Anniken Huitfeldt er éin av dei mest erfarne politikarane i Arbeidarpartiet – og i norsk politikk. Likevel er det fleire tunge kjelder i Ap som tar til orde for at Jonas Gahr Støre bør gje jobben til nokon andre enn Anniken Huitfeldt. For i Ap er frontane harde og fløyene mange.
Trass i kritikken, reknar folk både i og utanfor Arbeidarpartiet det som opplese og vedtatt, at Jonas Gahr Støre allereie har bestemt seg for å gje henne jobben som Norges neste utanriksminister.
Mektig politikar
Huitfeldt har hatt stort sett alle viktige posisjonar som ein kan ha, trass i at ho knapt er meir enn 50 år. Ho har vore AUF-leiar, sitte i sentralstyret til Arbeidarpartiet sidan 2002, vore leiar av Kvinnenettverket, leia det internasjonale utvalet i Ap, vore arbeidsminister, kulturminister og barne- og likestillingsminister. Dei siste åtte åra har ho leia den prestisjetunge og viktige Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget. Det er ein tung politisk CV.
Kvifor skulle Støre finne på å ikkje gje henne jobben? Her er meiningane mange og sterke.
Omstridd i eige parti
Vi må langt tilbake i tid, og langt inn i korridorane til Arbeidarpartiet for å finne svar.
Det er den enorme politiske erfaringa som er det sterkaste kortet til Anniken Huitfeldt. Men, den kan òg bli hennar akilleshæl. Lang og tung erfaring har også har skaffa henne politiske motstandarar.
[ Trua forsvann for AUF-leiaren. I ei grotte på Utøya gav ho Gud eit løfte. ]
Huitfeldt kom for alvor inn i norsk politikk då ho vart AUF-leiar i 1996. Ho tok over etter Trond Giske. Huitfeldt og Giske var eit tospann frå tida i AUF, som leiar og nestleiar kjempa saman mot norsk EU-medlemskap før avstemminga i 1994.
Uavhengig av dei personlege eigenskapane og interne alliansane i Ap, er det mange som meiner Huitfeldt ikkje har vist seg som ein reell utanrikspolitikar.
— Emil André Erstad, kommentator
Kritikk av kvinner
I partiet har mange opplevd Huitfeldt som ein strategisk nettverksbyggar som har meistra det politiske spelet til fingerspissane. Andre meiner ho har nytta seg av spelet og nettverk litt for godt. Nokon skildrar henne som ein uortodoks personlegdom med mange tankar i hovudet – litt for brå og omskifteleg til ein utanriksministerpost. Det er viktig å ha i bakhovudet at kvinner i politikken oftare enn menn, får påstandar av dette formatet mot seg. Spesielt kvar gong viktige posisjonar skal delast ut – og spesielt frå mannlege anonyme kjelder.
Det tette bandet til Giske – som Huitfeldt sjølv har tatt avstand frå offentleg – vert av mange sett på som eit trugsmål, fordi mange meiner ho lukka augo og tok Giske i forsvar for lenge.
Uavhengig av dei personlege eigenskapane og interne alliansane i Ap, er det mange som meiner Huitfeldt ikkje har vist seg som ein reell utanrikspolitikar. Resonnementet bygger dei på at i ei tid der utanrikspolitiske tema har vore på dagsorden som perler på ei snor, med alt frå Kina, Brexit, Donald Trump og høgrepopulismens frammarsj, skulle det vore lett for Huitfeldt å synleggjere eit utanrikspolitisk prosjekt for Arbeidarpartiet. Fleire meiner ho ikkje har klart det.
[ SV-exit opnar for strammare flyktningpolitikk ]
Huitfeldt rett for jobben
Når Huitfeldt likevel står fram som ein så sjølvsagt kandidat, er det fordi ho har mange som står bak henne. Dei vil ha Huitfeldt nettopp fordi ho er ein sterk allroundpolitikar. Dei peikar på at Utanriksdepartementet ikkje først og fremst treng ein analytisk forskarskikkelse, men ein øvste leiar som forstår politikkens vesen og som kan kunsten å prioritere.
UD skal dei neste åra kjempe mot globale klimaendringar og sikre balanse i eit endra geopolitisk landskap. Då blir behovet for koordinering, klare linjer og tøffe prioriteringar større. Koordineringa av norsk utanrikspolitikk er fordelt på ulike fagdepartement. For å sikre denne koordineringa trengst kanskje nettopp den kompetansen Huitfeldt har: Den tunge styringserfaringa. Kjelder omtalar Huitfeldt som ein politikar som har evne til å prioritere og sette klare mål.
Ingen ser heller for seg at Ap er i stand til å gje slepp på utanriksministerposten. Fleire håpar likevel på ein annan utanriksminister enn Huitfeldt, og blant desse peikar flest på Espen Barth Eide som den mest sannsynlege konkurrenten.
Barth Eide har også fiendar
Det er ei relativt kjend sak at også Barth Eide eigentleg ønskte å bli leiar av Utanriks- og forsvarskomiteen då han kom inn på Stortinget i 2017. Barth Eide vert omtalt som ein klassisk nerd, som les bøker om diplomatisk etikette og følger dei slavisk. Det blir løfta fram at han kan norsk utanrikspolitikk betre enn dei fleste, og snakkar fleire språk. Som tidlegare direktør for Verdens økonomiske forum og visegeneralsekretær i FN med ansvar for fredsforhandlingane på Kypros, er Barth Eide omtalt som ein utanrikspolitikar med stort nettverk.
Det vert sagt at gode sjefar pleier å tilsette folk som er eller kan bli betre enn dei sjølv. Då spørs det kven av dei tre kandidatane Støre vel – eller om han dreg nokon heilt andre opp av hatten.
— Emil André Erstad, kommentator
Men også Barth Eide har fiendar i partiet. Han vert skildra som ein litt elitistisk politikar. Mellom anna var kreftene i Oslo Ap sterke nok til å fjerne han frå sikker plass på stortingslista i første nominasjonsrunde. Det viser at også Barth Eide har sterke motstandarar i eige parti.
Tilhengarane meiner derimot at Støre ikkje kan sløse bort moglegheita til å gjere Espen Barth Eide til minister med ansvar for ei portefølje innan klima og energi, sidan det er dette fagområdet han har spesialisert seg på frå Stortinget dei siste fire åra. Nokon peikar likevel på at Støre vil meine at klima og energi blir så viktig i norsk utanrikspolitikk framover, at han meiner utanriksministeren bør ha tung energierfaring. Det kan vere ein grunn til at Barth Eide likevel kan få sjefskontoret i UD.
Jokeren Raymond Johansen
Ein annan joker som blir nemnt til jobben, er Oslos populære byrådsleiar Raymond Johansen. «Berre sjå på CV-en hans», vert det sagt. Sjølv om Johansen er utdanna røyrleggar, har han vist at han kan langt meir om Norges forhold til verda enn om tette sluk. I to omgangar har Johansen vore statssekretær i UD. Der vart han kjend for sitt sterke engasjement for freds- og utviklingspolitikken.
Argumentet om at Huitfeldt generelt er ein sterk politikar med lang erfaring, kunne like gjerne vore brukt om Johansen. Han er òg ein mann som jamleg er blitt omtalt som aktuell statsministerkandidat.
Johansen er dessutan veldig populær i UD frå tida der, mens i partiet meiner nokon at Johansen er for folkeleg til å vere utanriksminister.
[ «Trenger vi egentlig en egen utviklingsminister?» ]
Jonas Gahr Støre sit i desse dagar med utsikt over den vakre Hurdalssjøen. Der sit han nok og tenker mange alvorlege tankar. Ein av desse er garantert kven som skal ta over utanriksministerposten – ein post Støre har hatt sjølv, og derfor veit kva som trengst i. Det vert sagt at gode sjefar pleier å tilsette folk som er eller kan bli betre enn dei sjølv.
Då spørst det kven av dei tre kandidatane Støre vel – eller om han dreg nokon heilt andre opp av hatten.