksemd kring Biden sin nattverdsstatus. Biden sjølv avviser alle spørsmål og viser til at hans utøving av religion høyrer privatlivet til.

For John F. Kennedy var både tilknytinga og kritikken han fekk av den katolske kyrkja krevjande å stå i. For Joe Biden er båe deler i aukande grad irrelevant, i alle fall så lenge abortspørsmålet ikkje er eit sentralt valkamptema. Sjølv om ein biskop her og der skulle nekte Biden nattverd, vil det korkje endre meiningsmålingar eller politikken.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar