«Jeg synes det er godt å få prate om det. Jeg har ikke snakket så grundig før. For det første - det er godt å snakke med noen som gidder å høre på.»
Det er ei kvinne som har teke abort etter 18. svangerskapsveke som set ord på korleis det er å endeleg snakke om det som skjedde.
Ultralydundersøkinga synte at det var noko gale med fosteret, eller synte indikasjoner på at det var noko gale.
Ein del av dei som har mista eit barn i abort kallar seg «englemødre».
Kvinna er med i ein studie der 22 kvinner i same situasjon er intervjua for å få fram deira røynsler med avansert ultralydteknologi og korleis dei opplever prosessen fram mot å avbryte svangerskapet.
Kvinnene fortel at dei går inn i ein kriseprega situasjon etter ultralydundersøkinga. Dei er prega av ei uverkeleg kjensle og ambivalens. Dei skildrar tida fram til endeleg diagnose som utthaldeleg, der dei fryktar spørsmål og er redde for å måtte forklare situasjonen. Alle har ei sterk skuldkjensle fordi dei vurderer å avbryte svangerskapet.
«En utrolig tung uke. Helt grusomt. Jeg synes det var så dårlig gjort av meg å ta livet av den, og det synes jeg at jeg gjorde. Men jeg synes ikke på noen måte det var uetisk det jeg gjorde, for den hadde ikke livets rett, men da synes jeg at det jeg gjorde var helt grusomt», er eit typisk utsegn.
Dei opplevde møtet med abortnemnda vanskeleg, men møtet med forskaren som godt, fordi dei fekk setje ord på røynslene sine.
Studien er i regi av Eva Sommerseth frå Høgskolen i Vestfold og Johanne Sundby frå Universitetet i Oslo, og er gjengjeve i siste nummer av forskingsbladet til fagbladet Sykepleien.
Abortdebatten raste på syttitalet og langt inn på åttitalet med ein avgrunn mellom synspunkta for og mor sjølvbestemt abort. Tidleg på nittitalet stilna debatten. Abortprestar prøvde å halde liv i spørsmålet, men var møtt med folk som tok avstand til verkemidla deira. Det vart stillare og stillare. Så har ny teknologi teke med seg nye etiske problem om forsking på befrukta egg, designbabyer og tidspunkt for ultralyd. Politikarar og professorar har snakka høgast.
Dei siste åra har det kome nye røyster til i debatten. Det er kvinnene som har mista borna sine i abort. Foreløpig finn vi ikkje kvinnene på Holmgang og Redaksjon 21, men røystene deira ber på andre måter.
Først og fremst kjem historiane deira ut i det offentlege rom gjennom intervju dei gjev til forskarar.
For nokre få år sidan gjekk stipendiat Sølvi Marie Risøy på Rokkan-senteret ved Universitetet i Bergen ut mot myten som er skapt om kvinnene som tek sokalla selektiv abort etter at det vart oppdaga avvik ved fosteret. Ho spurde dei kvifor dei gjorde det, og kva dei tenkte etterpå.:
Kvinnene er ikkje kalde og kyniske på jakt etter det perfekte. Dei er heller ikke stakkarslege utan mann og med sjuke born frå før.
Derimot fortel dei om ein sterk indre kamp der dei kjenner sparka i magen samstundes som dei vurderer om dei er i stand til å ta seg av eit sterkt funksjonshemma barn.
Risøy fortalde at alle kvinnnene følte at dei hadde teke livet av barnet sitt. Kvinnene lurer ikkje seg sjølve, seier ho. Nesten alle kvinnene hadde stor trong for å delta i ei sorggruppe saman med andre som har opplevd det same.
I desse to forskingsrapportane er det kvinner som har teke seinabort som får ei røyst. Dei har kome så langt i svangerskapet at familie, kollegaer og vener veit om at dei ventar ein liten. Når dei då vel å avbryte svangerskapet, er det ei kollosal påkjenning.
Situasjonen er litt annleis for dei som vel å avbryte svangerskapet innan 12 veker. Likevel set det djupe spor. Psykiater Anne Nordal Broen har intervjua 80 kvinner. Minst 20 prosent av kvinnene hadde framleis problem etter fem år. Dei orka ikkje å snakke om inngrepet og prøvde å skyve det unna. Dei unngjekk det som kunne minne om aborten og prøvde å bli kvitt minnene. Men det klarte dei ikkje. I staden vert dei sitjande fast i eit psykisk traume med svekka evne til å gle seg over livet, sa Nordal Broen nyleg til Aftenposten.
Barrikadestormarane frå syttitalet har trekt seg tilbake. Ein lang periode har abort vore eit ikkje-tema. No er kvinner i ferd med å bryte tabuet for å fortelje om sorga over det umogelege valet. Kanskje starter det ein ny debatt.
Astrid Dalehaug Norheim, journalist astridnor@vl.no