Kommentar

Bileta vi aldri får sjå

Dei verdige markeringane på tiårsdagen, risikerer å lulle oss inn i eit bilete av at 22. juli var noko anna enn det eigentleg var. Norsk presse har eigentleg aldri fortalt sanninga om 22. juli.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

22. juli 2011 var den svenske fotografen Nicklas Hammarström éin av dei første fotografane på Utøya. Han kom i båt. Han tok bilete som dokumenterte terroren langt meir detaljert og nærare enn nokon av bileta vi har sett i norsk presse. Bileta til Hammarström dokumenterer råskapen, vondskapen og hjarteløysa utan sminke og avstand. Bileta er publisert i fleire medium utanfor Noreg, men i Noreg omtalar vi framleis bileta som dei upubliserte 22. juli-bileta. Av omsyn til dei overlevande, etterlatne og alle oss andre, har norsk presse hittil vurdert det dit at bileta ikkje skal publiserast – grunngjevinga er at det rett og slett vil bli for mykje, for tidleg og for nært.

Det er moglegvis rett avgjerd, men det hindrar oss òg i forstå kva som eigentleg skjedde på Utøya den mørke julidagen for ti år sidan.

Meir enn rosetog

Bilete av rosetoga viser ikkje sanninga om 22. juli. Vakker song og endå vakrare taler i Oslo Spektrum, viser ikkje sanninga om 22. juli. Den verdige, rørande og viktige tiårsmarkeringa av 22. juli tidlegare denne veka, gjorde inntrykk på mange, men heller ikkje den er heile sanninga om 22. juli. Vi risikerer å lulle oss inn i eit bilete av at 22. juli eigentleg handla om samhald og rosetog.

Det som gjer mest inntrykk er at dei overlevande framleis, ti år etter, kjenner seg svikta av storsamfunnet. Mange av dei fortel om hjarteskjerande skuldkjensle, eller at dei vert utsett for hets. Andre igjen fortel om korleis ingen av oss som ikkje var på Utøya 22. juli 2011, kan forstå korleis det var, og kva dei har vore gjennom. Kravet til AUF om eit sterkare oppgjer er særs forståeleg.

Det er lett å mistenke at Fabian Stang neppe ville brukt tiårsmarkeringa til å legge ut ein Facebook-post der han skuldar Jonas Gahr Støre for å dra «kortet», dersom Stang hadde sett dei upubliserte 22. juli-bileta først.

—  Emil André Erstad, kommentator

Bileta til Hammarström finst. Det er ei stor belasting å sjå bileta, noko eg sjølv nyleg erfarte.

Unge, døde kroppar

Eitt av bileta viser døde, unge menneske som ligg på rekke og rad i vasskanten. Dei er delvis avkledde, på veg ut i vatnet. Rundt dei ligg klede frå dei som rakk å kome seg ut i vatnet og fekk lagt på svøm.

Eit anna viser korleis døde, unge menneske ligg spreidde rundt langs veggen på éin av bygningane på Utøya, og korleis beredskapstroppen til politiet omsider kjem til staden.

Det er så sterk kost at det framleis etter å ha sett bileta, er vanskeleg å ta heilt inn.

Intellektuelt og rasjonelt kan sikkert dei fleste av oss forstå kva som skjedde på Utøya den dagen, men for meg var det eit før og etter med desse bileta.

Det er vanskeleg å forstå ekstremismen til fascisten Breivik, før ein ser konsekvensane av den systematiske avrettinga hans på nært hald. Dei døde kroppane fortel meir enn tusen ord. Det er vanskeleg å heilt ta inn ropet til AUF om eit sterkare oppgjer, før ein har sett kva partivenene vart utsett for den dagen.

Ingen enkle svar

Det er også vanskeleg å kritisere avgjerda om å ikkje trykke bileta. Det er verken feigt eller overbeskyttande, men ei avgjerd som framleis står støtt. Dei siste vekene har Morgenbladet laga fleire saker som har reflektert og diskutert avgjerda om å ikkje trykke bileta. I ein kommentar stiller Morgenbladet-fotograf Christian Belgaux fleire av dei viktige spørsmåla: «Hvor går grensen mellom samfunnets behov for å huske og forstå, og hensynet til de etterlatne? Er de upubliserte Utøya-bildene viktige historiske dokumenter, eller appellerer de mest til kikkeren i oss? Er det umoralsk å se på dem, eller det umoralsk å la være?»

Det finst ingen enkle svar.

Sjølv om ti år kan kjennest ut som lang tid, er det ikkje sikkert det kjennest på same måten for dei som overlevde og vart etterlatne. Det er også grunnen til at ingen norske riksmedium planlegg å publisere bileta med det første.

Vi har sett eksempel frå andre land på at same avgjerd er tatt. Til dømes det sterke biletet av «Falling man» etter terroråtaket mot World Trade Center 11. september 2001. Biletet vart nærast bannlyst i amerikanske medium, men trykt i fleire europeiske aviser. Avstand i tid og stad tel.

Manglande forståing

Problemet er derfor ikkje avgjerda til norske redaksjonar. Problemet er heller ikkje at bileta finst eller vart tekne. Problemet er at vi framleis, ti år etterpå, ikkje har forstått eller fått hand om kor grufull terroren var den dagen for ti år sidan.

Det er vanskeleg å forstå ekstremismen til fascisten Breivik, før ein ser konsekvensane av den systematiske avrettinga hans på nært hald. Dei døde kroppane fortel meir enn tusen ord.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er lett for å mistenke at nettopp den manglande forståinga er grunnen til at AUF og dei overlevande, framleis blir møtt med hets og manglande forståing blant altfor mange.

Det er lett å mistenke at Fabian Stang neppe ville brukt tiårsmarkeringa til å legge ut ein Facebook-post der han skuldar Jonas Gahr Støre for å dra «kortet», dersom Stang hadde sett dei upubliserte 22. juli-bileta først. Det er lett å mistenke at Sylvi Listhaug neppe ville brukt tiårsmarkeringa til å skulde den same Støre for å bidra til splitting, dersom ho hadde sett bileta først.

Alle hugsar korleis biletet av den tre år gamle flyktningguten Alan Kurdi liggande død på ei strand, endra innvandringsdebatten i Noreg og Europa. Hadde norsk presse trykt bileta til Hammarström frå Utøya, ville debatten om 22. juli også vore ganske annleis.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar