Kommentar

Uvanlege folk sist

Arbeidarpartiet har knapt gått til val på eit meir splittande slagord. Det bør uroe alle.

kk

Det går ei raud linje gjennom Arbeidarpartiets nyare historie, der partiet har profilert seg som fellesskapspartiet. Ingen har vore definert ut av det store fellesskapet partiet har prøvd å skape dei siste tiåra. Derfor har partiets slagord i valkamp etter valkamp vore prega av ord som bygger fellesskap, som inkluderer og rommar stort sett alle veljargrupper. I 2007, 2009, 2013 og 2017 var derfor slagordet «Alle skal med». Det er ganske langt unna slagordet for 2021-valkampen, der Ap-folk på stands over heile landet no utbasunerer at «Nå er det vanlige folks tur». Brotet med dei tidlegare slagorda er så markant at alle forstår at Ap vil noko anna denne gongen.

Meir polariserande

Det er mange grunnar til at Ap måtte endre slagordet frå dei siste valkampane. To valnederlag etter kvarandre, var ein grunn. At Arbeidarpartiet attpåtil tapte valet mot den mest høgreorienterte regjeringa Norge har hatt, viste behovet for noko nytt. Viss ørnen i norsk politikk skulle finne attende til gamle høgder, måtte partiet justere bodskapen.

Nettopp den stabilt lågare oppslutninga Ap har måtte bli vant med dei siste åra, er ein annan grunn. Eit parti som ligg stabilt på 40 prosent oppslutning kan tillate seg langt meir inkluderande bodskap og kommunikasjon, enn eit parti som ligg på nesten halvparten av gamal storleik. I 2021-valet vil eit valresultat på over 30 prosent vere ein suksess utan sidestykke for Arbeidarpartiet.

Kanskje er dei auka forskjellane komne for å bli, og kanskje vil det derfor framover vere denne litt meir polariserande retorikken Ap må ty til stadig oftare.

—  Emil André Erstad, kommentator

Den tredje og kanskje viktigaste grunnen til den drastiske endringa av slagordstrategien i Ap, knyter seg til Senterpartiets eksplosive vekst på meiningsmålingane gjennom våren 2021. Sjølv om den sterkt polariserande retorikken frå amerikansk politikk endå ikkje har nådd Norge med full styrke, er det mykje som tyder på at det politiske klimaet også i Norge har blitt meir polariserande dei siste åra.

Grunn til uro

Det kan vi spesielt tydeleg sjå på retorikken til Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum og Framstegspartiets Sylvi Listhaug, som begge har ein tendens til å sette grupper opp mot kvarandre i utspela sine. Listhaug stigmatiserer innvandrarar i sin retorikk, medan Vedum set opp motsetningar mellom byfolk og folk i distrikta.

For det er ingen tvil om at slagordet «Nå er det vanlige folks tur» er ein god del meir polariserande enn dei fleste slagorda i Arbeidarpartiets historie, spesielt i nyare tid. Det er kanskje også fordi Arbeidarpartiet få gonger har hatt som mål å vinne ei mindre gruppe veljarar enn dei har denne gongen.

Til vanleg har dei to største partia, Høgre og Arbeidarpartiet, ikkje tydd til denne forma for retorikk. Det er framleis ikkje slik at den øvrige retorikken frå desse partia er spesielt polariserande, men slagordet frå Arbeidarpartiet kan gje grunn til uro for at ting kan vere i endring framover.

Witzøe effektiv for Ap

Spesielt mykje fokus har det vore på det såkalla distriktsopprøret, der folk i distrikta over lengre tid har opplevd at tenestene vert sentralisert. I Ap er det fleire som peikar på akkurat denne gruppa av veljarar som hovudgrunnen til endringa av slagord, i tillegg til at slagordet også plasserer Ap på riktig side i den pågåande ulikskapsdebatten.

Fleire undersøkingar har vist at det temaet flest veljarar er opptatt av i denne valkampen, er spørsmålet om den aukande ulikskapen i samfunnet. I den debatten gjer nok Ap eit kortsiktig strategisk klokt grep i å ta side med «vanlege folk». Slik sett kunne ikkje partiet drøymt om ein betre start på valkampen enn dei fekk ved at laksemilliardæren Gustav Witzøe tok til orde for større kutt i formueskatten, noko Solberg-regjeringa på ein pressekonferanse førre veke lova å gjennomføre viss dei fekk attval.

Det er derfor lov å håpe på at slagordet blir lagt i ei skuff og erstatta med Ap sin universelle, inkluderande retorikk så fort stemmene er komne i valurna og Støre er blitt statsminister.

—  Emil André Erstad, kommentator

Kanskje er dei auka forskjellane komne for å bli, og kanskje vil det derfor framover vere denne litt meir polariserande retorikken Ap må ty til stadig oftare.

Det er vanskeleg å tenke seg noko meir effektivt for Aps kampanje for vanlege folk enn utspelet frå Witzøe, fordi han kanskje meir enn nokon framstår som eit eksempel på det motsette av «vanlege folk». Og for Arbeidarpartiet er det uvanlege folk som Witzøe som står sist i køen i denne valkampen, viss vi skal ta slagordet deira på alvor.

Kunstig skilje

Dette inntrykket vert forsterka av korleis Bjørnar Skjæran i Bodø førre veke droppa ein NHO-fest for å arrangere grillfest med «vanlege folk». Det fekk statsminister Erna Solberg til å skulde Skjæran for populisme, medan redaktør i Rana Blad, Marit Ulriksen, skulda Skjæran for «reinspikka populistisk pølsevev». For frisørane og enkeltmannsføreta som deltok på NHO-festen i Bodø var vel like mykje vanlege folk som taxisjåførane og reinhaldarane på grillfesten til Skjæran?

Det er her problemet i Aps nye slagord også er å finne. Skiljet mellom vanlege folk og dei som ikkje er det, vert kanskje litt kunstig. Sjølv vert eg usikker på kva kategori eg hamnar i - då eg bur i distriktet, men jobbar i Oslo og aldri har likt kaffe latte.

Universell og inkluderande retorikk

Gjennom heile Arbeidarpartiets historie har partiet kjempa for velferd til alle – spesielt i nyare tid – for at bondesonen og bankdirektøren ikkje skal oppleve at det er forskjell på velferdstenestene dei får. Den universelle velferdsstaten der alle står på lik fot – nettopp denne grunntanken skil ikkje mellom Gustav Witzøe og vanlege folk. Derfor har heller ikkje Arbeiderpartiet gjort skilnad mellom dei som skapar arbeidsplassar og dei som får arbeid.

Er det grunn til å frykte at denne universelle tanken om velferd også står i fare viss Ap byrjar å skilje mellom kva folk som skal stå først i køa?

Det er mogleg det nye slagordet vil gje Ap eit betre valresultat enn sist. Det er òg sannsynleg at Ap vil styre landet dei neste fire åra, slik mykje tyder på no.

Det er derfor lov å håpe på at slagordet blir lagt i ei skuff og erstatta med Ap sin universelle, inkluderande retorikk så fort stemmene er komne i valurna og Støre er blitt statsminister.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar