Barnetrygd er ikkje eit fattigdomstiltak
Kunnskapsminister Tonje Brenna har rett i at barnetrygd ikkje er til dei som treng hjelp. Vi må halde fast om barnetrygda som universell ordning for alle med barn under 18 år.
UNIVERSELL: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) åtvarar mot å bruke barnetrygda som eit fattigdomstiltak. Arbeidarpartiet bør lytte til henne, skriv Vårt Land på leiarplass.
Terje Pedersen/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
I den pågåande debatten om arbeidslinja i Arbeidarpartiet, har fleire partifolk tatt til orde for å auke barnetrygda. Bakgrunnen er dyrtid i norsk økonomi, der mange med dårleg råd no slit meir enn før. I eit forslag til landsmøtet frå fylkeslaget i Akershus Ap står det mellom anna at ein må «gjennomgå stønader og ytelser for å sikre at de er på et nivå man kan leve av».
Tanken om å bruke barnetrygda i kampen mot fattigdom i Norge har òg vore bakgrunnen for at fleire parti på høgresida dei siste åra har føreslått å behovsprøve ordninga. Fleire har frykta at behovsprøving kan gjere det meir stigmatiserande å få barnetrygd.
Bestill abonnement her
KJØP