Kommentar

Audun, du må snakke med Knut Arild

Kva kan SV lære av KrFs år som vippeparti i Stortinget? Kanskje også Carl I. Hagen bør lyttast til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvar onsdag skjedde det same ritualet: Rundt det ovale møtebordet til KrFs stortingsgruppe sat dei åtte representantane. Det hadde ikkje gått mange vekene sidan det nesten katastrofale stortingsvalet i 2017 då dei verkeleg byrja å kjenne presset. Frå dei andre partia på Stortinget. Frå interesseorganisasjonar. Frå media.

Interne spenningar og ytre press

Internt hadde murringa om kva som eigentleg burde skje framover, byrja å kome til overflata for alvor.

Vil dei same sprekkene og spenningane som kom til overflata i KrF, kome til syne i SV – i fullt åsyn i flomlyset frå media?

—  Emil André Erstad, kommentator

For SV som nyleg forlét forhandlingane i Hurdal, er overraskande mykje likt med situasjonen KrF hamna i etter valet i 2017.

Som ein av Knut Arild Hareide sine næraste rådgjevarar frå den tida, såg eg det sterke presset mot KrF frå innsida.

SV sterkare enn KrF

Der i møterommet med dei åtte KrF-representantane, kunne vi høyre vitnesbyrda om korleis stortingsrepresentantane frå andre parti reiv og sleit i dei. Alle frå opposisjonen ville ha med KrF-arane for å skaffe fleirtal mot regjeringa. Rådgjevarane og representantane for regjeringspartia ville ha med KrF-representantane på stadig sterkare og meir forpliktande samarbeid.

Så mektig var vippefunksjonen til KrF at dåverande arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på KrF sin interne julefest refererte til KrFs arbeids- og landbrukspolitiske talsmann, Steinar Reiten, som «statsminister Reiten». På eit internseminar for stortingsgruppa var vart det i fullt alvor vurdert å avvise alle forslag som kom frå andre parti, og berre stemme for KrFs eigne forslag.

Mykje tyder på at Audun Lysbakken har sett til KrFs erfaringar allereie, og at han veit kor overveldande situasjonen vart for sentrumspartiet, men at SV kanskje står litt betre rusta til å møte situasjonen.

Sprekker og spenningar

Det er sjølvsagt klare forskjellar mellom situasjonen til SV no, og den KrF stod i. SV er ikkje eit sentrumsparti som har to alternative regjeringskonstellasjonar å velje mellom. SV er eit meir samla parti med ein sterkare organisasjon.

Audun Lysbakken og SV har heller ikkje på noko tidspunkt tatt til orde for ei forpliktande samarbeidsavtale med Støre-regjeringa. På venstresida er synet at enten så sit ein i regjering, eller så gjer ein det ikkje. SV ønsker ikkje no å vere eit halvvegs regjeringsparti frå Stortinget.

Likevel står utfordringane for SV i kø.

SV er til dømes delt i synet på om partiet burde gått i regjering no, eller bli ståande utanfor. SV er delt mellom dei som trur på pragmatiske kompromiss med Ap og SP i regjering, og dei som trur partiet må halde seg så reine og ranke i opposisjon at dei klarar å demme opp for lekkasjar til partiet Raudt.

Nettopp her ligg eit kjerne-element ved strategien Audun Lysbakken har vald: SV og Raudt har same standpunkt i nesten alle enkeltsaker, så kva er den reelle forskjellen mellom dei to partia? Hovudsakleg går skiljet mellom SV og Raudt på synet om korleis venstresida skal jobbe for gjennomslag. Raudt er grunnleggande skeptisk til samarbeid og forpliktande avtalar med sosialdemokratane i Ap, medan SV er langt meir orientert i retning av kompromiss og fellesløysingar med nettopp Ap.

Carl I. Hagens tabbe

Derfor er det nok frustrerande for Audun Lysbakken at Ap ikkje gav SV meir i forhandlingane på Hurdal. Internt i SV er oppfatninga at Ap feilvurderte SV, og trudde det sosialistiske venstrepartiet ville bli med i regjering uansett. Det er ikkje sikkert at Ap ikkje hadde gått ei tilstrekkeleg god nok runde med SV om kor partiet står i 2021. Kanskje var berre Ap for låst av sine eigne kompromiss til å gje SV gjennomslag på klima og ulikskap.

Det spørst om Lysbakken vel å lytte til Hagen, men han bør i alle fall lytte til erfaringane som gjorde at Knut Arild Hareide til slutt valde å sette himmel og jord i rørsle ved å ta partiet sitt gjennom eit dramatisk retningsval.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ikkje berre KrF som har sikra ei mindretalsregjering støtte i Stortinget i nyare norsk historie. Då Bondevik 2-regjeringa forhandla seg fram til ei regjeringsplattform i 2001 – den som vart heitande Sem-erklæringa – var det Carl I. Hagen frå Frp som var tiltenkt rolla som parlamentarisk grunnlag i Stortinget. KrF-aren Bondevik, som hadde forhandla med Venstre og Høgre, forventa at Frp skulle stille sine 26 stortingsmandat bak den nye regjeringserklæringa.

Då Bondevik presenterte erklæringa heldt Frp eit kort gruppemøte der dei kom fram til å støtte erklæringa. Det kallar Carl I. Hagen i dag «ein av mine største feil», og ber Lysbakken om å ikkje gjenta tabben. Hagen meiner han dermed låste seg til ein situasjon der Frp også måtte støtte det komande statsbudsjettet. Han meiner Frp burde halde Bondevik på pinebenken litt lenger – for å kunne hatt betre forhandlingskort på handa.

Kan bli tatt for gitt

Den store faren for SV og Lysbakken er at deira stemmer i Stortinget kan bli tatt for gitt av Støre og hans folk.

Ein ting er den føreseielege politikken. Ein annan ting er alt det uføreseielege som skjer undervegs. For plutseleg står Lysbakken der, i same situasjon som KrF-representantane gjorde gong etter gong.

Som den gongen då justisminister Sylvi Listhaug hadde skrive den famøse Facebook-posten der ho skreiv at «Ap meiner terroristanes rettar er viktigare enn nasjonens tryggleik». Det var KrFs stemmer som avgjorde om justisministeren skulle avsetjast. Presset på KrF var enormt – og basert på diskusjonane internt var det langt frå sikkert at saka ville enda slik den gjorde, ved at Listhaug måtte gå. Makta gjorde KrF-arane rådville, redde og ubesluttsame.

Så er spørsmålet kven som eventuelt blir Ap- eller Sp-statsråden som skal få framtida si avgjort av SV si stortingsgruppe etter tabbar, skandalar og feil.

Det spørst om Lysbakken vel å lytte til Carl I. Hagen, men han bør i alle fall lytte til erfaringane som dreiv Knut Arild Hareide fram til det punktet der han til slutt valde å sette himmel og jord i rørsle ved å ta partiet sitt gjennom eit dramatisk retningsval.

Vippemakt kan gjere eit menneske og eit parti heilt desperate.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar