For mykje makt på få hender

Det er djupt problematisk at Arbeidarpartiet og Høgre vil flytte mykje makt frå Stortinget til regjeringskontora om korleis Norge skal handtere pandemiar og smittevern.

Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) under partilederdebatten på Stortinget i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB
ALLIERTE: Det er ikkje noko nytt at Høgre og Arbeidarpartiet finn saman i større saker. Denne veka var det likevel spektakulært då dei to partia, til sterke protestar frå resten av Stortinget, trumfa gjennom endringar i smittevernlova, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er ikkje noko nytt at Høgre og Arbeidarpartiet finn saman i større saker. Denne veka er det likevel spektakulært at dei to partia, til sterke protestar frå resten av Stortinget, ser ut til å trumfe gjennom endringar i smittevernlova. Sist gong heimlane knytt til smittevern var oppe i Stortinget, var Arbeidarpartiet langt meir kritisk til at Stortinget skulle gje frå seg makt. Forskrifta som no vert innført handlar om isolering, smittekarantene og andre avgrensingar i rørslefridomen.

Dei mellombelse heimlane frå koronalova blir no permanente. Dermed mister Stortinget høve til å ha slik parlamentarisk kontroll som ein hadde under pandemien. Det er her dei prinsipielle og viktige spørsmåla melder seg, og som gjer at denne saka handlar meir om demokratisyn og maktbalanse enn om pandemihandtering.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP