Meninger

Litterær utruskap

Det blir nok ikkje mange overraskingar når dei 25 beste norske bøkene gjennom tidene skal kårast under Litteraturfestivalen på Lillehammer neste veke. Har juryen likevel lagt opp til eit lite sidesprang? undrast Alf Kjetil Walgermo.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Våren 2007 har vore tida for å setje opp lister. Ordet «kanon» skaut fart også i fjor, då våre naboar danskane konstituerte kulturarven med ei liste på 108 verk. Men den politiske diskusjonen om ein kulturkanon fisla ut i ingenting her heime. Berre Framstegspartiet sette fram eit forslag om «ein brei folkeleg forankra norsk kulturkanon», eit forslag som vart nedstemt i Stortinget.

På litteraturfeltet, derimot, har kanonløpet vore nærmast raudglødande det siste året. Dagblad-et, «alltid foran», var sjølvsagt raskt ute med å finne dei 25 beste norske bøkene frå dei siste 25 åra. Det er ingen grunn til å skjemmast over at Morgenbladet hadde fyrt av ei liknande kanonisering allereie to år tidlegare, under Litteraturfestivalen på Lillehammer, då dei kåra dei ti beste norske forfattarane under 35 år.

No har Litteraturfestivalen lada kanonen igjen, utan pressestøtte: Neste onsdag kjem det som tek sikte på å vere «Den norske litterære kanon» (mi utheving). La oss kalle det den førebels definitive. Gode grunnar for at smellet faktisk let seg høyre godt ut over Gudbrandsdalen, ja, over heile landet, er den sterke juryen. Her finn vi nemleg Liv Bliksrud, Trude Marstein, Ane Farsethås, Ragnar Hovland, Jan Kjærstad, Audun Lindholm, Marta Norheim, Eirik Vassenden, Henning Howlid Wærp og leiaren Janike Kampevold Larsen. Dess sterkare lesarar, dess sterkare kanon.

Eller var det dess fleire, dess betre?

Samtidig med Den norske litterære kanon figurerer det nemleg ein «folkekanon», ei liste på ti bøker som har fått flest stemmer i kåringa «Norges beste bok». Av desse ti skal det kårast ein vinnar, og slik lista ser ut i skrivande stund, er den aller beste norske boka gjennom tidene anten Knut Hamsuns Markens Grøde eller Gert Nygårdshaugs Mengele Zoo. Anne B. Ragdes Berlinerpoplene, frå 2004, er også med i kampen om tittelen som blant andre Dagbladet og NRK Nitimen står bak.

Ikkje noko stygt om Ragde, Nygårdshaug, Nitimen, eller alle dei som stemmer fram vår ypparste nasjonale litteratur via sms. Men litteraturvitar Eirik Vassenden seier noko viktig i intervju med involverte Dagbladet når han kallar ein kanon for eit «hukommelsesprosjekt»: «Det handler om å minne samtiden på hva tradisjonen består av. (...) Man må begynne i middelalderen, og ikke med Beatles, selv om den var viktig for meg da jeg var ung.»

To nye bøker om litteratur gjer denne jobben med å minne oss om dei gamle. Vassenden er sjølv ein av redaktørane for Lyrikkhåndboken, der han og Jørgen Sejersted presenterer og gir analysar av 101 dikt frå mellomalderen til i dag. Nyleg komen ut er også Jon Haarbergs, Tone Selboes og Hans Erik Aarsets bok om verdslitteraturen, Verdenslitteratur. Den vestlige tradisjonen. Dette er ei samanhengande framstilling av heile den vestlege litteraturtradisjonen si historie. «En viktig motivasjon for å gi en samlet presentasjon av Vestens litteratur er ønsket om å påpeke forbindelsen mellom fortid, nåtid og framtid,» skriv forfattarane om prosjektet.

Begge bøkene er kanoniserande, i den forstand at dei tek med somme forfattarar og let andre liggje. Det same er tilfelle for boka Norsk kanon, som er like om hjørnet: Erik Bjerck Hagen, Petter Aaslestad, Jørgen Sejersted og Tone Selboe skriv om «dei 16 viktigaste norske forfattarskapa frå 1900 til 1960».

Alle desse kanonprosjekta viser oss det same: Vidareføring av tradisjon må vere både ein føresetnad for og eit resultat av ein litterær kanon. Slik skal det også vere. Men i kva grad blir kanonløpet eit pliktløp?

Ordet «kanon» kjem frå det greske «målestong» eller «rettesnor». I tillegg til å stå for skjønnlitterære verk som vert rekna for å vere dei beste gjennom tidene, har ordet ei rekkje religiøse tydingar, der særleg ei av dei har relevans for oss i denne samanhengen: «liste over helgenar».

Å kome med i Den norske litterære kanon er jamgodt med helgenstatus. Men problemet når juryen legg fram lista si på Lille-hammer, er at dei berre har 25 gloriar å dele ut.

Spørsmålet blir difor, ettersom festivaltemaet dette året er «Utruskap»: Finst det noko rom for sidesprang i ein litterær kanon? Eller vil kanonen halde seg evig og tru til dei same gamle kanonane?

Alf Kjetil Walgermo er journalist i kulturavdelinga i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Meninger