– Dei som ukritisk hyllar dei, må skamme seg
ORDSKIFTE: NRK-programleiar Fredrik Solvang meiner det er både flaut og farleg dersom norske politikarar og mediehus ukritisk jublar over YouTube-fenomen som Gutta.
KRITISERER GUTTA: Fredrik Solvang meiner det er naudsynt å forstå kor stor forskjellen mellom dei redaksjonelle debattprogramma og Gutta faktisk er.
Thomas Traasdahl / Ritzau Scanpix/NTB
– Gutta Sprut AS er kommersielle, og føremålet er å tene pengar. Dei publiserer på ein amerikansk plattform. Òg Barisbrevik er også ein politisk aktør. Det er noko av det viktigaste eg kan understreke, å vere bevisst. Dei fyller ei heilt anna rolle enn det ein allmennkringkastar gjer. Det er sjølvsagt fritt fram, men vi må vere bevisste på kva dei står for, seier Fredrik Solvang.
Med Barisbrevik meiner Solvang Sebastian Brevik, ein av gutane i Gutta.
Selskapet Gutta Sprut AS står bak Youtube-kanalen Gutta, som har Oskar Westerlin, Henrik Viken, og Snorre Klanderud i front saman med Brevik.
Bestill abonnement her
KJØP