Kommentar

Spel med livet som innsats

Squid Game er mykje nærare verkelegheita enn mange trur.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjå for deg at du vert plukka ut til å spele eit spel som gir deg moglegheit til å vinne 38 millionar dollar, men at det inneber at du må tole å vere innelåst på eit hemmeleg anlegg med hundrevis av andre menneske, under eit strengt og nådelaust regime. Du er berre iført identiske grøne treningsklede. Saman skal de konkurrere i kjende barneleikar de hugsar frå oppveksten, men allereie midt i den første leiken – Raudt, grønt lys – oppdagar du det grufulle: Dei som tapar, vert drepne på brutalt og nådelaust vis. Blodet flyt.

Du spelar med livet som innsats – bokstaveleg talt.

For fjern og uforståeleg

Det er slik første episode av det sørkoreanske Netflix-fenomenet Squid Game startar. Serien er mykje: Grotesk, spennande og tankevekkjande. Dei færraste som ser første episode klarar å slutte der.

Derfor er Squid Game allereie den største sjåarsuksessen til Netflix gjennom tidene. Serien er òg blant dei mest valdelege og brutale som er vist på straumetenesta.

Så viktig har serien blitt, at den grøne fargen på treningskleda til deltakarane i Squid Game er blitt eit symbol på fattigdom, som gjer at sørkoreanarar flest ikkje vil kle seg i grønt lenger.

—  Emil André Erstad, kommentator

Då serieskaparen Hwang Dong-hyuk kom på ideen for ti år sidan, under den globale finanskrisa, klarte han ikkje få finansiert prosjektet fordi mange meinte den var for fjern frå verkelegheita, for spesiell og for vanskeleg å forstå.

Symbolske treningsklede

For kva kan ein så ekstrem serie eigentleg fortelle oss om verkelegheita – om fridom og likskap? Kva kan dødskampen til dei 456 desperate deltakarane lære oss om livet og samfunnet?

No er serien òg blitt ein viktig del av den politiske debatten mellom Sør-Korea og Nord-Korea. I sør er den ein hit, medan sensuren i nord gjer den vanskeleg eller umogleg å sjå. Serien er ein tydeleg kritikk av begge desse samfunna.

Så viktig har serien blitt, at den grøne fargen på treningskleda til deltakarane i Squid Game er blitt eit symbol på fattigdom, som gjer at sørkoreanarar flest ikkje vil kle seg i grønt lenger.

Historia sidan 1953

For å forstå sprengkrafta til serien må vi tilbake i tid.

Få stader i verda er dei abstrakte omgrepa frå samfunnsvitskapen meir reelle og nære, enn på Koreahalvøya. Koreakrigen som varte frå 1950 til 1953, pregar Koreahalvøya på konkret vis ved at den framleis er delt mellom dei vidt forskjellige statane og samfunnssystema Nord-Korea og Sør-Korea.

Etter krigen låg begge landa med brekt rygg, men der Nord-Korea valde ei strengt kommunistisk og totalitær linje, valde Sør-Korea å bli eit utstillingsvindauge for det kapitalistiske systemet. Mange leiande økonomar skildrar Sør-Korea som eit økonomisk mirakel, no som landet er blant dei rikaste i heile Asia. Eit slags asiatisk Sveits.

Djup økonomisk ulikskap

Med velstand kjem òg fattigdom og økonomisk ulikskap. Når nokon vert superrike, vert nokon òg superfattige. Sør-Korea er no eit av landa i verda med høgast grad av økonomisk ulikskap. Spesielt ille er det for sørkoreanarar over 65 år, der over 40 prosent er rekna som fattige.

Den dystopiske serien Squid Game tar utgangspunkt i denne djupe økonomiske ulikskapen.

Éin av dei som vert plukka ut til å delta i den grufulle konkurransen på det hemmelege anlegget, er hovudkarakteren Seong Gi-hun. Han er avhengig av gambling, midt i 40-åra og skild. Han ønsker berre å kjøpe ei skikkeleg bursdagsgåve til dottera si, og betale for den medisinske behandlinga til hans gamle mor. For Seong er konkurransen om den store pengepremien vegen ut av fattigdom og botnlause gjeldsproblem.

Toppar sjølvmordsstatistikken

Han blir nøydd til å sjå dei andre deltakarane bli drepne – éin etter éin. Akkurat slik mange av dei verkelege gjeldsslavane i Sør-Korea forsvinn frå livet etter å ha tatt sjølvmord. Det er få stader i verda der innbyggarane har meir privat gjeld enn her. Landet toppar også sjølvmordsstatistikken blant OECD-landa.

Nød lærer naken kvinne å spinne. Økonomiske problem kan gjere folk desperate. Squid Game er historia om taparane i den sørkoreanske økonomien.

Vi fekk sjå noko av det same i Oscar-vinnaren Parasite frå 2019, der ein desperat og lutfattig familie vart portrettert saman med ein rik Seoul-familie. Kontrastane i den sørkoreanske hovudstaden er enorme.

Mat for propagandaen

Kritikken av den sørkoreanske kapitalismen er så sterk i Squid Game at Nord-Korea no har plukka opp serien i eigen propaganda, som eit «bevis på at kapitalismen ikkje fungerer».

I propagandaen frå den statlege TV-kanalen i Nord-Korea for eit par veker sidan, sa programleiaren følgjande: «Det er sagt at Squid Game får folk til å innsjå den triste realiteten om det dyriske sørkoreanske samfunnet, der menneske blir drivne inn i ekstrem konkurranse og deira menneskelegdom blir fjerna (...). Squid Game viser verkelegheita av å leve i eit samfunn der menneske blir dømde berre av pengar».

Slik kan ein sjå Netflix-serien som ein kritikk av heile det store samfunnseksperimentet som har føregått på Koreahalvøya sidan 1953. Og kanskje er det noko av dette vi også ser, vi som ser på serien i andre delar av verda: Kva kostar ulikskapen samfunna og menneska som lever i det?

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er nesten ironisk at Nord-Korea reagerer på serien på denne måten, fordi også det nordkoreanske regimet ser ut til å vere blant dei viktigaste inspirasjonskjeldene for serien.

Det brutale Nord-Korea

Ei tolking kan vere at deltakarane i Squid Game ved å delta i konkurransen, frivillig deltar i eit alternativ til den sørkoreanske kapitalismen. Som serien og konkurransen i Squid Game viser, er denne deltakinga berre frivillig inntil det tidspunktet ein valde å delta. Deretter slår det inn eit brutalt, totalitært og nådelaust styre der deltakarane må ta omsyn til strenge reglar, gå i dei same kleda, få den same maten, delta i dei same aktivitetane. Å stille spørsmål eller gjere motstand kan koste livet.

Alt dette liknar Nord-Korea.

Den massive valdsbruken i serien lar seg nok overgå av verkelegheita viss vi tenkjer på alle regimekritikarane og dei som hamnar på kant med det nordkoreanske regimet. For makthavarane i Nord-Korea er eit menneskeliv like mykje verdt som for soldatane som passar på deltakarane i Squid Game: Altså ingenting.

Det største samfunnseksperimentet

Undertrykkinga i Nord-Korea er så brutal og så sterk, at regimet berre overlever fordi folk fryktar konsekvensane av å seie meininga si eller gjere motstand. Til liks med deltakarane i Squid Game lever nordkoreanske borgarar med ein konstant trussel om å bli drepne, torturerte eller forsvinne – viss dei viser minste vilje til å trosse regimet.

Slik kan ein sjå Netflix-serien som ein kritikk av heile det store samfunnseksperimentet som har føregått på Koreahalvøya sidan 1953. Og kanskje er det noko av dette vi også ser, vi som ser på serien i andre delar av verda: Kva kostar ulikskapen samfunna og menneska som lever i det?

Og det fins neppe nokon fullverdige, gode alternativ til det store kapitalistiske spelet vi alle er ein del av.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar