Vårt Land: Verdssamfunnet må alltid straffe krigsbrotsverk
Krigsforbrytarar som slepp unna straff, held valdsspiralen gåande. Det vitnar dei drepne sivile mellom Sudans krigførande partar om – over tjue år etter folkemordet i Darfur.
MAKTKAMP: Maktkampen mellom regjeringshæren og den paramilitære gruppa RSF i Sudan, har sendt landet ut i kaos. Verdssamfunnet kunne stilt hardare krav om at krigsbrotsverk frå fortida burde blitt straffa, skriv Vårt Land på leiarplass.
Marwan Ali/AP
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Kampane mellom regjeringsstyrkane i Sudan og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF), har halde det gåande meir eller mindre sidan 15. april. Fleire hundre sivile er drepne, endå fleire skadde og over 800 000 er tvungne på flukt av kampane.
Kva handlar konflikten eigentleg om, har mange spurt seg. Historia er lang og komplisert. Då Darfur-konflikten starta i 2003 – ein region på storleik med Spania vest i Sudan – ar det hovudsakeleg ikkje-arabiske stammar som tok til våpen mot dei arabisk-leia regjeringa i Khartoum. Dei skulda regjeringa for diskriminering.