Kommentar

Brannen som ikkje lar seg slukke

Skogbrannane som har herja Tyrkia den siste tida bør ikkje vere den største bekymringa til Recep Tayyip Erdogan. Det brenn også under føtene på presidenten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Scenene frå branninfernoet ved den tyrkiske middelhavskysten har vore hjarteskjerande, der fartøy frå den tyrkiske marinen har evakuert livredde og desperate menneske – både lokale innbyggarar og turistar. For nokon kom ikkje hjelpa fram i tide, som det tysk-tyrkiske paret som vart funne omkomne i den utbrente heimen i Manavgat i Antalya. To tyrkiske brannmenn måtte også bøte med livet i kampen mot flammane. Til og med husdyra brenn, fortel dei lokale. Totalt har åtte menneske mista livet som følge av brannane.

Svart te mot skogbrann

Skogbrannane i Tyrkia er alvorlege, omfattande og langt meir dramatiske enn tidlegare. I juli vart det målt heile 49,1 grader i Cizre søraust i Tyrkia. I Antalya har temperaturen vore fem-seks grader høgare enn gjennomsnittet for sesongen. Ifølge EU er Tyrkia ramma av heile 133 skogbrannar i 2021, samanlikna med eit gjennomsnitt på 43 i den same tidsperioden i åra frå 2008 til 2020. Det er altså grunn til uro over at skogbrannane kan ha samanheng med dei forsterka klimaendringane vi ser over heile verda.

Det er særs uvanleg at den tyrkiske presidenten vel å tape ansikt på denne måten, og det gir grunn til å tru at Erdogan kjenner seg på defensiven. Det har han nok i så fall rett i.

—  Emil André Erstad, kommentator

President Recep Tayyip Erdogan har dei siste månadane slite med ei aukande økonomisk krise og fallande popularitet. Så langt har ikkje skogbrannane gjort han meir populær. Det er kanskje heller ikkje så rart: Då han besøkte området der brannane stod på som verst, i feriebyen Marmaris, heldt han først ei oppelda tale til støttespelarane sine frå ein buss, før han køyrde den same bussen gjennom den katastroferamma byen. Samstundes som han stod i døropninga, kasta han pakkar med svart te til dei som stod langs vegkanten. Fleire av dei var overlevande som hadde sleppt unna den livsfarlege elden.

Manglar utstyr

Det litt absurde stuntet har ikkje gjort Erdogan meir populær blant dei som allereie mislika han, og sannsynlegvis bidrog det heller ikkje til aukande popularitet blant dei som tidlegare har stemt på presidenten frå regjeringspartiet AKP. I sosiale media hagla kritikken under ein emneknagg som på tyrkisk betyr «ta teen din og forsvinn». Medan folket lir får dei pakkar med te kasta i hovudet, lydde kritikken på nettstader som Twitter. Erdogan fekk òg kritikk for at han berre inspiserte dei mest råka områda frå presidentflyet sitt, og ikkje frå bakken. Samstundes seier dei tyrkiske brannmannskapa at dei manglar utstyr, mellom anna fly som kan bidra i sløkkingsarbeidet.

Erdogan på si side hevda at han og regjeringa hans ville ta store ressursar i bruk for å bøte på skadane i dei mest råka områda. Han lova mellom anna å starte bygging av nye hus til dei som har mista bustadane sine, innan ein månad. Gunstige lån og støtteordningar til bedrifter som er ramma av flammane, er også del av planen til Erdogan.

Spørsmålet er om det finst nok vatn, pakkar med svart te, flygedyktige sløkkingsfly og brannmannskap som kan sløkke brannen som brenn under føtene på Recep Tayyip Erdogan.

Økonomien utfor stupet

Den tyrkiske lira er framleis i fritt fall etter Erdogan og AKP-partiets katastrofale handtering av den tyrkiske styringsrenta. Inflasjonen ligg for tida ein stad mellom 17 og 40 prosent — avhengig av kven ein spør. Talet frå TUIK — Tyrkias statistiske sentralbyrå — seier at inflasjonen for juni var på heile 17.5 prosent. Mange tyrkiske akademikarar og økonomar trur inflasjonen er langt høgare enn tala frå styresmaktene fortel. The Inflation Research Group, som består av ei gruppe uavhengige akademikarar, trur inflasjonen ligg rundt 40 prosent. Som med mykje anna i det tyrkiske samfunnet er også statistikk og fakta stridsemne. The Inflation Research Group vart i mai saksøkt av TUIK for å «desinformere offentlegheita» og for å ha «undergrave tilliten til offentleg statistikk».

Økonomiske nedgangstider er aldri bra for dei som styrer, ei heller autoritære leiarar som Recep Tayyip Erdogan. Han er mannen som har bygd den politiske karrieren på å gjere liva til tyrkarane betre kvart år som går, økonomisk og materielt. No går økonomien utfor stupet, og det same gjer sjansane hans til attval ved presidentvalet i 2023.

Erdogan tapar ansikt

Ei anna sak som har gitt Erdogan hovudbry, er utnemninga av den regimetru akademikaren Melih Bulu til rektor for Bogazici-universitetet – det mest prestisjetunge universitetet i Tyrkia. Utnemninga skapte månader med protestar blant tilsette og studentar ved universitetet, og mange tyrkarar sa at demonstrasjonane minna om dei store Gezi-demonstrasjonane frå 2013 – dei som vart omtala som versjonen av Den arabiske våren i Tyrkia. Kritikarane meiner utnemninga av Bulu var både udemokratisk og politisert. Ingen rektor har blitt utnemnt frå utsida av universitetet sidan militærkuppet i 1980. Bogazici-universitet vert av mange rekna som eit tyrkisk Harvard, ein fri og uavhengig oase for studentar og akademikarar med ambisjonar og tankekraft gjennom 150 år. Månader med protestar har ført til hundrevis av arrestasjonar, men Erdogan har ikkje vist teikn til å trekke utnemninga. Så kom sjokkbeskjeden i midten av juli, om at eit dekret frå presidenten omgjorde avgjerda. Demonstrantane vann, Erdogan tapte.

Det er særs uvanleg at den tyrkiske presidenten vel å tape ansikt på denne måten, og det gir grunn til å tru at Erdogan kjenner seg på defensiven. Det har han nok i så fall rett i.

No går økonomien utfor stupet, og det same gjer sjansane hans til attval ved presidentvalet i 2023.

—  Emil André Erstad, kommentator

I motsetnad til i land som Russland, er det grunn til å håpe at presidentvalet i Tyrkia vert nokolunde genuint og rettferdig, fordi det er så store delar av samfunnet som framleis har fridom til å kjempe mot den autoritære retninga til Erdogan og AKP. Det er dermed gode sjansar for at det som skjedde i Istanbul våren 2019, då opposisjonskandidaten Ekrem Imamoglu vart vald til borgarmeister i Istanbul trass i at AKP-regimet prøvde å stoppe det, kan skje igjen på nasjonalt nivå i 2023.

Det er mogleg Erdogan vil prøve seg med fleire stunt med svart te eller andre gimmikar, men det er ikkje sannsynleg at det vil stoppe brannen under føtene hans.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar