Kommentar

I Noreg er vi like, men kanskje er du likare enn andre

PRIVILEGIUM: Ideen om at vi alle kjem inn i verda med like moglegheiter til å lukkast, kan gjere oss blinde for eigne privilegium.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor langt ned må du falle før du treff botn? Det er eit skremmande tankeeksperiment å prøve å sjå føre seg kor mykje som må gå gale i livet før du sit att heilt tomhendt, heilt aleine, utan nokon utveg utanom sosialtenester for å halde deg i live.

Det er skremmande, men for mange kanskje også ganske tryggande. For for dei fleste av oss er vegen ned ganske lang, med mange tryggleiksnett på vegen. Vi har familienettverk, eit stort jobbnettverk, gode vener, god utdanning, oppsparte midlar, eigedom. Og mellom alle desse har vi offentlege tenester som vi har høg tillit til skal ta vare på oss om noko ikkje går heilt som planlagt.

Om ein uføresett utgift dukka opp

Tenk deg til dømes kva det ville bety for deg om ei stor, uføresett utgift dukka opp. Ein stor sparekonto, ein eigedom som du etter mange år med kraftig verdiauke kan låne meir pengar på, eller i verste fall selje. Familiemedlemmar som har pengar dei kan låne deg. Eller kanskje eit nettverk av ressurssterke kontaktar som kan hjelpe deg å manøvrere gjennom systemet for å finne støtteordningar eller andre løysingar som kan hjelpe deg ut av knipa.

Mange av oss har minst ein av desse ressursane tilgjengeleg. Men har du ingen av dei, kan ei slik stor uføresett utgift dra deg inn i ein gjeldsspiral av dyre forbrukslån du kanskje aldri kjem deg ut av.

Eller tenk deg at arbeidsplassen din må leggje ned. Å gå på arbeidsløysetrygd betyr ein merkbar reduksjon av inntektene ein periode, men har du litt å gå på økonomisk går det greitt. Kanskje har du ein partnar som tener pengar, slik at reduksjonen i di løn ikkje får så store utslag i hushaldsøkonomien. Kanskje har du litt å gå på på huslånet, så du kan få avdragsutsetjing ei stund.

Er du derimot aleine, i ein leigd bustad eller med eit anstrengt tilhøve til banken din, så er kanskje det beste du kan håpe på den kommunale sosialtenesta. For mange kan det vere eit ganske audmjukande møte med det offentlege.

Har du ingen ressursar tilgjengeleg, kan ei slik stor uføresett utgift dra deg inn i ein gjeldsspiral av dyre forbrukslån du kanskje aldri kjem deg ut av.

—  Hans Andreas Starheim

Tilliten til det offentlege

Fleire undersøkingar har vist at dette gjer noko med tilliten ein har til det offentlege. I ein artikkel i Dagsavisen tidlegare i år fortel til dømes sosiolog Jørn Ljunggren om store skilnader i tillit mellom det han definerer som dei øvre og dei nedre klassane i Noreg. Medan øvre middelklasse og overklassen har skyhøg tillit, så er tala for arbeidarklassen mykje lågare, seier han.

Ljunggren sitt spørsmål er om vi kan stole på at alle opplever at staten jobbar saman med dei og for dei. Det er lett å sjå at han har eit poeng. Staten sine tenester er skreddarsydde for dei av oss som har ressursar til å stort sett klare oss sjølve.

NAV fungerer perfekt som smurning i det store arbeidsmarknadsmaskineriet. For dei privilegerte er møtet med offentlege etatar eit møte med ein høgst velfungerande serviceinstitusjon. Dersom du mistar jobben og har god utdanning, arbeidserfaring frå statusyrke og rikeleg med sosial kapital, så slepp du mest sannsynleg å bli kalla inn til obligatorisk jobbsøkjarkurs, og du blir neppe tvungen til å ta imot ein jobb på andre sida av landet. Du treng ikkje ein gong møte opp på eit kontor, alt er digitalt og straumlineforma. Du får pengar rett inn på konto, heilt til nettverket og bakgrunnen din sikrar deg ein ny jobb.

Dei som ikkje har nokon annan utveg

Sosialkontoret, derimot, er endestasjon berre for dei som ikkje har nokon annan utveg, som ikkje har nokon eigne ressursar å tære på først. Historiene om korleis sosialhjelp bli avkorta mot barnetrygd har sjokkert mange. Men direkte erfaring med denne etaten er det stort sett berre dei minst privilegerte familiane som har.

Det kan vere ubehageleg å bli konfrontert med sine eigne privilegium. I påstanden om at du er privilegert, er det lett å også lese inn ein innebygd påstand om at du har fått noko du ikkje har fortent. Det kan følast urettferdig, for sjølv om du har med deg eit privilegium eller to, så treng ikkje det å bety at du ikkje har jobba hardt for å komme dit du er.

Men dersom vi ikkje snakkar om at slike privilegium finst, er det vanskeleg å skjøne konsekvensen av dei. Det er kanskje også vanskelegare å føle solidaritet med dei som har minst ressursar i samfunnet, dersom vi ikkje tek inn over oss kor lett det er å hamne i ein håplaus situasjon for dei som ikkje har slike privilegium.

Frå motsett side kan dei som føler dei står utanfor privilegia også tenkje at samfunnskontrakten er broten, og at dei ikkje lenger kan stole på styresmaktene. Det kan få mange utslag. I ytste konsekvens gjev det også grobotn for politiske krefter som dyrkar kjensla av avmakt, slik Donald Trump er det mest tydelege dømet på. Men det er uro i det politiske systemet også i land som er langt nærare oss, politisk og sosialt, enn USA.

Dersom vi seier at i det norske samfunnet har alle like moglegheiter til å lukkast, så seier vi også, mellom linjene, at dei som ikkje lukkast må ha skuld i det sjølv. Det er ei løgn vi som samfunn ikkje kan leve med.

—  Hans Andreas Starheim

Likaste samfunn

Vi likar å tenke at vi er eit av dei likaste samfunna i verda. Men dersom vi seier at i det norske samfunnet har alle like moglegheiter til å lukkast, så seier vi også, mellom linjene, at dei som ikkje lukkast må ha skuld i det sjølv. Det er ei løgn vi som samfunn ikkje kan leve med.

Om ein byrjar med å sette seg ned og tenkje gjennom sine eigne privilegium, så blir det kanskje litt enklare å sjå kor vanskeleg livet kan vere for dei som startar livsløpet med litt færre heiarop frå sidelinja.

I Noreg er vi alle like, men nokre er heilt klart likare enn andre. Sjølv om det ikkje kjennest sånn ut i det daglege, så er det godt mogleg at du er ein av dei.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar