Yahya Hassan identifiserer seg med språket

Ser ikkje på seg sjølv som eit offer.

Den danske poeten Yahya Hassan las frå diktsamlinga si og deltok deretter i eit panel under ei markering av Morsmålsdagen på Litteraturhuset i Oslo fredag ettermiddag.
Publisert Sist oppdatert

Politiet stod oppstilt utanfor Litteraturhuset i Oslo då den danske poeten Yahya Hassan deltok i eit arrangement på Morsmålsdagen fredag ettermiddag. Hassan las frå diktsamlinga si, Digte, som har fått enorm merksemd både i heimlandet Danmark og i resten av Skandinavia etter at ho kom ut i fjor. I etterkant var Hassan med i ein panelsamtale leia av Ali Esbati, der også den samiske joikaren Inga Juuso og den argentinske skodespelaren og forfattaren Veronica Salinas også var med. Temaet for samtalen var språk og identitet.

– Eg identifiserer meg ikkje med Danmark som heimlandet mitt, men som diktar identifiserer eg med det danske språket. Eg kunne ikkje ha skrive dikta mine på arabisk, for det arabiske ordforrådet mitt er ikkje litterært nok, sa Hassan.

«Statslaus». Forfattaren presenterer seg sjølv som ein statslaus palestinar med dansk pass. Han kom til Danmark som flyktning på 1980-talet. I debutsamlinga som allereie er blitt den mest selde diktsamlinga i Danmarks historie – med over 100.000 selde eksemplar til no – kritiserer han både islam og sin eigen foreldregenerasjon.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP