Meninger

«Demonen» i Ferguson

Politimannen i Ferguson i USA hevdar at Michael Brown (18) «såg ut som ein demon». Då er det forståeleg at han skaut for å drepe.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det rann over for dei mest sinte i Ferguson, Missouri i USA då det vart kjent at politimannen Darren Wilson slepp tiltale for å ha skote og drepe den 18 år gamle afro-amerikanaren Michael Brown 9. august.

Det er tid for å sope opp glasbitar etter destruktive øydeleggingar. Men kva kan tragedien lære dei som no må lære? 2.200 ­soldatar frå Nasjonalgarden kan nok saman med politiet gjen­opprette ei viss ro og ein viss orden.

LES OGSÅ: Ferguson som symbol

Men det raseriet som boblar under let seg ikkje fjerne med skjold og køller og militære køyretøy. Sinnet skuldast fattigdom – og det skuldast eit sterkt inntrykk av at politiet behandlar ulike folke­grupper ulikt: Afro-amerikanarane meiner dei blir behandla langt strengare enn dei kvite blir.

Det gjeld også i trafikk-kontrollar. Kvite vert langt sjeldnare stogga enn svarte, seier dei som følgjer utviklinga.

Slapp kryssforhøyr

Politikonstabel Darren Wilson slapp kryssforhøyr frå aktoratet før stor­juryen droppa tiltale. Men vitne­målet hans om kva som hende på patruljen 9. august i år er det all grunn til å studere.

Darren Wilson ville stogge to afro-amerikanarar som gjekk mellom bilane på ei dobbel gul sperreline. Wilson rulla ned vindauga for å be dei to komme seg vekk. 18-åringen Michael Brown blei rasande, politimannen prøvde å gå ut av bilen, men Brown – stor av vekst – slo bildøra hardt igjen. Brown skal ha slått mot ­politimannen gjennom bilvindauga. Og 18-åringens blikk gjorde politimannen livredd, skal vi tru vitnemålet til sistnemnde. Det var alt då våpenet kom inn i kampen.

Om politimannen trekte det før 18-åringen prøvde å ta det, veit vi ikkje. Kanskje hadde vi fått vite det i eit kryssforhøyr. Men konstabelen hevdar at 18-åringen prøvde få fingrane på avtrekkaren. Våpenet gjekk av i bilen. «Han såg på meg og hadde eit intenst aggressivt andlet. Den ­einaste måten eg kan skildre det på, er at han såg ut som ein demon.»

18-åringen flykta, politimannen sprang etter. Så snudde 18-åringen og kom mot politimannen som byrja skyte. «Det var som han vart gal av at eg skaut mot han», forklarte politimannen: «Det såg ut som han såg rett gjennom meg, som om eg ikkje var der.»

18-åringen heldt fram med å springe mot politimannen, som skaut igjen – no mot hovudet. 18-åringen stupte og landa med andletet først. «Aggresjonen hans var borte.»

LES OGSÅ: Opptøyer og skyting i Ferguson

Korrekt

Politimann Wilson hevdar at han gjorde jobben sin korrekt, det vil seie at han gjorde det han er opplært til å gjere. Det kan godt vere sant. I så fall er vel det noko av problemet.

Dersom dei svarte har rett i at politiet langt oftare stoggar afro-amerikanarar enn kvite, burde det vere klart for alle at raseriet brått kan koke over.

Fanst det dessutan verkeleg­ ikkje andre middel til å roe opphissa gemyttar og eit basketak enn ein pistol? Den uvæpna 18-åringen hadde trass alt ikkje gjort verre brotsverk enn å gå mellom bilar på ein trafikkert veg og i ­raseri slått etter ein ­politimann som greip inn, før det blei kamp først om, og så med, våpenet.

Og då den uvæpna, men kraftige, 18-åringen stakk av, fekk han politimannen i hælane. Vi har sett det på film og vil vel helst ikkje ha det slik. Her var det væpna kvit politimann mot uvæpna svart ungdom. Men måtte politimannen springe etter – og det med våpenet trekt?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Demonisert

Vi kan diverre berre­ spekulere i kva slags fiende­ 18-åringen såg i politimannen. Kva politimannen derimot såg i den store 18-åringen, har vi fått vite. Han såg «ein ­demon». Det stokk i meg. Har du først ­demonisert nokon – i dette tilfellet nokså uttrykkjeleg – har du plassert «det onde» og dramatisk senka grensa for å bruke våpen med dødeleg hensikt. Og kven kan reise tiltale mot ein som har drepe «ein demon»?

President Obama trudde kanskje at rase ikkje lenger er eit spørsmål, sidan han stilte til val som politikar og ikkje farga. No ser alle at det framleis er eit farleg spørsmål.

Når ein politimann attpå til ser ein demon i ein uvæpna, men stor og kraftig rasande 18-åring, burde alarmklokkene kime også i kvart einaste konservativt te­selskap og på kvar einaste ­politistasjon. Ein svart uvæpna 18-åring er ikkje «ein demon», same kor aggressiv han måtte ­vere. Aggresjonen kjem frå fattig­dom og stigmatisering. Å forklare­ dette både for storjuryar­ og politi­folk på ­patrulje er ei krevjande, men viktig oppgåve.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger