Kommentar

Listhaugs hundefløyte

Tilgje henne ikkje, for Frp-leiaren veit kva ho gjer når ho nører opp i grumset om 22. juli. Det er valkamp av verste sort.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis skulle eigentleg Frp møte 10-årsmarkeringa av 22. juli? Alle politisk interesserte menneske har nok stilt seg spørsmålet, men kanskje mest av alt har spørsmålet blitt gjentatt igjen og igjen i Frp sine eigne møterom. Resultatet vart openbert eit klønete forsøk av ein kronikk, der målet frå leiartrioen i Framstegspartiet tydelegvis var å unngå å sei noko ubehageleg. Andre folk i partiet har også fått stram regi for kva dei kan sei og skrive kring 22. juli. I praksis bad partileiinga i kronikken om å få sleppe meir debatt om 22. juli ved å skrive «dropp splittelsen – stå sammen mot voldelig ekstremisme».

Det er så mykje galt med det Listhaug seier her at det er vanskeleg å vite kor ein skal byrje. Har ho budd under ein stein heile denne våren medan det har pågått intens debatt om oppgjeret etter 22. juli?

—  Emil André Erstad, politisk kommentator

Innvandring, muslimar og Arbeidarpartiet

Ein skulle dermed tru at Frp ønska at 22. juli skulle gå forbi stille utan meir debatt om partiets forhold til konspirasjonsteoriar om innvandring, muslimar og Arbeidarpartiet. At terroristen også på eit tidspunkt var medlem i Frp er underordna desse langt viktigare spørsmåla.

Men så skjer det altså: Partileiar Sylvi Listhaug gjer som ho er kjend for å gjere ved jamne mellomrom i si politiske karriere – ho bles i den berømte hundefløyta si, så hardt ho berre orkar. I eit Facebook-innlegg der Listhaug lenkar til ei pressemelding på Frp sine nettsider, skriv Listhaug mellom anna at Jonas Gahr Støre insinuerer at hatbloggen Human Rights Service (HRS) er medskuldig i 22. juli.

Ufine angrep på Støre

«At vi har én organisasjon som ikke er politisk korrekt er ikke et problem. HRS har gjort en god jobb med problemer mange ikke vil ta i med ildtang. Støre må slutte å dyrke splittelsen. Vi er alle mot voldelig ekstremisme, og jeg er enig med Geir Lippestad i at oppgjøret ble tatt i domstolene», skriv ho vidare. I pressemeldinga kan det sjå ut som Frp-leiaren spelar bevisst på konspirasjonsteoriar om at Støre er motstandar av ytringsfridomen: «Jonas Gahr Støre har ved tidligere anledninger, som karikaturstriden, vist at han ikke stiller opp for ytringsfriheten».

Det går ei grense for kva som er akseptabel retorikk i debatten om 22. juli, konspirasjonar og ytringsfridom. Den grensa har Sylvi Listhaug bevist at ho aldri har respektert.

—  Emil André Erstad, politisk kommentator

Det er så mykje galt med det Listhaug seier her at det er vanskeleg å vite kor ein skal byrje. Har ho budd under ein stein heile denne våren medan det har pågått intens debatt om oppgjeret etter 22. juli?

For det første: Listhaugs utspel fungerer som ei utmerka hundefløyte, enten ho vil eller ikkje. Det er ein bodskap til alle dei som ikkje ønsker å ta eit oppgjer med haldningane til 22. juli-terroristen Anders Behring Breivik. Listhaug kan verkeleg ikkje meine at all hetsen dei overlevande frå Utøya vert møtt med, ikkje fortener eit oppgjer. Mykje av den hetsen stammar frå dei miljøa Listhaug her tar i forsvar, til dømes fleire av dei ivrigaste lesarane av Human Rights Service. Det er som om Listhaug ikkje forstår at 22. juli var eit terrorangrep med verkelege offer, for Listhaugs empati med offera er ikkje synleg for nokon.

Uverdig valkamp

For det andre: Det er valkamp. Sylvi Listhaug prøvar openbert å fri til haldningar og segment av befolkninga som heile det politiske landskapet prøvar å bekjempe. Prøver Sylvi Listhaug å vise fingeren til Erna Solberg som fleire gonger har tatt den tidlegare statsråden sin i forsvar etter utspelet om terroristar og Arbeidarpartiet som gjorde at Listhaug måtte gå av i 2018?

Hittil har det vore stille frå regjeringspartia om utspelet frå Listhaug. Det ville tent Erna Solberg til ære om ho for ein gongs skuld no sette foten ned og skapet på plass. Det går ei grense for kva som er akseptabel retorikk i debatten om 22. juli, konspirasjonar og ytringsfridom. Den grensa har Sylvi Listhaug bevist at ho aldri har respektert.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar