Kommentar

Vi forlét ikkje våre på slagmarka

Korleis vågar regjeringa å risikere livet til afghanske borgarar som har stått i teneste for Norge?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle som har sett filmen eller lest boka Drageløperen av Khaled Hosseini klarar å førestille seg kor nådelaust Taliban behandlar fiendane sine. Alle afghanske borgarar som har jobba for utanlandske militærmakter dei siste 20 åra veit kva dei har i vente dersom Taliban får tak i dei.

Straffast med døden

For Taliban speler det inga rolle om du har vore reinhaldar, tolk eller sjåfør. Har du gått i USA, NATO eller fiendens teneste fortener du same straff: Dei som har stått på dei vantru si lønningsliste fortener berre døden.

Regjeringa seier dei forstår situasjonen. Då er det også openbert at dei forstår sitt moralske ansvar dersom Norge sine tidlegare hjelparar og familiane deira blir eit hovud kortare.

—  Emil André Erstad, kommentator

Dei må vere nokså modige, statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justisminister Monica Mæland, som no risikerer å få Forsvarets afghanske hjelparar — og familiane deira — sine liv på samvitet.

Ny behandling trengst

For samstundes som regjeringa på ytst dramatisk vis bønnfell alle norske borgarar om å forlate Afghanistan så fort som råd, nektar den same regjeringa å hente ut dei afghanske medhjelparane som har jobba for Forsvaret i årevis, men tidlegare har fått avslag på søknadane sine om opphald — noko mellom anna Vårt Land og Forsvarets Forum har dokumentert i sommar. Det er stikk i strid med signala frå ei rekke allierte, som Danmark og USA.

I Danmark opnar no styresmaktene for at afghanske lokale hjelparar som tidlegare har fått avslag om opphald i Danmark, no kan få søke på nytt med hurtigbehandling – noko den norske regjeringa ikkje opnar for.

Biden-administrasjonen i USA har samla pengar og støtte til å hente ut det meste av afghansk personell som har assistert amerikanske styrkar. For seks dagar sidan landa det første flyet med dei lokale hjelparane i USA.

For seint for Sohail

For den tidlegare tolken Sohail Pardis vart det for seint. På veg til Eid-feiring med familien 12. mai i år, vart Paradis stoppa av ei Taliban-vegsperring. No skulle fundamentalistrørsla betale tilbake for dei 16 månadane Paradis hadde stått i teneste som tolk for USA. Taliban gjorde kort prosess med han dei såg på som femtekolonnist og spion: Dei halshogde han.

Taliban står i posisjon til å ta over store område i Afghanistan ettersom NATO trekk seg ut etter 20 år i landet.

Det er ingen norsk verdi å overlate allierte hjelparar i hendene på fienden. Det er berre ein rett ting å gjere: Få nokre Hercules-fly på vingene til Kabul og hent dei lokale hjelparane no.

—  Emil André Erstad, kommentator

Tryggleikssituasjonen er no så ille at UDI har slutta å sende afghanske asylsøkarar med avslag tilbake til landet. UDI har også stansa behandlinga av afghanske asylsøknadar mellombels, inntil styresmaktene har fått meir oversikt over situasjonen.

Kanskje undervurderte både NATO og Norge konsekvensane av uttrekkinga, og kanskje kjem Taliban sin raske og sterke frammarsj overraskande.

Regjeringa har moralsk ansvar

Dei militære har ein krystallklar etikk som tydeleg seier at Norge har eit ansvar for sivile som har gått i teneste for det norske Forsvaret. Ein lét etter seg ikkje folk på slagmarka. Kanskje er Solberg, Søreide, Bakke-Jensen og Mælands avvisande haldning eit uttrykk for at situasjonen er ei ny erfaring for Norge?

Vi opplevde ikkje den same utfordringa i militæroperasjonar i land som Libanon og på Balkan.

Kanskje skuldast det manglande kunnskap om konsekvensane av å ha gått i fiendens teneste. Kanskje tenker dei på innvandringsregulerande omsyn midt i ein viktig valkamp.

Regjeringa seier dei forstår situasjonen. Då er det også openbert at dei forstår sitt moralske ansvar dersom Norge sine tidlegare tilsette og familiane deira blir eit hovud kortare.

Det er ingen norsk verdi å overlate allierte hjelparar i hendene på fienden. Det er berre ein rett ting å gjere: Få nokre Hercules-fly på vengene til Kabul og hent dei no.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar