Kommentar

Eit forsvar for innestemma

Dei som ropar høgast, blir aldri trøytte av det. Det er dei som ønskjer å forklare, å nyansere, å reflektere, som utmatta ristar på hovudet og gjev opp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rett etter SV sitt landsmøte i vår, ringde eg nestleiar Kirsti Bergstø. Partiet hadde nettopp vedteke å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 22, og i løpet av dei følgande dagane hadde rundt 70 personar meldt seg ut. Det var naturleg å spørje om utmeldingane skuldast abortstandpunktet, og eg venta eit offensivt svar.

Kanskje ville ho seie at det trass alt er ein veldig liten del av medlemmane, kanskje ville ho peike på at det også hadde vore ein del innmeldingar i same periode, kanskje ville ho komme med eit angrep mot KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad for å ha løfta abortsaka inn i sin eigen regjeringsstrategi. Men ho sa ingenting av dette.

«Dette er forferdeleg trist», sa Bergstø. «Eg håpar folk kjem tilbake og blir med på å ha ein samtale om dette med lave skuldrer.»

Eit inderleg ønske

To dagar seinare snakka eg med Erik Lunde. Han hadde leia arbeidet med å skrive programutkastet som skulle behandlast på landsmøtet i KrF, helga etter SV. Han hadde lagt ned månader med arbeid i dette utkastet, knallhard jobbing under krevjande forhold i pandemitida. Lunde hadde ei stram hand på rattet i komiteen, han rydda i resonnementa og korta ned på lengda. Han fekk inn gode formuleringar på saker som eg veit han brenn sterkt for, som utanforskap og korleis vi kan ta betre vare på dei som kjem inn i verda med eit dårleg utgangspunkt. Når Vårt Land ringer, spør vi ikkje om noko av dette. Vi spør om abort.

«Eg skulle så inderleg gjerne ønske at vi kunne ta denne debatten med innestemme», sa Lunde.

Dei slitne stemmene

Det eg tenkte på etter å ha hatt desse to samtalene var kor slitne dei begge høyrdest ut. Eg kunne sjå for meg lufta sige ut av dei då dei skjøna at eg var ute etter nok ei spissa overskrift om eit tema som er så viktig, og så vanskeleg – for så mange. Ein skulle tru at ein vart mest slitne av å brøle, men det kan verke som det er tvert imot. Dei som ropar høgast, blir aldri trøytte av det. Det er dei som ønskjer å forklare, å nyansere, å reflektere, som utmatta ristar på hovudet og gjev opp.

Ein skulle tru at ein vart mest slitne av å brøle, men det kan verke som det er tvert imot.

Eg kom på dette no fordi vi dei siste vekene har bak oss ein debatt om forbod mot konverteringsterapi for LHBT-personar, som nesten utelukkande har blitt gjort med utestemme. Det er ein debatt som er prega av at aktørane på kvar side har lite tiltru til kvarandre. Konservative kristne skuldar LHBT-aktivistar for å ha ein skjult agenda om å rive frå kvarandre familierelasjonar og løyse opp all kjønnsidentitet. LHBT-aktivistar har på si side lite tiltru til at ord som forbøn og sjelesorg kan vere noko anna enn fordekt undertrykking og manipulasjon mot sårbare menneske. Vi er kloke medmenneske, dei er vondsinna og inkompetente.

Skilnaden på å forstå og legitimere

I boka Israelerne skriv religionshistorikar Hanne Eggen Røislien om eit folkeslag som sjeldan blir omtala med innestemme. I boka kan ein lese om storpolitikk, om krig, okkupasjon og historie. Men den handlar ikkje eigentleg om noko av dette. Den er snarare eit portrett av sjølve det israelske folket, så samansett og fylt av indre motsetnader som det er.

I innleiinga til boka skriv ho noko som trefte meg. Ho seier at ho skreiv boka for å forstå, men samstundes seier ho at det er skilnad på det å forstå og det å legitimere. Å forstå er å skjøne korleis ting heng saman. Å legitimere, derimot, er å ta stilling til og godta noko. Det kan virke som om rota til mange konfliktar handlar nettopp om at vi ikkje klarar å sjå denne skilnaden. Dersom ein legg til grunn at det å forstå bekymringane, motiva og argumenta til motstandaren din er det same som å legitimere dei – altså å ta stilling til og godta dei – då vil det å forstå i seg sjølv vere å innrømme nederlag. Samtalen er heilt avhengig av at det er mogleg å forstå kvarandre, utan at ein nødvendigvis må vere einige.

Samtalen er heilt avhengig av at det er mogleg å forstå kvarandre, utan at ein nødvendigvis må vere einige.

Eg er ein del av problemet

Som journalist skal eg vere varsam med å skulde på andre. I jobben min hender det nok at eg er ein del av problemet, heller enn ein del av løysinga. Ikkje fordi det alltid er feil å spisse og tydeleggjere for å rette merksemd mot eit problem, eller for å sette lys på reelle usemjer. Men i ei tid prega av eit polarisert ordskifte, risikerer vi å spele opp i hendene på dei mest ytterleggåande kreftene om vi ikkje er like flinke til å invitere inn dei nyanserande innestemmene, som vi er til å oppsøke dei som står på kvar si side og brøler. I nyheitskvardagen kan det vere lettare å finne konfliktar enn det er å forklare vanskelege spørsmål.

Eg skal ikkje avslutte ein kommentar om at folk oftare burde ha nyanserte samtaler utan sterke og bestemte meiningsytringar, med ei sterk og bestemt meiningsytring om korleis dette kan løysast. Eg vil heller avslutte med ein liten lovnad. Det er ein lovnad om at eg skal bli flinkare til å oppmode til nyansering og til å hjelpe stridande partar til å forstå kvarandre, sjølv om dei ikkje er einige.

Heilt konkret vil eg gje ein lovnad til ein enkeltperson. Eg let han vere anonym her, men om han les dette, så veit han kven han er.

Lovnaden

Ein politikar frå eit opposisjonsparti ringde meg eit par dagar etter at vi hadde dekka regjeringa sitt lovutkast om forbod mot konverteringsterapi. Han lurte på om vi var interessert i reaksjonar. Eg sa at vi allereie hadde hatt ein runde med skarpe utfall frå fleire parti, og at dette også hadde blitt godt dekka i andre medier. Men om han ville komme tilbake med eit nyansert og gjennomtenkt svar på korleis vi bør møte dei reelle konfliktane mellom rettigheiter og menneskelege omsyn som står opp mot kvarandre i denne saka, så ville vi vere interessert i å trykke det, sa eg. Vi hadde ein lang og god samtale og var samde om at denne debatten treng litt meir innestemme.

Ti minutt etter at han hadde lagt på, ringde han opp att. Han hadde snakka med ein partikollega. Partiet hans hadde allereie gått ut og kravd totalforbod, punktum.

Eg trur både eg og kjelda mi var skuffa då vi avslutta den samtalen. Det var ikkje rom for forståing, denne gongen. Men om det skulle endre seg, så kan han ringe meg opp att, når som helst. Og då er min lovnad, at om vi kan prøve på nytt å ha ein samtale om denne saka, eller andre vanskelege saker – med innestemme – så skal eg gjere kva eg kan for å sleppe denne stemma til.

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar