Nyheter

Medlemsflukt etter abortvedtak

ABORT: Etter at SV forrige helg vedtok å utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 22, har partiet mista 70 medlemmer.

I same periode skal også 20 ha meldt seg inn i partiet, men netto medlemsutvikling viser at SV har 50 medlemmer færre enn dei hadde før landsmøtet. Det er kommunikasjonssjef i SV Siri Gjørtz som melder dette til Vårt Land.

— Forferdeleg trist

Nestleiar i SV Kirsti Bergstø seier til Vårt Land at ho syns det er forferdeleg trist at folk melder seg ut.

— Det har vore ein polarisert debatt med mange store overskrifter i media. Eg håpar folk kjem tilbake og blir med på å ha ein samtale om dette med lave skuldrer, seier Bergstø.

I eit innlegg i VG i dag presiserer Bergstø at SV ikkje vil utvide den absolutte grensa for når det er lov å gjennomføre abort i Noreg, men at dei gjennom å ta bort nemndene vil gje kvinnene rett til å ta avgjersla sjølv heile vegen. Til Vårt Land seier Bergstø at ho gjerne vil invitere med andre parti, fagmiljø, kvinnerørsla og andre for å utarbeide ei ny abortlov.

— Det er viktig at også dei som har sterke meiningar blir med på arbeidet vidare, seier Bergstø.

— Media forenklar debatten

Leiar i Vestland SV Hege Lothe seier at fylkeslaget ikkje mista medlemmer gjennom landsmøtehelga, men at fleire har reagert på at media har forenkla debatten gjennom si dekning.

— Media framstiller ikkje vedtaket slik det blei fatta, meiner ho.

Ho meiner at vedtaket først og fremst handlar om å tilby helsetenester og rådgjeving til kvinner som er i ein svært vanskeleg situasjon. Då blir det feil å krevje obligatorisk rådgjeving, meiner fylkesleiaren.

— Vi må ha tiltru til dei kvinnene som søkjer hjelp i helsevesenet. Å ta abort seint i svangerskapet er ein veldig spesiell og krevjande situasjonen. Då er det viktig at dei blir tatt imot med tilbod, ikkje krav, seier Lothe.

Ho understrekar også at å forme ut ei ny abortlov er eit langt arbeid. Sjølv om SV har gjort eit vedtak på landsmøtet, så skal det framleis gjerast eit stort fagleg arbeid før ei endeleg lov er på plass.

---

SVs abortvedtak

  • SV hadde landsmøte 23. ——25. april
  • Fleirtalet på landsmøtet vedtok at abortnemndene skal fjernast, og at kvinna aleine skal kunne ta avgjersla om abort heilt fram til fosteret er levedyktig (veke 22). Alle som vil ta abort skal har rett på rådgjeving, men dette skal vere frivillig.
  • Eit mindretal ønskte å gjere rådgjevinga obligatorisk etter veke 18, men dei tapt voteringa på landsmøtet.

---




Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Sarah Hervé

Sarah Camille Hervé

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter